Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ


Framtidsoptimist: Tilman Hartenstein ved Stiftinga Foldsæ utdanningssenter i Hauggrend i Fyresdal er optimist og trur dei vil få selt den gamle landbruksskulen og leigt han attende. Då vil dei få økonomiske musklar til å vidareutvikle skuletilbodet. (Foto: Geir Ufs)

Tidlegare Foldsæ landbruksskule i Fyresdal er lagt ut for sal med eit priskrav på 16,5 millionar kroner. Det er ein føresetnad for salet at Stiftinga Foldsæ utdanningssenter får 20 års leigekontrakt.




Tilman Hartenstein ved Foldsæ utdanningssenter fortel at salet skjer i samråd med Fyresdal kommune etter at dei og fylkeskommunen har hjelpt til med å få sletta fleire tinglyste rettar knyt til eigedomen. Dette er eit arbeid som har gått føre seg sidan desember i fjor.
– Stiftinga er no eigar av Foldsæ, men ynskjer å vere leigetakar. Då kan me få sletta gjeld og skaffe eigenkapital til vidare satsing på dei ulike undervisningstilboda vore. Utanom Steinarskule har me vidaregåande opplæring i naturbruk og økologisk landbruk og ei line i bygg- og anleggsfag. Og me har fleire planar om å utvide tilbodet vårt, seier Hartenstein.

Økonomiske problem
Økonomiske problem har vore ein hemsko for vidareutvikling av skulen. Dette skuleåret har dessutan talet på elevar gått ned i høve til siste skuleår. Hartenstein trur det har samanheng med at mange har vore usikre på skulens framtid.
– Kor mange elevar er det no på skulen?
– Framleis er det litt usikkert. Teljedatoen for skuleåret er 1. oktober. I dag er det under 20 elevar, og det er litt for lite. Me har internatkapasitet til 60 elevar. Når det vidare eigarskapet er avklart, og drifta sikra, er eg viss på at elevtalet vil auke.

Trur på sal
Hartenstein gjev uttrykk for stor optimisme med omsyn til å få til eit sal av den store eigedomen på totalt vel 19.000 dekar utanom ein stor bygningsmasse. Husa treng oppgraderingar og vedlikehald då etterslepet har vore stort over lang tid.
Eigedomen er no lagt ut på sal. I fylgje Hartenstein melder meklaren om at fleire interessentar har teke kontakt.
– Eg vil tru at ein slik eigedom som er i drift vil vere attraktiv i marknaden. Difor trur eg ikkje det vert vanskeleg å få til eit sal, seier Tilman Hartenstein.

Lagt til rette
Ordførar Bjørn Nome i Fyresdal seier at kommunen og fylkeskommunen no har lagt til rette for at stiftinga på Foldsæ har frie hender til å selje eigedomen.
– Dersom dei får gjennomført salet vert stiftinga gjeldfri og sit også med kapital til vidareutvikling av skuletilbodet. Dei vil ha den kapitalen dei truleg burde hatt då dei starta. For Fyresdal kommune er det viktig at aktiviteten på Foldsæ held fram, seier ordførar Bjørn Nome.


Artikkelen er publisert 28/08-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen