|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
 Eigar: Vest-Telemark Museum overtok i går Norsk Skieventyr i Morgedal for 1,8 millionar kroner frå Sparebanken Sør. Frå venstre: Banksjefane Kjell Aage Verpe og Olaf Eivindstad. Museet var representert ved avdelingsleiar Tarjei Gjelstad og direktør Dag Rorgemoen.
|
Sparebanken Sør sel Norsk Skieventyr i Morgedal til Vest-Telemark Museum (VTM) for 1,8 millionar kroner. Både banken og museet er glade for at ein har kome fram til ei løysing.
Bjart Schieldrop redaksjon@vtb.no
Salet vart offentleggjort i Morgedal i går. Banksjef i Sparebank Sør region Øvre Telemark, Kjell Aage Verpe, fortel at skrantande økonomi ved Norsk Skieventyr gjorde at banken i 1998 måtte ta eit tap på 3 millionar kroner.
– Me kjøpte eigedomen og leigde det attende til Skieventyret for ein subsidiert årsleige på 125.000 kroner. I dag betalar VTM, som overtok Skieventyret i samband med museumskonsolideringa i 2003, 160.000 kroner i leige per år til Sparebanken Sør. Banken har gjennom dette engasjementet vist ansvar for at Skieventyret skulle overleve, opplyser Verpe.
Dialog
Banksjef Olaf Eivindstad frå konsernleiinga i Sparebanken Sør hadde teke turen frå Arendal til Morgedal i samband med museumssalet. Han seier at dei har vore i dialog med VTM sidan november i fjor med tanke på at dei ville ut av rolla som museumseigar.
– Intensjonen vår har vore å sikre at VTM skal vere i stand til å overta Skieventyret og at bygget også i framtida vert nytta etter opphavleg intensjon. No føler eg at me er kome i mål på ein god måte. Bankens styre har godtatt avtala, og me har strekt oss lenger enn kva som er vanleg i den ordinære bankverksemda, seier Eivindstad.
Under verdisettinga
– Er salsprisen på 1,8 millionar kroner under taksten?
– Ja, den summen ligg noko lågare enn takst og verdisetjing. Men Skieventyret er bygt til museumsdrift, og har ei utforming som gjer alternativ bruk vanskeleg. Difor er banken godt nøgd med salsavtala med VTM, fortel banksjef Eivindstad.
I salskontrakten er det også ein passus om at Sparebanken Sør skal få profilere seg på Skieventyret. I kva form det skal skje, er framleis ikkje avklart.
Museumsdirektør Dag Rorgemoen er glad for at museet no vert herre i eige hus, sjølv om banken har vore ein konstruktiv eigar av Skieventyret. Formidling av skihistoria er eitt av dei to hovudsatsingsområda til VTM.
Garantistar
Utbygginga ved museets hovudbøle i Eidsborg gjer at VTM ikkje har hatt økonomiske midlar til rådvelde for å kjøpe Skieventyret no. Dei 1,8 millionane er lånefinansierte, men utgiftene vert ikkje dyrare enn dagens leigepris.
– Kulturdepartementet sa ja til at me fekk ta opp lån, og fylkeskommunen og Kviteseid kommune har stilt nødvendige garantiar. Det er me glade for. Dette er ei stor dag for både VTM og heile regionen, meiner Dag Rorgemoen.
Avdelingsleiar Tarjei Gjelstad fortel at Skieventyret er i ferd med å fornye og oppgradere utstillingane. I samband med sydpol-jubileet neste år vert det arbeidd med ei ny utstilling med særleg fokus på sydpolfararen Olav Bjaaland frå Morgedal.
– I samband med desse utstillingsplanane kan det vere aktuelt å sjå nærare på korleis sledane dei nytte på polekspedisjonane vart bygde. Det er ei sentral oppgåve for Skievnetyret å ta vare på den gamle kunnskapen knytt til skihistoria, seier Gjelstad.
Svak økonomi
Norsk Skieventyr vart opna i november 1993. Det var dagen før fakkelstafetten starta på Øverbø og enda på Lillehammer 50 dagar seinare. Museumsanlegget i Morgedal vart finansiert ved hjelp av offentlege midlar, verksemder og privatpersonar. 22 millionar kroner kosta det å skape eit opplevingssenter for formidling av Morgedal og skihistoria i Telemark.
Økonomien vart ei stor utfordring. Sanering av gjeld, utviding av aksjekapital og refinansiering prega dei fyrste driftsåra før Sparebanken Sør overtok i 1998.
Skieventyret er etter VTM-overtakinga i 2003 utvikla til eit museum som viser skihistorie ved hjelp av lyd, bilde og utstillingar. Og frå 2008 har det vore eit heilårsope anlegg.
Artikkelen er publisert 02/09-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|