|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Får rive hus på gamalt tun
 Har starta riving: Førre veke kunne ein sjå at arbeidet med riving tok til og mellom anna vindauga på våningshuset på garden Gotuholdt øvre i Kviteseid vart fjerna.
|
Eigaren av Gotuholdt øvre i Kviteseid får rive det eksisterande våningshuset frå 1700-talet for å setje opp nybygg.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
Byggesakshandsamar Peter Holskar ved plankontoret for Nissedal og Kviteseid gav førre veke munnleg løyve slik at eigar av Gotuholt øvre gnr. 43 bruksnummer 1, Lars Erik Wraa, kunne starte å rive hovudbygningen på eigedomen han overtok i 2009.
– Ei restaurering med tilbakeføring og oppgradering til dagens standardkrav vil vere så kostnadskrevjande at det ikkje kan seiast å vere forsvarleg, meiner byggesakshandsamar Holskar.
I februar 2009 fekk Wraa konsesjon på eigedomen og styret for service og utvikling i Kviteseid sette som vilkår at han busette seg på eigedomen innan tri år. Dei vedtok også at det skulle vere fem års samanhengjande bu- og driveplikt av garden i tida etter dette.
Ville setje i stand
Eigaren av bygget hadde i utgangspunktet tenkt å setje i stand våningshuset, og starta saman med ein tømrar ein del riving inne i huset. Dette har vist at bygget treng omfattande istandsetjing og at eldre veggar er saga av, tømmerveggar retta av med sag for å feste bordkledning til dei, golv i begge etasjar må rettast opp, det var lekkasje frå taket og naudsynt med opprusting av grunnmur og piper.
– Kommunen meiner det vil vere urimeleg å ikkje gje rivingsløyve på huset. Den opphavlege delen av bygget er så øydelagt at ein neppe kan definere det som verneverdig. Kommunen meiner og at det som er att av sveitserstilen på huset ikkje er av slike kvalitetar at ein kan krevje at huset blir sett i stand, skriv Holskar.
Han peikar også på at kommunen er av den oppfatning at når eksisterande bygg blir erstatta med eit nybygg i volum og utforming som det gamle, så vil gardstunet stå fram med sitt noverande preg og kvalitetane i tunstrukturen vil bli oppretthalde.
Kulturminnefagleg uttale
I fylgje Norske gardsbruk er det fire hus i tunet. Våningshuset er gamalt, og blei påbygd i 1897, stabburet frå før 1349 er freda, låven er bygd i 1922 og vognskjul frå 1912. Garden er rydda før 900 e. Kr.
Fylkeskommunen har kome med ei kulturminnefagleg uttale og konkluderer med at det ikkje er godt nok dokumentert at riving er naudsynt, men overlet til kommunen å fatte vedtak. Dei set som ein føresetnad at erstatningsbygget blir plassert på same tomta som eksisterande bygg.
Rådgjevar ved kulturminnevernavdelinga hos Fylkeskommunen, Gunnhild Randen, påpeikar at det omsøkte bygget ligg under Sefrak-registeret.
– Ut frå våre opplysningar er byggjet frå før 1850, og den eldste delen av byggjet er frå 1700-talet. Byggjet er eit sveitserbygg og vindauge frå mange ulike tidsepokar. Bygget sin alder gjer at tiltaket blir omfatta av kulturminnelova paragraf 25 som seier at riving eller vesentleg fasadeendring på bygg eldre enn 1850 skal sendast inn til vedkomande styresmakter, skriv Randen i eit brev til Kviteseid kommune.
– Eit av måla med kulturminnelova er å hindre unødvendig tap av bygg eldre enn 1850 og ei god forvaltning av kulturminne. Bygg som kan setjast i stand bør av det ikkje rivast men setjast i stand. Riving bør vere endeleg og bør vere siste utveg, skriv Randen, men legg til at om det skulle bli riving har ho ingen merknad til val av erstatningsbygg.
Det er levert inn ein avfallsplan for rivinga, og eigar har signalisert at bygget vil vere aktuell å nytte som brannøving for brannvesenet i regionen.
Artikkelen er publisert 26/08-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|