Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Bjørnen gjesta Kviteseid


Bamse på tur: Det er funne to maurtuver som er jamna utover i skogen ved Øyan i Kviteseid, og truleg har maur og mauregg blitt eit proteinrikt måltid. Men om det er bjørn eller eit anna dyr som har plyndra maurtuvene er usikkert. (Illustrasjonsbjørn frå Bjørneparken i Flå: Tone Tveit)

I slutten av juli vart ein sau funne død på Breidalshei i Kviteseid. – Sauen var tatt av bjørn, stadfestar rovviltkontakt Øyvind Fosse. Men kanskje bjørnen har vore på besøk fleire stadar i bygda …




Laurdag vart Bjørn Kåsi merksam på ei maurtuve som var blitt jamna ut i skogen ovanfor eigedomen hans Øvre Øyan.
– Eg gjekk ein tur og fekk sjå tuva, det er tydeleg at den har blitt jamna utover av nokon, men kva det er, det er ikkje godt og seie. Grunnlaget i tuva er dratt utover og det ligg restar spreidde frå tuva. Nå har mauren starta arbeidet med å byggje ny tuve, så det er nok litt tid sidan besøket skjedde, seier Kåsi.
Han legg tommestokken på tuva, og måler den til over to meter i diameter.
Kåsi fortel at han snakka med ein nabo som har kome over ei liknande tuve på Blikom, den hadde også blitt jamna ut, dette hadde truleg skjedd for eit par månadar sidan.
– Kan det vere grevlingen som har vore her, eller er det bjørn, undrar Kåsi.

Bjørnebesøk
Konsulent for utmark, vilt og miljø i Kviteseid kommune, Magne Skarprud, fortel at det kan ha vore bjørnen som gjesta Øyan sidan han også er stadfesta som gjest litt høgare oppe, på Breidalshei, tidlegare i sommar.
– Eg kjenner til at maur og mauregg er eit proteinrikt måltid for ulike dyr, men eg trur ikkje at grevling eller hakkespett har herja så voldsamt, seier Skarprud.

Sau blei bjørnemat
– I slutten av juli var eg til Kviteseid, for å sjå på ei søye som var funne drepe på Breidalshei i Kviteseid. Juret var ete av og det var bitt mellom frambeina slik som bjørnen plar gjere, så me stadfesta at sauen var drepe av bjørn, seier rovviltkontakt Øyvind Fosse.
– Er det meldt om fleire observasjonar i området?
– Nei, fjorten dagar etter eg var til Kviteseid vart det sett og dokumentert spor frå bjørn i Rødberg i Numedal. Etter det har det vore heilt stille. Det kan nok vere same dyret som har passert Kviteseid tidlegare, seier Fosse.

Kan vere hjort
Om maurtuvene som er jamna utover på Øvre Øyan meiner Fosse at det kan vere fleire dyr enn bjørnen som har vore gjest.
– Hjorten kan også vere hissig på maurtuver og den kan faktisk finne på å jamne den med jorda. Eg har høyrd at dei kan legge seg i tuva også, seier Fosse.
Han nemner også hønsefugl, hakkespett og grevling, men trur ikkje dei ville jamna tuva så kraftig.
– Folk må melde frå så fort dei gjer observasjonar etter til dømes bjørn, oppmodar rovviltkontakten.


Artikkelen er publisert 26/08-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen