Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Må rydde opp på eiga hand


Sauebonde Håvard Jønnardalen har mista mange lam på beite i år og no har han saman med Åmotsdal beitelag fått fellingsløyve på ei gaupe. Men kven som tek jobben er uvisst.

Sauebonde Håvard Jønnardalen i Langelim i Seljord har dei siste tri åra opplevd store lammetap ute på beite på grunn av gaupe. No har han saman med Åmotsdal beitelag fått fellingsløyve på ei gaupe.




15. juli fekk Åmotsdal beitelag ved Håvard Jønnardalen fellingsløyve på ei gaupe innanfor beiteområdet i Seljord kommune. I alt er sju lam påvist drepne av gaupe, og Fylkesmannen gav difor løyve til gaupejakt i perioden 16. til 31. juli.

Store tap
I sommar har beitelaget med Tore Mæland, Svein Vetle Trae, Sveinung Sudgarden og Håvard Jønnardalen mista 30 lam i beiteområdet Rust. Og det har vore store tap i fleire år.
– I 2008 mista eg 37 lam og i 2009 43. I år er eg redd for at det kan koma opp i eit trisifra tal, for det har aldri vore så ille som i år, seier Jønnardalen som har drive med sau sidan 1994. Han har i dag 380 sau og lam ute på beite.

Vanskeleg
Fyrste angrepet frå gaupa var 10. juni og sidan då har det vore travle dagar for sauebonden. Rovdyra gjer sauene urolege og beitemønsteret blir øydelagt ved at dei blir skremde ned i bygdene. No går ein tredjedel av sauene heime på beite i forskjellige hamnar.
– Sauene blir skremde ned i alle bygdene her. Det å måtte ha så mange heime gjev eit tap av vekt på lamma. Det blir òg mange arbeidstimar når ein må rundt å hente sauer overalt. Eg rekna på arbeidstimane i fjor og då kom timeløna opp i 74 øre. Kvar er arbeidstilsynet då, lurar Jønnardalen.
Han meinar erstatningsordninga er langt frå bra nok, og det har han eit klart eksempel på.
¬– Eg mista eitt lam til gaupa. Nokre dagar seinare måtte eg opp til morsauen som då hadde fått jurbetennelse som ein direkte fylgje av at ho mangla lam. Ho var så dårleg at eg måtte avlive ho. I det tilfellet mista eg ein sau og tri lam på grunn av gaupa, men det er bare lammet eg får erstatning for, fortel Jønnardalen.

Fekk fellingsløyve
Sidan tapstala innanfor sauehaldet har vore høgt i fleire år har Jønnardalen prøva dei råda som er for å avgrense skadeomfanget.
– Eg blei råda til å ha sauene høgare til fjells. No gjeng dei på 900 meter og framleis tek gaupa lam. Skal eg ha dei høgare er det neste ballong. Likeeins blei eg råda til å ha dei gåande heime på beite, men gaupa tok lam bare fem meter frå fjøsveggen. Ikkje er det noko mon i gjerder eller hundar heller. Eg søkte difor om dette fellingsløyvet for å sjå om det kan fungere, fortel Jønnardalen.

Korleis felle ei gaupe
Kanskje ein skal tenkje seg om to gonger før ein søkjer om eit slikt fellingsløyve. Statens naturoppsyn arrangerar bare jakt på rovdyr som er freda og gaupa er det kvotejakt på. Ansvaret for å organisere eit fellingslag står på den som har fått løyvet og får ein ikkje eit lag frå kommunen eller eit interkommunalt fellingslag til å gjera jobben så får ein ikkje økonomisk kompensasjon.
¬– Eg rekna med at det var eit interkommunalt fellingslag. Eg kan ikkje reise på jakt no, for eg har ikkje teke skyteprøva. Det er ei grense for kor mykje ansvar ein enkelt part skal ha. Fyrst skal eg fore på gaupa og ha arbeidet med å verne om dyra. Etterpå skal eg stå ansvarleg både praktisk og økonomisk for fellinga. Det kjem eg ikkje til å gjera, fortel han.
I eit skriv frå det kongelege Miljøverndepartementet 31. mai til fylkesmenn over heile landet går det fram at ein kan søkje om kompensasjon til fellingslag for forsøk på skadefelling av rovvilt. I skrivet står det at kompensasjonsordninga bare gjeld for skadefellingsforsøk gjennomført av kommunale eller interkommunale fellingslag.

Ingen alternativ att
For å få ned tapstala på lam og for å berge næringa ser Jønnardalen bare ei løysing. Det må bli større jaktkvoter på gaupe om vinteren.
¬– I år er det dobbelt så mange ynglingar hos gaupe enn det som opphaveleg er godkjent. Me må få ned bestanden. Eg klarar ikkje å gå ein heil sommar og plukke kadaver. Då er det ikkje noko anna alternativ enn å slutte med sau og la det gro att. Dette går på næringa laus, seier han.
Den radiomerkte hanngaupa «Hans» er ein av gaupene som har herja i saueflokkane i Seljord og Bø i sommar. Ved hjelp av peileutstyr har ein kunna fastslå at han er ansvarleg for minst 10 lammedrap. Men det er ikkje aktuelt å nytte peileutstyr for å ta ut gaupa.

– Søkjaren er ansvarleg
Det er ferietid og saksbehandlar og rådgjevar Odd Frydenlund Steen er ikkje til stades, men underdirektør i avdelinga for miljøvern, Ingvar Oland meiner at ansvaret for fellinga ligg hos søkjaren.
– Det er søkjaren som sjølv står ansvarleg for organisere jakta. Då må ein informere grunneigarane om tilhøvet. Ein kan ta kontakt med det interkommunale fellingslaget i Øvre-Telemark, men ein må sjølv stå økonomisk ansvarleg. Staten betalar bare når dei sjølv set saman eit fellingslag, og det har skjedd på uttak av nokre bjørnar til dømes. Men kommunen kan seie seg viljug på eige initiativ til å organisere jakta, seier Oland, som òg presiserer at han ikkje kjenner godt nok til regelverket.

– Skal ikkje vera dugnad
Skogbrukssjef i Seljord Jørn Ingar Sanda meiner det er positivt av Fylkesmannen no har reagert raskt og gjeve dette fellingsløyvet, men meiner at ansvaret for ei slik felling ikkje skal leggjast til privatpersonar men ligg hos forvaltaren.
– Sidan kvar enkelt kommune ikkje har eit forvaltingsansvar er det vanskeleg å sjå at me sit med eit ansvar for den økonomiske og praktiske delen av ei slik felling. Me manglar eit apparat til å utføre og hjelpe til med slike fellingar. Eit slikt ansvar må ligge hos forvaltingsmyndigheten. Det blir feil å leggje problemet over på privatpersonar eller den aktuelle kommunen. Dette er ikkje ei ordinær jakt, men ei skadefelling. Det er viktig at det blir løyvd midlar til slike tilfelle slik at det ikkje blir gjort på dugnadsinnsats eller belastar dei kommunale budsjetta. Me har ikkje dekning i årets budsjett for å stå økonomisk ansvarleg for ei slik felling, meiner Sanda.

– Etterlyser handling
Rovviltkontakt Øyvind Fosse tok i si tid på seg å samle inn namn til eit interkommunalt jaktlag i Øvre-Telemark på vegne av Rovviltnemnda, men sidan då har det vore stilt.
– Eg tok på meg å samle inn folk som eg visste var habile jegerar, men sidan då har det ikkje skjedd noko. Me har ikkje fått nokre midlar eller hatt samlingar, fortel Øyvind Fosse.
Han meiner at dette fellingsløyvet ikkje har noko for seg. Det er mest umogeleg å felle ei gaupe på denne årstida. Det einaste er å poste ved eit bytte og vente for å sjå om gaupa kjem att. Eit problem med denne jaktmetoden er at det er størst sjanse for at det er ei kjette som kjem for å finne mat til ungane. Bruk av hund er heller ikkje aktuelt på grunn av bandtvang.
Leiar for rovviltnemnda i Sør-Noreg, Lars Bjaadal, meiner ballen bør gå til kommunen.
– Det er flott at Fylkesmannen reagerer såpass raskt, men det er ikkje spesielt farleg for gaupa no på sommarstid. Det blir mest som å leite etter ei nål i ein høystakk. Desse interkommunale fellingslaga er primært eigentleg meint for uttak av bjørn og ulv, men det bør heller ikkje vera saueeigaren som skal vera ansvarleg for fellinga. Då meiner eg det er kommunen som må etablere eit fellingslag, seier Lars Bjaadal.


Artikkelen er publisert 22/07-2010

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen