Tysdag
7/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Vil ha samarbeid om E 134 som turistveg


Ragnvald Christenson i Haukeli etterlyser samarbeid for å marknadsføre E 134 over Haukelifjell som turistveg med skreddarsydd turopplegg.

Ragnvald Christenson i Haukeli ivrar for eit reiselivssamarbeid der fem fylke marknadsfører det han kallar «Sør-Noreg rundt over Haukeli».




I fylgje Christenson er Larvik den viktigaste ferjehamna for Telemark. Han er oppteken av at turistane svingar mot Telemark når dei køyrer i land og nyttar E 134 over Haukelifjell på veg mot fjordane på Vestlandet.
– Får me i stand eit samarbeid mellom Telemark, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder kan ein marknadsføre ein rundtur som gjev turistane alt dei ynskjer å oppleve her i landet, meiner Christenson.
– Kva er det meir konkret turistane vil sjå når dei kjem til Noreg?
– Rundturen «Sør-Noreg rundt over Haukeli» vil innehalde alt etter mi meining; innland, fossar, fjordar, jærlandskap og Sørlandet. Resultatet av undersøkinga National Geographic gjorde om verdas mest populære ferietur, drog fram dei norske fjordane som det mest etterspurde reisemålet. Det må me utnytte i marknadsføringa av E 134 og Vest-Telemark. Hardangerfjorden er vår fjord, og han er også kalla «Dronninga blant fjordane», påpeiker Christenson.

E 134 over Haukeli
Han seier at anten turistane kjem med ferje til Larvik eller Oslo, må ein lage eit opplegg som gjer at E 134 er korridoren på veg vestover til fjordane. På vestsida kan dei reisande oppleve Låtefossen, som er ein av dei store naturgjevne attraksjonane i landet. Vidare gjennom Hardanger, Kvinnherad, Ryfylke og til Jæren før kursen vert sett austover langs E 39 og E 18 på Sørlandet.
– Eg håper nokon vil gripe tak i denne ideen, men så langt saknar eg handlekraft. Dersom me ikkje gjer noko aktivt, er eg redd E 134 over Haukelifjell døyr bort som ein sentral reiseveg for turistane på veg mellom aust og vest. Saka har eg mellom anna teke opp i eit brev til ordførar Arne Vinje, og eg ventar framleis på respons, fortel Christenson.

Fjellregionsamarbeid
Telemark fylke er med i eit samarbeid med Buskerud, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane. Christenson er svært skeptisk til dette prosjektet som går under namnet «Samfunnsutvikling i fjellregionane».
– For Telemark meiner eg dette er eit idiotisk prosjekt. Dette er eit samarbeid som i alle høve Vest-Telemark tapar på, hevdar Christenson.
– Kvifor det?
– Fordi mesteparten av trafikken går utanom det meste av Telemark. Eit døme på dette er at Valdres, eit av områda som er med på dette samarbeidet, har stroke E 134 over Haukelifjell av kartet dei nyttar i brosjyrane, og som også ligg på nettet. Her er ein oppteken av å marknadsføre rv 7 og E 16. Dette kallar eg ikkje samarbeid, seier Ragnvald Christenson.


Artikkelen er publisert 22/07-2010

Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar