|
Sundag 5/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Satsar på lokalt øl på fjellgard
 Satsar på øl: Aasmund Rinde og kona Margit Karlsen-Rinde har flytta til Åmotsdal. Til påske er dei i gang med ølbrygging på garden.
|
Frå før er det vinfabrikk i Seljord. Neste år blir det produsert lokalt øl på ein fjellgard i Åmotsdal.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Aasmund Rinde og Margit Karlsen-Rinde flytta i mai til garden Vihus i Åmotsdal. No er dei godt i gang med førebuingane til ølproduksjon på garden. Laurdag var dei på plass på Bygdedagen på Sneie i Åmotsdal for å fortelje om planane.
– Garden er for liten til å drive tradisjonell gardsdrift. Derfor måtte me finne på noko anna. Det er veldig spennande med eige øl, seier dei to øl-gründerane.
Ekteparet har bryggja øl på hobbybasis i åtte-ni år, og meiner dei er godt rusta til å starte opp mikrobryggeri. Dei fekk støtte av Innovasjon Noreg til eit forprosjekt og forretningsplan. Konklusjonen var at det er liv laga for Fjellbryggeriet. Rinde viser til at hotella i nærområdet og festivalane på Dyrskuplassen har vore svært positive til planane.
Dei håpar ølproduksjonen er i gang til påske. Eit nybygg skal huse bryggeriet som skal vere dimensjonert for 1000-1200 liter øl. Etter kort tid vil dei produsere eige lokalt øl av råvarer frå området. Dei vil tilby fire typar øl: lager, brown ale, india pale ale (IPA) og porter.
Fokus på kvalitet
Ekteparet ynskjer at turistar kan kome innom, få omvisning og smaksprøver, kanskje i kombinasjon med lokal mat. Dei ser også for seg heimebryggarkurs og sal av malt og humle til heimebryggarar.
– Me skal produsere øl av høg kvalitet til dei som ynskjer ei smakoppleving, og ikkje berre noko å sløkkje tørsten med, seier dei to.
Aasmund Rinde hadde sin siste arbeidsdag i gigantkonsernet Ericsson førre månad. Han går frå å utvikle mobiltelefonar til å bryggje øl på heiltid. Kona jobbar som kommunalsjef i Hjartdal kommune.
– Ein må satse om ein vil få til noko. Det blir mykje å gjere framover, seier dei to.
Vin blei øl
– Korleis blei interessa for øl vekka?
– Me fekk ikkje til vin, smiler Margit.
Dei kom så over malteekstrakt og tørrgjær og gjorde eit forsøk på å bryggje øl. Dei lukkast godt. Ølet blei svært godt, men dei klarte ikkje gjenskape smaken neste gong.
– Det gjorde at me ville studere heile bryggjeprosessen. I tillegg fekk med 1,5 tonn gratis malt så me fekk høve til å finjustere. Etter kvart fekk me det til, og tilbakemeldingane har vore gode, fortel Aasmund Rinde.
Fjellbryggeriet vil også nytte godt av den nyoppretta inkubatorstillinga på Dyrskuplassen. Dei ynskjer at ølet skal vere eksklusivt, og til sals på garden, i butikken i Åmotsdal og på Dyrskuplassen.
Nyleg var dei på ein internasjonal konferanse i Danmark, og etter å ha smakt på øl frå ulike mikrobryggeri, er dei sikre på at ølet deira ikkje står tilbake for andre.
– Det vil nok ta 2-3 år før det er butikk i dette. Me har fått veldig mykje støtte, mellom anna frå ølbryggeriet Nøgen Ø i Grimstad og interesseorganisasjonen for mikrobryggeri, seier Rinde, og legg til at dei har eiga facebookgruppe med oppdaterte nyhende om mikrobryggeriet.
Bygdedag for heile bygda
Bygdedagen i Åmotsdal har blitt arrangert sidan nybygget til Åmotsdal handverkstun stod klart på Sneie i 2004.
– Heile bygda stiller opp. Det er viktig å ta vare på denne fine plassen, seier Bjørg Nordbø i Åmotsdal handverkstun.
Loppemarknad, lynlodd og smaksprøver var blant det som var på programmet på Sneie laurdag.
Artikkelen er publisert 27/07-2010
|
Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen

|