Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

85.000 til vintermarknadsføring


Samarbeid: Mange har funne vegen til Vrådal og bygd hytte i bygda, men turiststaden treng å marknadsføre seg for å lokke endå fleire gjester. Nå går verksemdene i Vrådal saman om felles marknadsføring.

Samarbeidet rår for å lokke turistane til Vrådal. Tysdag løyvde politikarane 85.000 kroner til vintermarknadsføring.




Eit samrøystes formannskap i Kviteseid sa tysdag ja til å stø reiselivsverksemdene i Vrådal med 85.000 kroner frå næringsfondet til felles vintermarknadsføring for 2011.
I august mottok kommunen ein søknad frå Vrådal skisenter, Vrådal hyttegrend, Straand bensinstasjon Esso, Joker, Sølvsmedtunet, Svein Straumsnes, Vrådal booking, Vrådal hotell & hyttepark og Quality Straand hotel & resort der dei søkjer om 118.000 kroner i tilskot til finansiering av vintermarknadsføring av Vrådal.
Før kvar vinter inviterer mellom anna Innovasjon Noreg og Telemarkreiser til deltaking i ei generell marknadsføring, dette har verksemdene som nå søkte om stønad takka ja til å vere med på i Noreg, Danmark og Tyskland. Dette kostar 130.000 kroner. I tillegg kjem det diverse kostnadar for å vere med andre turoperatørars katalogar, vere med på messer, trykke ei ny vinterbrosjyre og oppgradere internettpresentasjonen om Vrådal. Søknaden syner samla prosjektkostnadar på 513.000 kroner blir det skrive i søknaden.

Må vere synlege
Sakshandsamar Anne Aasmundtveit meiner turistnæringa i kommunen er svært viktig.
– Reiselivsnæringa i Vrådal må heile tida vere synlege og gjere seg attraktive for ein marknad i sterk konkurranse med andre destinasjonar. Det er derfor veldig bra at verksemdene går saman om ein omfattande kampanje som inneber deltaking i ulike marknadsføringsaktivitetar i regi av større organisasjonar, skriv Aasmundtveit i saksutgreiinga og rådde politikarane til å gå inn for eit tilskot på 85.000 kroner.
Jon Ingebretsen (V) meinte det var svært positivt at det var eit spleiselag av fleire, og dette rosa også varaordførar Olav Mosdøl (KrF).
– Det er alltid eit spørsmål om kor mykje ein skal stø opp om, men det er noko nytt at fleire har samla seg om eitt felles tiltak, uttala Mosdøl.
Formannskapet har tidlegare støtta reiselivsverksemdene i Vrådal med 80.000 kroner til vintermarknadsføring for 2010. Dette tilskotet vart vedteke av formannskapet 27. januar 2010.


Artikkelen er publisert 04/09-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen