|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Omdømefokus i debatt om skulen
 Tilstandsrapport: Kommunalsjef Ronde Schade (t.v.) informerte formannskapet om tilstanden i seljordskulen. Stig Høgetveit (f.h.), Aud Jonskås, Solveig S. Abrahamsen, rådmann Per Dehli, Jon Svartdal og Jan T. Sollid Tveit.
|
Formannskapet i Seljord stilte spørsmål om fritakspraksisen ved dei nasjonale prøvene i kommunen. Politikarane meinte ulik praksis kunne skade omdømet til bygda.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Kommunalsjef Ronde Schade i Seljord presenterte tilstandsrapporten for grunnskulen i Seljord for formannskapet på sist møte. Resultata frå dei nasjonale prøvene er litt svakare enn i sentrale strøk, men statistikken over grunnskulepoeng viser at elevar som går ut av skulen i Seljord er heilt på høgde med andre samanliknbare kommunar og landet elles.
I Seljord gjennomførte alle elevane på 5. og 8. trinnet dei nasjonale prøvene, altså ein fritaksprosent på null.
– Praktiseringa av fritak kan vere ulik frå kommune til kommune. Det er viktig med is i magen og å sjå bak tala, understreka Schade.
Så gode som mogleg utan fusk
Til dømes kvalifiserer nokon framandspråklege elevar til fritak i språkfag. Kommunalsjefen meinte det likevel er fagleg interessant å sjå kva meistringsnivå elevane er på og derfor la dei gå gjennom dei nasjonale prøvene. Schade understreka for politikarane at ingen elevar blir pressa til å gjennomføre dei nasjonale prøvene, og at alle som har tatt prøvene har vore klare for det. Han trekte fram døme på at resultata til to elevar kunne vere skilnaden på å vere under eller over snittet.
– Det er greitt at me veit dette, men det hjelper ikkje på oppslaget i VG, sa Stig Høgetveit (V).
– Grafane må vere så gode som mogleg, utan at me fuskar, meinte Høgetveit.
– Då er det ikkje prøver for oss, men for andre, repliserte Schade.
Går utover omdømet
Fleire av formannskapsmedlemene gav uttrykk for at statistikk som ikkje var samanliknbar gjekk utover omdømet til Seljord.
– At alle skal med er her ei feil haldning. Ein kan få dårleg omdøme på grunn av at enkeltelevar som kvalifiserer for fritak, gjennomfører prøvene, uttala Solveig Sundbø Abrahamsen (H).
Politikarane understreka at dei ikkje var ute etter siling av elevar, men om å konkurrere på lik line med andre skular.
Kommunalsjef Schade poengterte fleire gonger at resultat for seljordskulen ikkje er dårlege. Tvert om minna han om statistikken over grunnskulepoeng som viser at elevar som går ut av skulen i Seljord er heilt på høgde med andre.
Brukar meir per elev
Politikarane understreka at det viktigaste med dei nasjonale prøvene er korleis skulane sjølve brukar resultata. Også Ronde Schade minna om at det er viktig å sjå på eigne resultat framfor å heile tida samanlikne seg med alle andre.
Tilstandsrapporten for seljordskulen viser at grunnskulen i kommunen har faglege resultat som er litt svakare enn i sentrale område, noko det har vore i fleire år. Kommunen brukar meir pengar på kvar elev, utan at dette gjev utteljing i betre resultat på dei nasjonale prøvene enn andre kommunar som brukar mindre pengar på skulen.
– Dette må skulen i Seljord reflektere over og arbeide vidare med, heiter det i samandraget av rapporten.
Elevane uttrykkjer høg grad av trivsel og er godt nøgde med oppfølginga av lærarane på skulen.
– For Seljord kommune må det i framtida vere eit mål at dei teoretiske, faglege resultata i basisfaga skal vere over nivået til kommunar me kan samanlikne oss med, med bakgrunn i sosialøkonomiske faktorar. Kort oppsummert har me ein skule me kan vere stolte av i Seljord, med mange flotte elevar, foreldre og lærarar som arbeider godt saman. Me har tydelege faglege utfordringar i tida som kjem, det er difor viktig at det politiske miljøet held fram som tidlegare med å satse på skulen og barna våre, heiter det i rapporten.
Skuleeigaren skal kvart år utarbeide ein rapport om tilstanden i opplæringa. Rapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, og inneheld læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Kommunestyret får tilstandsrapporten på møtet i midten av september.
Artikkelen er publisert 04/09-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|