Tysdag
7/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Vil spore opp «Hans»


Fylkesvaraordførar og leiar for rovviltnemnda i region 2, Lars Bjaadal, meiner det må nyttast radiopeilar for å felle gaupa «Hans».

Leiar i rovviltnemnda i Region 2 og fylkesvaraordførar i Telemark, Lars Bjaadal, vil opne for radiopeiling ved skadefelling av gaupe.




15. juli fekk Åmotsdal beitelag med Håvard Jønnardalen i spissen fellingsløyve på ei gaupe i beiteområdet sitt på grunn av store lammetap. Sjølv om Fylkesmannen raskt gav løyve blei søkjaren sjølv ansvarleg for fellinga, og jakt på gaupe om sommaren kan i beste fall kallast ein utfordring.

Vil peile
Den radiomerkte gaupa «Hans» er ein av gaupene som har herja i saueflokken men det
har ikkje vore aktuelt å nytte peileutstyr for å finne skadedyret. Lars Bjaadal meiner det må blir opna for bruk av slikt utstyr.
– Regjeringa har gjeve signal om at ein skal ta ut skadedyr raskare og meir effektivt. Fylkesmannen skal ha ros for å ha gjeve eit fellingsløyve så raskt , men ein må opne for å nytte peileutstyr dersom det skal vera noko nytte i det. Kan ein konstatere at eit merka dyr er inne i ein saueflokk og gjer skade må det opnast for å gje ut posisjonar på dyret for å foreta ei skadefelling. Det er den einaste måten å få tak i ei gaupe på sommaren. Det nyttar ikkje bare med eit fellingslag, for gaupejakt no er ikkje farleg for gaupa, seier Bjaadal.

3-4 lam
Bjaadal er open for at gauper som alt er merkte og som viser seg å gå til åtak på sau skal takast tidleg ut som skadedyr.
– Dersom eit dyr gjer veldig stor skade må det fellast. Det må vera ei skjønnsvurdering, men ein må vera open for ta gaupa etter den har tatt 3-4 lam. Ein kan ikkje vente på at ho gjer meir skade. Dei radiomerkte gaupene er ikkje freda under sjølve jakta og sjølvsagt skal ein ikkje nytte peileutstyr under ordinær jakt. Men det må gjerast unntak i ei skadefelling, seier Bjaadal

Eit offentleg ansvar
Statens naturoppsyn har ansvaret for skadefellingar på freda rovvilt, men sidan det er jakt på gaupa fell ho inn i ei gråsone. Ansvaret for ei skadefellinga av gaupe blir difor i dag lagt til søkjaren. Dette meiner Bjaadal ikkje er godt nok.
– Det er heilt klart at det ikkje er saueeigaren som skal ta ut slike skadedyr. Det må det offentlege og det statlege ta ansvar for. Sjølvsagt må det vera eit samarbeid med grunneigarar og lokalkjende med størst kjennskap til terrenget, men det er forskjell på ordinær jakt og skadefelling. Då må det vera det interkommunale fellingslaget som står for fellinga. Og har ein ei radiomerka gaupe må dei som har radiosignala gje opp desse for å få ei effektiv felling, seier Bjaadal.
Han vil leggje ansvaret for eit slikt fellingslag på kommunane.
– Kommunen må ha ein beredskapsplan og eitt fellingslag som veit korleis ein skal opptre. Arbeidsgjevaransvaret bør liggje til kommunen, men det skal ikkje vera ei kommunal utgift. Det må Fylkesmannen dekkje. Rovviltnemnda har vore ein pådrivar for eit interkommunalt fellingslag. No må det vera Fylkesmannen og kommunen som har ansvaret, seier Bjaadal.
¬
– Må vera til å leva med
Norsk rovdyrpolitikk har to målsetjingar ved at det skal vera rovdyr i landet men at det samstundes skal vera beitedyr. Trass maks uttak av jaktkvota i regionen dei siste to åra er ikkje gaupestamma redusert nok. Stortinget har sett som mål at det skal vera 12 ynglande kjetter i området, men dei siste målingane syner at det er 17 i år.
– Gaupebestanden skal vera til å leva med. I dei øvre bygdene er utmark og beiteområde den viktigaste matressursen me har. Me produserar det reinaste sauekjøtet i verda og det burde vera på matbordet til alle miljøvernarar. Difor er det klart at me må ha ein rovdyrpolitikk som gjer at me kan sleppe ut dyr utan at gaupa tek 15-20 prosent. Me må mellom anna ha større jaktkvoter på gaupa om vinteren, seier Bjaadal.
I Vest-Telemark kan ein oppleve streifdyr av både bjørn og ulv, men det er gaupa som står for dei største tapstapa for sauenæringa. Det meste av rovdyrdebatten dreiar seg rundt dei to store rovdyra og gaupa kjem ofte sist i køen. Det kan ha ført til at det største problemet rundt konflikten mellom rovdyr og sau i området har det minste tryggleiksnettet.
– Gaupa er stort sett gløymt sjølv om ho tek mykje meir enn ulv og bjørn til saman. Eg er imponert over sauebøndenes toleranse når det gjeld bjørn og rovdyr generelt, men ein må skjønne at den mengda av rovdyr som finst no i norsk natur ikkje kan godtakast. Det kan spøkje for norsk sauehald, seier Bjaadal.

– Må bruke peileutstyr
For sauebonden Håvard Jønnardalen er det framleis travle dagar med slåtten og sau som skal hentast. Siste dagane har han henta heim fleire sau frå Åmotsdal og mange har funne vegen heim att på eiga hand, så det er ikkje roleg i heiene enno. Han gjev klart uttrykk for at det bare er ved radiopeiling ein kan få ta ut ei gaupe no.
– Dersom Fylkesmannen meiner noko med dette skadefellingsløyvet så må dei bruke dei ressursane som dei har tilgjengeleg. Radiopeiling er den einaste måten å få tak i ei gaupe på no, og det er ein måte å ta ut skadedyret direkte, men eg trur ikkje intensjonen er der, seier Jønnardalen.


Artikkelen er publisert 27/07-2010

Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar