Tysdag
7/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Politisk støtte for E 134 som turistveg


Stortingsengasjement: Torbjørn Røe Isaksen (H) varslar at telemarksbenken på Stortinget engasjerer seg i arbeidet med å utvikle E 134 som turistveg.

Ideen til Ragnvald Christenson i Haukeli om å utvikle E 134 som turistveg vert positivt motteke på telemarksbenken på Stortinget.




Både Torbjørn Røe Isaksen (H) og Terje Lien Aasland (Ap) karakteriserer utspelet frå Ragnvald Christenson som ein veldig god idé. Dei har alt lufta ideen på Stortinget, og vil setje ytterlegare trykk på saka etter ferien.
– Då eg fekk ein førespurnad frå Christenson om vidareutvikling av E 134 som turistveg gjennom Telemark og vidare over Haukelifjell til Hardanger, nemnde eg det for Lien Aasland. Han tente på ideen på same måte som eg, fortel Røe Isaksen.
I tillegg til å vere ei sers viktig transportåre mellom aust og vest, går E 134 gjennom naturskjønne område i Vest-Telemark og vidare i høgfjellsterreng på den sørlege delen av Hardangervidda. Dette gjer at Røe Isaksen og Lien Aasland er samde om at E 134 er veleigna som spesiell turistveg.
Noreg har i dag 18 såkalla turistvegar der Vegvesenet har lagt til rette for ein heilskapleg presentasjon av desse vegane. På nettet er turistvegane presenterte med bilete, historia om vegen, arkitektur langs han og kart der spesielle attraksjonar er merkte. I tillegg er det opparbeida fine rasteplassar og eigne utsiktspunkt.
– Eg er ikkje i tvil om at E 134 er veleigna til å verte ein tilrettelagt turistattraksjon, seier Røe Isaksen.

Heilskapleg satsing
– Korleis ser du for deg det vidare arbeidet for å nå målet?
– Etter ei grundig drøfting på telemarksbenken, der me er samde om ei slik satsing, må me kalle inn til eit møte i Vest-Telemark. Me må avklare om kommunane er interesserte, og om dei vil vere med å lyfte saka opp og fram. I tillegg må turistnæringa delta. Her dreiar det seg om å gjere Telemark til eit endå meir attraktivt turistfylke, påpeiker Røe Isaksen.
For å utvikle E 134 som turistveg må ein tenkje lange strekningar. Difor meiner Røe Isaksen saka ikkje eignar seg for at kommunane langs vegen steller kvar med sitt.
– Her dreiar det seg om å utvikle eit heilskapleg reiselivsprodukt. Då trengst det vyar og visjonar. Tenk berre på korleis ein i USA har utvikla Route 66 som ein turistmagnet. Det må vere lov å tenkje stort, hevdar Røe Isaksen.

Vegstandarden
I fylgje høgre-representanten er ei viss opprusting av dagens vegstandard ein føresetnad for realisering av ideen til Ragnvald Christenson.
– Får me på plass nye tunnelar over Haukelifjell ved rulleringa av Nasjonal Transportplan (NTP), kan noverande veg verte turistveg. Turistane kjem for å ha naturopplevingar, og er ikkje avhengige av å kome raskt fram, seier Røe Isaksen.
Han varslar at om to-tri veker intensiverer han arbeidet med sikte på at E 134 vert turistveg.
Terje Lien Aasland er leiar av næringskomiteen på Stortinget. Han stadfestar å ha fått brev frå Christenson om utvikling av E 134 i turistsamanheng.

Unik turistveg
– Eg synest ideen om å utvikle E 134 som turistveg er svært interessant. Det er ein flott turistveg som har eit stort potensial for vidare innsats. Her er det mogleg å få til noko unikt som kan få mykje å seie for vidareutvikling av turismen i Telemark. Difor har eg alt gripe tak i saka, fortel Lien Aasland.
– Kva har du gjort til no?
– Me har hatt innspelet frå Ragnvald Christenson på telemarkbenkens agenda. I tillegg har eg teke saka opp med samferdselsfraksjonen til Arbeidarpartiet på Stortinget. Eg ynskjer å få ei snarleg avklaring på korleis me går fram for å få E 134 gjennom Vest-Telemark og over fjellet til Hardanger definert som turistveg. Etter ferien vert dette ei viktig sak for dei seks stortingsrepresentantane frå Telemark, seier Terje Lien Aasland.


Artikkelen er publisert 24/07-2010

Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar