Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Samarbeidsbrot


Valde opposisjonen: Frank Lien (Frp) (t.v.) braut det valtekniske samarbeidet med mellom anna ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) og Johanne Vejrup (Ap). Det resulterte i at tidlegare ordførar Øyvind Tveit (KrF) blei valt som ny varaordførar. (Arkivfoto: Geir Ufs)

– Kva skal ein med fiendar når ein har slike venner, seier ein skuffa Johanne Vejrup om Frp sitt sidebytte då ho blei vraka som ny varaordførar i Nissedal torsdag.




Med bakgrunn i at varaordførar Asbjørn Tveiten (Ap) har bede om fritak frå alle sine politiske verv grunna endra helsesituasjon måtte kommunestyret i Nissedal velje ny varaordførar torsdag.
I saksutgreiinga rådde ordførar Anne-Nora Oma Dahle politikarane til å velje Johanne Vejrup (Ap) som ny varaordførar og som fast medlem av formannskapet. Dette var eit naturleg val for å halde fram den valtekniske samarbeidet.
– Me har hatt eit valteknisk samarbeid mellom Ap, Sp og Frp, men i går opplevde me at Frp ikkje stod på denne avtalen. Difor vart Øyvind Tveit (KrF) valt som ny varaordførar ut perioden med 9 mot 8 røyster, fortel ordføraren.
– Dette kom overraskande?
– Ja, men eg blei likevel ikkje så overraska. Alle partia er i gang med nominasjonsarbeid og det tyder på at det er ein prosess som er starta med tanke på neste års val, seier Oma Dahle.

Tillitsbrot
– Er ikkje Frp i Nissedal til å stole på, spør ein skuffa gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Johanne Vejrup.
– Når Frp røyster for opposisjonens kandidat, då er vel avtala dei tri partia skreiv under på ikkje er meir verdt enn papiret det er skrive på, seier ho i ein kommentar til avtalebrotet.
Ho finn framgangsmåten til Frp oppsiktsvekkjande.
– Kva skal ein med fiendar når ein har slike venner, seier ho.
– Ap meiner at posisjonssamarbeidet er påført skade og eg har bede ordføraren undersøkje kva fylgjer Frp sitt brot får for partias skriftelege avtale, avsluttar ho.

Personbunde
Frank Lien (Frp) forsvarar torsdagens hendingar med at avtala ikkje var partibunde, men personbunde.
– Når me gjekk inn i samarbeidet var det takka vere Asbjørn. Han var limet som heldt gruppa saman. Den gongen det valtekniske samarbeidet vart inngått mellom Sp, Ap og Frp godtok me Asbjørn Tveiten som varaordførar, ikkje Arbeidarpartiet. Hadde det stått Ap på varaordførarplass, hadde me ikkje godkjent dette. Og hadde så vore tilfelle hadde me heller ikkje kunne brote avtala i går, er Lien klar på.

Endra retning
Han meiner at Ap i Nissedal har tatt ei ny retning mot venstre i etterkant av det førre valet.
– Dei har gong på gong bede om eigedomsskatt og køyrt på med nedlegging av grendeskular, seier Lien.
Han meiner at kjemien i gruppa er svekka.
– Kjemien som var der før Asbjørn vart sjuk er ikkje like sterk. Me har ikkje klart å halde fram etter det, seier han.
Nå vonar han at samarbeidet med Sp i alle fall vil halde fram.
– Det er bare eitt år til val og ein må starte å vurdere. Alt tar slutt, men det var ingen triveleg situasjon på møtet torsdag, seier han.

Godt samarbeid
Ordførar Anne-Nora Oma Dahle meiner det er veldig synd at det politiske samarbeidet med Asbjørn Tveiten er over.
– Me er veldig glade i Asbjørn og me to har hatt eit svært godt samarbeid. Han har mellom anna hatt ein kontordag i veka slik at eg har kunne hatt ein dag heime. Me hadde ikkje samvit til å tvinge han til å halde på vervet, nå må han setje helsa fyrst. Men at me kjem til å sakne han, det er sikkert, seier ordføraren.
Fredag møtte ho nyvalt varaordførar Øyvind Tveit, for å planleggje det komande året.
– Eg er sikker på at også me vil kome fram til eit godt samarbeid og eg ser fram til det, avsluttar ordføraren som forstår godt at Arbeidarpartiet er skuffa etter vedtaket som vart fatta torsdag.

Vil vidareføre
Nyvald varaordførar Øyvind Tveit (Krf) var alt i gang i nytt verv som leiar av administrasjonsutvalet fredag føremiddag og hadde hatt eit møte med personalavdelinga. Han kjem til å vidareføre det arbeidet som alt er gjort.
– Eg har tru på å få til eit konstruktivt samarbeid, noko me har prøvd på sjølv om me har vore i opposisjon. Eg ser ikkje på dette som eit problem, uttala varaordførar Tveit til VTB fredag.


Artikkelen er publisert 28/08-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen