|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ynskjer meir tekstilfokus
 Saman om nettverk: På samlinga på Rauland var Randi G. Myrum frå Setesdalsmuseet, Jorunn Vrålstad frå Helgeland museum avdeling Leirfjord, Ann Kristin Eidissen formidlingsleiar ved Helgeland museum, Lise Emilie Talleraas frå Vestfold musea avdeling Nord-Jarlsberg musea, Natasha Bjørnset Reksen frå Ransfjordmuseene AS ved dokumentasjonssenteret, Agnete Sivertsen frå Hardanger og Voss museum, Marit Jacobsen frå Noregs husflidslag, Mari Rorgemoen frå Høgskulen i Telemark, Ann Helen Lundekvam og Helga Reidun B. Nesset frå Norsk folkedraktforum og Anne Kristin Moe og Camilla Rudrud frå Bunad og folkedraktrådet. (Namna er ikkje i rekkjefølgje)
|
Det er for lite fokusering på å bevare tekstilskattane i Noreg, var konklusjonen etter at det nasjonale tekstilnettverket møttest på Rauland førre veke.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
På den tredje samlinga til Nasjonalt nettverk for drakt og tekstil, som vart starta i 2008, møttest representantar frå heile landet på høgskulen i Telemark, avdeling Rauland, førre veke.
Temaet for samlinga med program over to dagar, som denne gongen hadde «den immaterielle kulturarven» som emne, sette deltakarane fokus på korleis ein kan vidareføre den tekstile kunnskapen i musea.
Skape møteplass
Bunad- og folkedraktrådet inngjekk i 2008 ei avtale med ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) om å vere ansvarleg for eit nettverk for norske museum under temaet drakt og tekstil.
– Formålet var å styrke drakt og tekstilfeltet, gjennom å skape møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking, utvikle samarbeid og arbeidsdeling, sikre fagleg samanheng og god ressursutnytting, fortel Anne Kristin Moe frå Bunad og folkedraktrådet.
Ho fortel at målgruppa til
nettverket fyrst og fremst er museumsnettverk, men at dei òg er opne for organisasjonar og utdanningsinstitusjonar innanfor tekstilfeltet, til dømes som Folkekunststudiet som har fordjuping innanfor tekstil på Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland.
Rammer for nettverket
– Det er institusjonane som er medlemmer og som sender sine representantar til nettverksmøta. Kven institusjonen sender kan variere frå møte til møte. Det kan vere ein eller to deltakarar frå kvar institusjon, fortel Moe.
Ho fortel også at nettverket kan velje å halde enkelte opne samlingar eller konferansar, der alle interesserte kan kome, for å kunne spreie kunnskap til eit breiare publikum.
– Det var i 2008 oppstartsmøtet blei halde i Fagernes, og i 2009 var det nettverkssamling på Folkemuseet i Oslo med broderi som tema. Neste år har me planar om å få til eit kurs om bevaring, seier Moe.
Delte erfaringar
Dei frammøtte fekk mellom anna føredrag om arbeidet med implementere Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv i Noreg av Odd Are Berkaak, føredrag om handveving av vadmål og dei fekk høyre om oppgåvene som Folkekulturforbundet og Noregs Husflidslag jobbar med.
– Me lærer frå oss, deler erfaringar om kva som skjer der me held til og hentar innspel om korleis ein kan jobbe vidare med å sikre framgangsmåtar og vidareformidle kunnskapen om tekstilar, seier Moe.
– Studentane ved Folkekunststudiet her i Rauland jobbar med både praktiske og teoretiske oppgåver, og det kunne kanskje vere ein idé og lage eit samarbeid mellom musea og studiestaden slik at studentane kunne jobbe med å registrere og lære ulike teknikkar innanfor tekstil for å vidareføre kunnskapen, sa Mari Rorgemoen frå Høgskulen i Telemark.
Litt, men ikkje nok
Alle dei frammøtte kunne fortelje om korleis deira institusjonar jobba innanfor tekstil, men at det jamt over var lite fokus på tekstil innanfor musea.
– I Hardanger brukar me mykje ressursar på kurs og for å byggje opp kunnskap, men innan tekstilfaget burde ein bruke mykje meir, uttala Agnete Sivertsen, medan mange av dei andre nikka og meinte at musea har ei stor oppgåve med å finne kanalar for å vidareformidle kunnskap som eldre menneske sit med om til dømes teknikkar som er bruka.
– Folkemusikarar skal ha betaling for å spele ein slått på eit arrangement, men me kan ikkje på same viset krevje betaling for å setje opp ei utstilling. Så tekstil har ikkje det same omdøme, det er forskjellar, uttala Rorgemen.
Mange av representantane refererte til at dei hadde gode erfaringar frå samarbeid med skular om å vidareformidle kunnskap.
Bekymringa rundt bordet gjekk på at kunnskapen døyr ut og at dei unge ikkje tar arven med vidare og at ein sjeldan ser at musea har eigne tilsette tekstilutøvarar.
– Me må vise at me er mange og synleggjere det me held på med. Tekstilen er gløymd og lite prioritert, difor må me jobbe for å snu dette, oppmoda Moe.
Ingen frå Telemark
På samlinga i Rauland førre veke var det representantar frå mellom anna museum i Vestfold, Østfold, Setesdal og Hardanger, men ingen representantar frå vertsfylket for samlinga.
Kvifor har ikkje musea i Vest-Telemark og elles i fylket representantar med i dette nettverket?
– Dei er invitert, men ingen møter. Men dersom det er institusjonar eller foreining som ønskjer å bli medlem i nettverket, ta kontakt med oss i Bunad- og folkedraktrådet, oppmodar Anne Kristin Moe.
Ved Vest-Telemark museum får VTB opplyst at det er samlingsansvarleg Una Høydal som jobbar mest med tekstil, men ho er sjukemeldt og det er grunnen til at Vest-Telemark museum ikkje var representert på samlinga.
Artikkelen er publisert 31/08-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|