|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Presenterte framtidas sentrumsplan
 Informerte: Per Dehli (t.h.) Harriet Slaaen, Solveig S. Abrahamsen og Alexander Stettin informerte om korleis dei ser for seg framtidas sentrum. No kan snart seljordingane seie sitt om ny kommunedelplan.
|
Meir enn 200 nye bustadtomter, bevaring av Brøløs, og kollektivterminal og fritidsleilegheiter ved E 134 er noko av innhaldet i utkastet til ny sentrumsplan i Seljord.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
I underkant av hundre personar møtte fram på Granvin tysdag då Seljord kommune inviterte til folkemøte i samband med rulleringa av kommunedelplanen for Seljord sentrum. Alexander Stettin frå plankontoret Hallvard Homme AS presenterte planane for korleis framtidas sentrum kan bli sjåande ut.
Stettin understreka gong på gong at kommunedelplanen berre viser moglegheitene til å utvikle til dei ulike områda, og at det ikkje nødvendigvis blir slik.
Den noverande kommunedelplanen frå 1991 har gått ut på dato. Føresetnadene er endra. Mellom anna treng næringsverksemder større areal, det er ynskje om fleire varierte buformer, Dyrskuplassen har vakse, innfartsmønsteret til Seljord sentrum har endra seg og den komande tunnelen mellom Århus og Gvammen skaper også behov for ein ny plan.
– Hovudfokuset er å utvikle tettstaden Seljord, sa Alexander Stettin på folkemøtet.
Fritidsleilegheiter
På nordsida (Shell-sida) av E 134 er det føreslege at det skal vere mogleg å etablere ein kollektivterminal. Krysset inn til sentrum har førebels fått namnet Sjøormkrysset. Det er eit ynskje at dette krysset blir meir rasjonelt. På sørsida av europavegen ser kommunen for seg fritidsleilegheiter. I planen er området utvida i høve til noverande kommunedelplan, og det er mellom anna lagt opp til ein småbåtmarina.
– Me håpar investorar vil utvikle teigen, då vil dei kunne selje ein del av han som fritidsleilegheiter, sa Alexander Stettin.
Brøløs og Vekan skal også vere berebjelkane i nye Seljord sentrum. Kommunedelplanen legg til rette for meir næring ved Ingrid Slettens veg der det i dag er bustadhus.
– Det er ikkje slik at folk må flytte i morgo, men me ynskjer å opne for at det i framtida kan vere mogleg å etablere næring i dette området. Då må investorar forhandle med grunneigarar. Deretter må dei eventuelt søkje kommunen om å disponere tomta til næring, fortalde Dehli.
Utnyttar tunnelstein
Når tunnelen mellom Århus og Gvammen står klar sit kommunen att med om lag 500.000 kubikkmeter stein. Noko av tunnelsteinen går med til å sikre at område i sentrum ikkje er så utsette for flaum og til å utvide strandlina.
– Tunnelstein vil vere med å tilføre sentrum nye verdiar, sa Alexander Stettin.
Det er eit ynskje å knytte tettare kontakt mellom sentrum og Seljordsvatnet. Planen legg mellom anna til rette for å etablere leilegheiter på Ringmyri. Her er det mogleg med 40 bueiningar.
Totalt er det skissert meir enn 200 potensielle nye bustadtomter.
Etter at kommunestyret har hatt planen til handsaming på møte 16. september går han ut til høyring i seks veker dersom politikarane vel å gå vidare med han.
– Då er det viktig at de kjem med skriftlege innspel, minna rådmann Per Dehli, ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen og prosjektleiar Harriet Slaaen dei frammøtte på folkemøtet om.
Artikkelen er publisert 02/09-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|