|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Heskjeleg moro med hesjing
 Fakta om hesjing: I samband med innspeling av ein ny runde med «Farmen» var eit fjernsynsteam i Skafså og filma hesjing.
|
6. klassingar frå Tokke skule var i Skafså og hesja tysdag. Der fekk dei besøk av Gaute Grøtta Grav, programleiar for realityserien «Farmen» på TV2.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
2011-utgåva av fjernsynsprogrammet «Farmen» blir spelt inn på Storøy i Bamble kommune. Storøy har vore busett sidan 1600-talet, og øya ligg heilt inntil grensa mot Drangedal. Det ligg berre ein gard på øya, og her skal altså deltakarane prøve å halde ut lengst mogleg.
Ein telemarking
Det er 13 deltakarar med i serien som blir spela inn i desse dagar. Deltakarane er frå fleire stader i landet, men ein telemarking er med, nemleg 21 år gamle Morten Emil Bergan frå Gvarv.
– Innspelinga varer i 10 veker, og skal etter planen vere ferdig 21. oktober, seier programleiar Gaute Grøtta Grav, som sjølv vann «Farmen» i 2001.
Sidan 2004 har 31-åringen frå Rauma kommune i Møre og Romsdal kommune vore programleiar for det populære fjernsynsprogrammet. Dei 13 deltakarane blir fråtekne alt av moderne hjelpemiddel, og tida blir skruva 100 år tilbake. Det er også meininga at deltakarane skal skaffe seg det dei treng for å overleve ved eigen produksjon.
Skal hesje
– Så langt har det vore tri flotte veker på Storøy, og i år har me valt deltakarar som ser ut til å ha eit sterkt ynskje om å klare oppdraga dei får, smiler Grøtta Grav.
Haustens programserie blir vist etter jol.
Eitt av oppdraga deltakarane får denne hausten er å setje opp ei hesje. I samband med dette ynskte produksjonsselskapet Strix å finne nokon som kunne fortelje og vise fakta om temaet.
– I kvar onsdagssending har me med fakta og informasjon om oppgåva som deltakarane skal gjennomføre. Ofte er det tradisjonelle oppdrag som var vanleg i eldre tider, men som har teknikkar som for mange er ukjente. Sidan me skal 100 år tilbake var hesjing måten høy blei tørka på, seier den sympatiske programleiaren.
Valet fall på Gunstein
– Me søkte etter ein person som hadde god peiling på hesjing og etter litt research kom me fram til at Gunstein Seltveit i Skafså var mannen me ville ha med oss til å vise kva hesjing går ut på, legg Nadiya Mikkonen i produksjonsselskapet Strix til.
Tokke skule og Skafså Minnelund har ei partnarskapsavtale om at skuleelevar skal slå graset i tunet ved sidan av tidlegare Kyrkjebø skule. Tunet som husar Visliestova og bystene av Vetle Vislie, Talleiv Huvestad og Peter Mandt. Alle kjende menn fødd i Skafså.
– Sjetteklassingane har fått oppdraget, og det ser ut til at elevane gler seg ekstra mykje til å treffe Gaute. Det er tydeleg at dei har sett på «Farmen», seier lærar Geir Berdalen.
– Derfor passa det veldig godt at me på eit vis slo to fluger i ein smekk. Jobben blir gjort, og eg er viss på at ungane er ekstra ivrige i dag, smiler Gunstein Seltveit.
God kvalitet på høyet
– Kvifor driv du framleis med hesjing?
– Det er litt for å føre ein tradisjon vidare, men mest er det fordi eg meiner det er den beste måten å tørke høyet på. Særleg når me har ustabile somrar med regn og sol om einannan. Det blir god kvalitet på høyet, slår Gunstein fast.
– Hesjing har eg faktisk vore med på sidan eg var liten, og eg har veldig gode minne frå det arbeidet, seier Gaute.
Etter å ha intervjua Gunstein om hesjing, var tida inne for å filme dei unge i aksjon.
– Snakk om flinke ungar, seier Janne Amble i Strix.
Etter vel to timars opptak var tida inne for å servere programleiaren brausoll.
– Det er godt, og eg har smaka det før, smiler han.
Til slutt fekk dei unge beundrarane autografen til den kjende karen, og truleg gler dei seg alt no til å kanskje sjå seg sjølve i fjernsynsruta tidleg neste år.
Artikkelen er publisert 02/09-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|