|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Sterke kulturkommunar
 Kultursterke: Fyresdal er ein av tri kommunar i Vest-Telemark som er blant dei beste i landet på kultur og nærmiljø. Her frå olsokspelet i Øyskogen tidlegare i år. (Foto: Øystein Øygarden)
|
Tri kommunar frå Vest-Telemark er blant dei femten beste i landet når det kjem til å bruke midlar på kultur og nærmiljø.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
I førre veke trykte avisa Kommunal Rapport eit kommunebarometer som inneheldt sentrale nykkeltal innan kultur og nærmiljø. Femten kommunar er på lista, og Tokke, Vinje og Fyresdal er alle representerte.
Det er sju punkt på lista der kommunane får poeng for kvart punkt. Tokke kommune får toppskår i fem av sju punkt, Fyresdal fekk også full pott på fem punkt, medan Vinje skårar fullt på tre punkt. Toppkarakter er seks.
Gode på tilskot
Det fyrste punktet er kultur som del av budsjett. På det feltet skårar alle tri kommunane full pott. Det neste punktet omfattar kommunale gang- og sykkelvegar, og her får Vinje fullt hus, medan Tokke og Fyresdal får dårlegast karakter, nemleg 1.
Tilskot til lag og foreiningar syter både Tokke og Vinje for, og får full pott. Fyresdal får ein femmar.
Del av budsjett som vert nytta til rekreasjon i tettstad gjev Fyresdal og Tokke toppkarakter. Vinje får ein trear.
Det musikalske feltet har også blitt vurdert, og det er elevtalet i musikk- og kulturskule som er målt. Nok ei gong skårar Fyresdal fullt hus. Tokke og Vinje får fem poeng.
Lesehestar finst det også bra med i Vest-Telemark, og utlåna i biblioteka er størst i Fyresdal og Tokke. Vinje får fem poeng.
Tilskot til barn og unge er også målt. Vinje blir tildelt fire poeng. Fyresdal og Tokke blir sett på som rausare, og får full pott.
Forbetringspotensiale
Barometeret fortel altså at kultursatsinga er upåklageleg, men at kommunane har litt å hente på å gjere nærmiljøet betre.
– Me føler at barometeret gjev eit rett bilete av stoda slike ho er i dag. I alle fall innan kultur, seier Borghild Stahl ved kultur- og oppvekstetaten i Tokke.
Tokke kommune er i desse dagar i gang med gang- og sykkelveg, og derfor vil truleg karakteren bli ein annan ved neste måling.
– For Vinje sin del stemmer det også ganske bra med målingane, men det er likevel ikkje alt som blir fanga opp i eit slikt barometer. Me skårar fullt på kommunale gang- og sykkelvegar fordi me har bruka mykje pengar på ein stubb, men me har framleis eit godt stykke å gå før det er utbygd. Så akkurat det punktet vil nok variere veldig frå år til år. Tilskot til lag og foreiningar håper eg me skal klare å halde på eit bra nivå. Når det gjeld rekreasjon i tettstad har me nok satsa på grøntanlegg i samband med sentrumsutviking, men ikkje direkte som leikeplassar som det nok er tenkt i målinga. Men me satsar på turløyper og liknande via idrettslag, og det blir nok ikkje fanga av målingane. Elles er eg kanskje mest overraska over firaren me fekk for tilskot til barn og unge. Satsinga vår har nok gått mest på den kulturelle skulesekken. Me har også ambulerande ungdomsklubb i kommunen. Så det er heile tida spørsmål om kva som blir fanga opp av målingane. Men me er stort sett nøgd, seier kultursjef i Vinje Signe Marie Kittelsaa.
Artikkelen er publisert 04/09-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|