|
Tysdag 7/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Har ikkje tillit til kommunetilsette
 Midt i opprivande tider rundt grendeskulen på Felle, strekkjer Anne Moi Felle og Knut Martin Felle ut ei hand og vil ha dialog med kommunen.
|
Anne Moi Felle og Knut Martin Felle har etter skulesaka mista tilliten til fleire sentrale tilsette i Nissedal kommune.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Etter at det blei stadfesta at Felle skule vil bli lagt ned mellombels dei neste to åra, har fembarnsforeldra Anne Moi Felle og Knut Martin Felle sendt ein kraftig reaksjon til Nissedal kommune. Med bakgrunn i det som har skjedd og blitt hevda i saka om å leggje ned grendeskulen og røynsler frå tidlegare, har ekteparet ikkje lenger tillit til skuleleiinga ved rektor Johannes Skarprud og Benedikte Vonen i skuleadministrasjonen.
– Desse personane har bruka makta si til å handle illojalt mot politiske vedtak, politikarane, oss foreldre og innbyggjarane i Nissedal kommune, skriv ekteparet Felle til ordføraren, formannskapet og rådmannen.
– Manipulering
Til VTB seier ekteparet at dei har oppfatta Skarprud som motstandar av grendeskulane i tider der han også var rektor for småskulane. Vidare meiner dei Vonen har gjort ei personleg oppfatning etter eit møte med elevforeldre på Felle for litt sidan. Foreldra blei bedd om å krysse av tal på elevar som skulen måtte ha framover.
– I spørjeundersøkinga var det ikkje snakk om skulenedlegging. Svara til foreldra blei bruka for å leggje ned skulen. I skulesaka elles har det vore manipulering ved at det til dømes har mangla viktig informasjon om søkjarinteressa til rektorstillinga på Felle, seier ekteparet.
– Heile bygda blei lura og ført bak lyset. Og det var feil av Fylkesmannen å gjere eit vedtak i ei sak der folk er halde for narr. Fylkesmannen sette seg ikkje grundig inn i ei sak der han også er plikta til å sjå på dei samfunnsmessige sidene, held fellsingane fram.
Tidlegare i år uttala kommunelege John Frisk at lågt tal på nærmiljøskulane fører til at unge ikkje får utvikla den sosiale kompetansen. Frisk meinte mellom anna at småskulane måtte bort. Ekteparet Felle meiner uttalene Frisk kom med er eit svært uheldig overtramp frå ein tilsett i kommunen.
– Det er latterleg at Frisk har betre føresetnad enn meg til å meine noko om sosial utvikling for dei fem barna eg har, seier Knut Martin til VTB.
Gjenskape tillit
Ekteparet Felle meiner kommunelegen ikkje har formell kompetanse til å hevde det han har gjort i grendeskulesaka.
– Dermed blei stillinga som kommunelege misbruka på det alvorlegaste, og det bør etter vårt syn få fylgjer. Dei tri personane me har omtala bør bli løyst frå stillingane sine, for å gjenskape tillit mellom Nissedal kommune som institusjon og innbyggjarane, skriv ekteparet til kommunen.
Felle meiner det er grunnleggjande galt å flytte unge frå kommunens truleg best fungerande skule (Felle skule), til det dei meiner er den truleg svakast fungerande skulen (Tveit skule) i kommunen.
– Me er kjent med kva utfordringar Tveit skule har både sosialt og læringsmessig. Me har fire barn som er ferdige med grunnskulen, og meiner derfor me har god røynsle og dekning for det me hevdar, skriv foreldreparet.
Vidare påpeikar dei at dei ikkje er viljuge til å utsette minstebarnet påkjenninga med ei svært krevjande og risikofylt reise på smale og dårlege vegar, når guten frå hausten av eigentleg skal byrje på Tveit skule. Kanskje kjem familien heller til å flytte til område som har skule, eller starte med privat undervising i heimen.
– Saka og brevet til kommunen er like aktuell om me ikkje hadde hatt att barn som skal gå i grunnskulen til hausten, presiserer ekteparet overfor lokalavisa.
Grendenedlegging
Ekteparet får skuva på seg at dei no må forstå at skulesaka er avgjort. Som svar på dette minner dei om at saka blei avgjort med eit vedtak i desember-09 om å oppretthalde alle grendeskulane.
– Det vedtaket som blei gjort då, burde KrF og Ap respektert, men vedtaket heldt bare eit halvt år. Dei to partia er ikkje stuereine når ein også tenkjer på kva dei lova om grendeskulane før sist kommunestyreval, seier Felle.
Dei meiner saka som har vore oppe seinare tida, eigentleg ikkje handlar om skulenedlegging, men grendenedlegging.
– Dei som ynskjer å leggje ned Felle skule, må heller seie at me ikkje vil ha Felle-grenda. No kan ikkje politikarane forlange eigedomsskatt eller bu- og driveplikt på eigedomar på Felle, når det ikkje er skule her. Me får ikkje noko att, slår Felle fast.
I tråd med meininga då Knut Martin var politisk aktiv og varaordførar i Nissedal i åtte år, minner han framleis om at sentrum aldri er sterkare enn omlandet sitt. Som politikar jobba han for å byggje bru mellom grendene og sentrum.
– No ser eg at enkelte krefter melder krig mot Felle-samfunnet, seier ekspolitikaren.
– Me har registrert at foreldre i sentrum jobbar aktivt for å få lagt ned grendeskulane i kommunen. Det er heilt uforståeleg, og at dei i sentrum skal vite kva som er best for barna våre!? Me har aldri høyrd noko anna enn at folk på Felle er fornøgd med grendeskulen, seier ekteparet Felle.
Dei er ute etter ein dialog med kommunen for om mogleg å finne løysingar å leve med.
– Me ynskjer eit grendemøte der formannskapet, skuleadministrasjonen og rådmannen fortel oss kva dei ventar av Felle-samfunnet, og kva som må til for at me får tilbake skulen om to år, avsluttar Anne Moi Felle og Knut Martin Felle.
– Har ikkje vore illojale
Som kommunens øvste administrative leiar svarar rådmann Sverre Sæter på vegne av rektoren, kommunalsjefen og kommunelegen.
– Eg har framleis tillit til desse tri personane. Det er ikkje grunnlag for å hevde at dei har bruka sine personlege oppfatningar i skulesaka. Dei har ikkje vore illojale, seier Sæter.
Han fortel at det var delte oppfatningar frå foreldre på Felle om kor langt ned elevtalet på grendeskulen kan gå før det er for lågt. Det er elles ikkje offentleg dei einskilde svara på spørsmålet om foreldra vil ha barna sine på grendeskulen om det blir færre og færre elevar.
Rådmannen konstaterer at saker kring skulestrukturen i kommunen er opprivande. Midt i dette ser han det som positivt for Felle at skulemidlane der automatisk vil liggje inne i kommunebudsjettet om to år. Vidare er rådmannen glad for at Anne Moi Felle og Knut Martin Felle strekkjer ut ei hand til kommunen.
– Eg kan godt tenkje meg å vere med på eit grendemøte på Felle, og vil ta opp saka med formannskapet, seier Sæter, samd med Knut Martin Felle om at sentrum er avhengig av omlandet.
Artikkelen er publisert 22/07-2010
|
Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
|