Tysdag
7/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Over 200 kilo småfisk i ei ruse


118,5 kilo: Kjell Rune Berglie (t.v.), Per Wraa og Aslak Momrak-Haugan med årets største fangst, tusenvis av småsik i Skrevatn. (Foto: Geir Ufs)

År etter år har tonnevis med småsik blitt fiska opp frå Skrevatn. Største eingongsfangsten i rusa var heile 211 kilo.




Ekstremt gode formeringsmoglegheiter i Skrevatn gjer at det nærmast flaumar over av småsik. I ein god del år har det vore tynningsfiske i vatnet, og for sjette året er det sett ut storruse. I år har Skrevatn grunneigarlag for fyrste gong ute to ruser, plassert utanfor Greivstadodden.
Grunneigarlaget ynskjer å halde fram med tynningstiltaket for å få eit meir attraktivt fiskevatn slik at det kan vere interessant for mellom anna turistane og gje fiskekortinntekter. Men tynningsfisket kostar pengar, summen i år er på 55.000 kroner.
– Det grunneigarlaget ikkje får inn av eksterne tilskot, må me dekkje sjølve. Planen er å halde fram med tynningsfisket nokre år til, men så er det det med økonomien då, seier lagsleiar Per Wraa og medlem Aslak Momrak-Haugan.

Nedtapping er utfordring
13 tonn til no og alt arbeidet med å få opp småfisken har gjeve bra resultat. Men målet er ikkje nådd med tanke på å få fin og attraktiv matfisk, sjølv om sportsfiskarane melder om meir positive resultat enn før.
Grunneigarlaget får ikkje alltid dei rette forholda for utfiskinga. Nedtappinga av Skrevatn har dei siste tri åra vore ei utfordring for rusefisket. I vår førte nedtapping til at rusa låg på land ein månad. Dermed forsvann moglegheita for å fiske opp fleire hundre kilo småsik.
– Det er forbaska at me ikkje får beskjed. Plutseleg er det nedtappa, ristar Wraa og Momrak-Haugan på hovudet.
Eit par andre ting er dei garantert nøgde med; at det blir utført tiltak i vatnet og at den rette personen er på plass for å utføre arbeidet med tøminga av rusene.
– Sjølv om Skrevatn er veldig stort, nyttar det å gjere noko. Skal me halde fram med tynningsfisket er me avhengige av pengar og ein som gjer jobben skikkeleg, seier Wraa og Momrak-Haugan, og ser bort på rusetømar Kjell Rune Berglie frå Åmdals Verk.
Han er inne i det femte året sitt i sesongjobben der han får betalt per tøming. Det er eit hav mellom kvar gong fangsten inneheld ein stor fisk, men ved eit høve dukka det opp ein aure på 2,6 kilo. Vidare har det blitt tatt opp ein 32 år gamal sik på 500 gram.
– Sjølv om det er mykje småfisk har eg ein veldig artig jobb, seier Berglie.

Overføringsverdi
Helge Kiland ved Faun naturforvaltning i Fyresdal er fagleg ansvarleg for tynningsprosjektet i Skrevatn. Ein rapport for prosjektet viser at ved fyrste storruseutsettinga i 2004 blei det fiska opp 69.594 sikar og 209 aurar. Snittvekta på siken var 64,3 gram. I fjor gav rusefangsten 2,8 tonn sik og snittvekta var kome opp i 84,5 gram. Vidare blei det tatt opp 214 aurar. Konklusjonen er at kondisjonen til fisken klart har blitt betre.
Kiland meiner prosjektet i Skrevatn vil ha stor overføringsverdi til andre prosjekt, sidan arbeidet med registrering og prøvetaking blir nøye dokumentert. Prosjektet vil gje ein indikasjon på kor stor produksjon ein kan rekne med i dei næringsfattige og regulerte innsjøane i Telemark. Vidare får ein svar på innsatsen som må til for å få fisken i ein slik kondisjon at den blir matfisk.
Ved høgste regulering er Skrevatn 5.620 dekar stort. Det meste av vatnet ligg i Fyresdal kommune, men også i kommunane Kviteseid og Tokke.
Storrusa som blir nytta i Skrevatn er 3 meter høg og har 50 meter langt leiegarn.


Artikkelen er publisert 24/07-2010

Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar