Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Visuell poesi av Landstad-tekstar


Vandring: Biletkunstaren Borgny Svalastog har på initiativ frå biskop Olav Skjevesland laga 25 grafiske arbeid med utgangspunkt i tekstane til Magnus Brostrup Landstad. Landstadsenteret sender utstillinga ut på vandring i Noreg. Bileta i bakgrunnen har Førnesbrunen som utgangspunkt.

Nasjonalt Landstadsenter i Seljord set fornya fokus på folkevisesamlaren og salmediktaren Magnus Brostrup Landstad. Det vert vandreutstilling rundt om i Noreg, og det vert også arbeidd med å få til fjernsynsprogram.




Biskop Olav Skjevesland, som er styreleiar i Nasjonalt Landstadsenter, engasjerte på forsommaren bilet- og tekstilkunstnaren Borgny Svalastog, til å skape bilete med inspirasjon frå tekstane til Landstad. Ho tok oppgåva på strak arm og laga 25 monotypiar (ein type grafikk). Det har vorte til utstillinga «Himmerikets blomster gror».
Utstillinga opna i Bø gamle prestegard sundag, og skal på vandring til dei stadane Landstad var prest. Neste år vert utstillinga vist i Seljord i samband med Landstad-dagane 2011.
– Denne utstillinga står seg godt. Det er Landstadsenterets store oppgåve å ta vare på og vidareutvikle det store arbeidet Landstad utførte. Folkeviser og salmar var hans store oppgåve i livet. No er me også så heldige å ha biletkunsten med på laget. Bileta til Borgny Svalastog speler på Landstad-tekstane og skapar visuell poesi kring tekstane, sa biskop Olav Skjevesland då han opna utstillinga.
Borgny Svalastog seier til VTB at arbeidet med utstillinga har vore gjevande. Ho synest Landstad er så mangfaldig i tekstane sine.

Levandegjere tekstane
– Eg har forsøkt å gjere tekstane hans levande for oss i dag gjennom dei 25 bileta. Dei ulike motiva – doggen, hjartebladet, fikentreet og bortetter – opnar portar inn til Landstads diktarhjarte. Eg håpar òg at bileta kan inspirere til eit fornya møte med salmanes poesi, seier Borgny Svalastog.
Biskop Skjevesland poengterer at når Landstadsenteret no også spelar på biletkunsten, er det ein ny måte å aktualisere den kultur- og kyrkjearven som er knytt til Landstad.

TV-program
Historikaren Snorre Øverbø i Bø vart sist veke tilsett ved Landstadsenteret i Seljord. Der vil han jobbe saman med Rune Lia for å ta vare på og vidareutvikle Landstad-arven. Øverbø seier ambisjonane er store, og nemner fleire prosjekt det vert arbeidd med for å spreie kunnskapen om Landstad og livsverket hans.
– Me håper det blir mogleg å få produsert to tv-program og at NRK vil sende dei. Førebels er alt på eit høgst førebuande stadium, men forfattaren Karsten Alnæs lagar no ei såkalla pilot på fire-fem minutt. Laurdag vart det gjort opptak i Seljord. Dette vil me presentere for NRK i slutten av september.
– Kva skal dei to programma innehalde?
– I det eine ser me for oss å fokusere på folkevisesamlaren, medan det andre vert vigd salmediktaren og den store salmeskatten etter han, fortel Øverbø.

Skriveglad
Landstadsenteret har lenge hatt ein draum om å gje ut Landstads samla verk. Etter å ha saumfare ulike arkiv, trur Øverbø det kan verte ei for stor oppgåve. I arkiva er det funne 25.000 manussider etter Landstad.
– Han må ha skrive minst ti sider per dag. Arkivmaterialet avdekkar eit mykje breiare interessefelt hjå Landstad enn dei fleste har vore klar over. Arkeologi, kulturhistorie og politikk var tema som også opptok diktarpresten. Me arrangerer eit fagseminar i neste månad for å avklare det vidare arbeidet med det store skriftlege materialet. Det er nærliggande å tenkje seg Landstads utvalde, meiner Øverbø.
Rune Lia seier dei er i god dialog med Opplysningsvesenet om at Landstadsenteret får overta prestegarden i Seljord. Bygningen er ledig når soknepresten vert pensjonist.

Landstad-dagar
I helga vart Landstad-dagane 2010 arrangert i Seljord med konsert og seminar. Landstadførelesinga var ved professor Arne Bugge Amundsen. «Det folkelege i det kyrkjelege» hadde han sett som tittel på føredraget. Sigurd Telnes hadde kåseri han kalla «Hølje Gonge – folkeminneinformanten i kubbestolen.»
Sundag føremiddag var det messe ved biskop Skjevesland i Seljord kyrkje – gudshuset som ein gong var Landstad si eiga kyrkja.


Artikkelen er publisert 31/08-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen