Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Megabra Multisport


Full fart: Innsatsen var på topp i Morgedal laurdag. Her er deltakarane i den lengste løypa i gang med kajakketappen.

Med ny deltakarrekord og mange tilskodarar på plass i Morgedal laurdag, kan idrettslaget i bygda nok ei gong slå fast at arrangementet er ein innertiar.




Over 80 deltakarar stilte til start i Morgedal laurdag. Strålande flott vêr og konkurranselyst på høgt nivå gjorde til at arrangørane slo fast at det var ny deltakarrekord.
Den lengste løypa er for deltakarar frå 16 år og oppover, og der må det padlast 5 kilometer, syklast 28 kilometer og så er det 11 kilometer på føtene. Alle tri øvingane utan pause.
Den kortare løypa er på høvesvis 1,5 kilometer i kajakk, 10 kilometer på sykkel og 3 kilometer på beina. Her er nedre aldersgrense 12 år. For dei yngre var det høve til å vere med på Multisport mini, som omfatta sykling og springing i ei kort løype.

Trør varsamt
– Dei eldste fylgjer delar av pilegrimsvegen til Røldal så eg har bede dei om å trø litt varsamt, flira speaker Tarjei Gjelstad.
Det stilte 10 vesttelar til start i den tøffaste konkurransen. Rett nok var det både kvinner, menn og juniorar med, så dei stilte i forskjellige klasser. I herreklassa var Svein Olav Utistog frå Byrte, Aslak Fisketjønn frå Morgedal, Øystein Due frå Kviteseid, Gunnar Bjerke Osen frå Morgedal, Olav Gunleik Mostaul frå Høydalsmo, Egil Birkrem frå Flatdal og Kristian Grimstvedt frå Nissedal med. To juniorar, Arne Moen Lid, Høydalsmo, og Harald Lauvik Gjelstad, Morgedal var med. I kvinneklassa var Anita Aasen frå Byrte med.

Utistog best frå vest
Ikkje uventa var det Utistog som blei beste vesttele med tredjeplass i herreklassa, knappe kvarteret bak vinnaren Jon Flydal frå Multitude Salomon. Aslak Fisketjønn var berre 21 sekundar bak Utistog og blei nummer fire.
– Det var springinga som var heilt pyton i dag. Beina var som saltstøtter, sukka Utistog då han kom i mål.
Øystein Due var om lag 20 minuttar bak Fisketjønn og blei nummer seks. Vel halvtanna minutt bak fylgde Gunnar Bjerke Osen. Olav Gunleik Mostaul var uheldig og kantra med kajakken. Det gjorde sitt til at han blei hengande langt etter konkurrentane alt i fyrste øvinga. Mostaul blei nummer 11 på tida 3.19,38. Det var om lag ni og eit halvt minutt bak Bjerke Olsen.

Sterke juniorar
I veteranklassa blei Egil Birkrem nummer ni, medan Kristian Grimstvedt braut.
Harald Gjelstad frå arrangørklubben Morgedal vann juniorklassa på tida 3.00,48. Han var nesten tri og eit halvt minutt føre Arne Moen Lid frå Høydalsmo.
Gjelstad hadde eit forsprang etter padlinga, men Moen Lid hadde teke kraftig innpå etter fyrste del av syklinga, og differansen var då om lag eitt minutt i favør Gjelstad. Mot slutten av sykkelrittet hadde Gjelstad auka forspranget att, og det heldt han heilt til mål.
Anita Aasen blei sist i kvinneklassa med tida 4.31,50. Vinnar blei Brita Cecilie Mustad frå Langesund med tida 2.54,47 som også var ny løyperekord i kvinneklassa.
I den kortare løypa vann Vetle Kallåk, Fossum IL, den yngste klassa. Kallåk har røter i Morgedal, og ungguten imponerte med fyrsteplassen som også gav fjerdeplass blant alle dei 40 deltakarane i kort løype. Stian Ofte, Høydalsmo, blei nummer tri i ungdomsklassa.
Asbjørn Byggland, Høydalsmo vann den opne herreklassa, medan Ingeborg Fagel Mo, Morgedal, vann tilsvarande kvinneklasse. Gunnar Ofte frå Høydalsmo vann veteranklassa, og Sigrid Lid Byggland frå same klubb gjekk til topps i junior jenter.

Det viktigaste er å vere med
Innsatsen var på topp blant deltakarane og det gjaldt både dei med ambisjonar og dei som var med for moro. Sigrid Lauvik Lyngdal og Gunlaug Lauvik Gjelstad stilte i lagkonkurransen i juniorklassa.
– Me skulle eigentleg vore tri på laget, men heldigvis blei ho eine sjuk. Eg seier heldigvis for då måtte eg ha padla fem kilometer, no slepp eg med halvparten sidan eg skal sykle også, smiler Sigrid.
Dei to tenåringsjentene er syskenborn, og fordela arbeidsoppgåvene slik dei trur er best.
– Sigrid er sterkare i armane enn meg, derfor skal ho padle. Me kallar oss forresten for Team Lauvik, ler Gunlaug, som skal springe tre kilometer på føtene.
Etter konkurransen møter me Team Lauvik att, og ifylgje Sigrid var ikkje armstyrken med på å få kajakken til å gå spesielt fort.
– Om eg skulle ha padla fem kilometer hadde eg vore på vatnet framleis. Nei, padling er ikkje mi greie, men så har eg ikkje trena noko særleg på det heller, ler ho.


Artikkelen er publisert 24/08-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen