Tysdag
7/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Prøva å overbevise politikarane


Jon Arild Resen-Fellie, kona Ingjerd og dei to døtrene (nærmast) prøva å få formannskapet til å snu på synfaringa, men lukkast ikkje. (Foto: Geir Ufs)

Grunneigar Jon Arild Resen-Fellie stod på for å sleppe buplikt på Felle-eigedom då Nissedal formannskap kom på besøk.




Jon Arild Resen-Fellie overtok den 14.997 dekar store eigedomen Felle austgarden i juli 2001. Året etter fekk han utsett buplikta til 1. juli 2004, og etter ny søknad blei det utsetting til 1. juli 2009.
Resen-Fellie er advokat og bur i Askim, der han og kona Ingjerd har ein gard. I tillegg sit han med ein av dei største eigedomane i Nissedal kommune. I vår sa formannskapet nei til søknaden om konsesjon utan busetting. Resen-Fellie fekk hjelp av advokat Tallag Andersen til å klage på vedtaket. Før politikarane skulle vurdere saka på ny, var det synfaring på Felle austgarden.

Vil stelle opp
Våningshuset på eigedomen står tomt og ribba for golv og anna etter vasskade vinteren 2009. I tillegg fortalde Resen-Fellie politikarane at det er registrert farleg husbukk i kjellaren og at det er soppangrep i bygget.
– Jussen seier at de skal ta stilling til det de ser i dag. Her går det ikkje an å bu, innleia Resen-Fellie då han fekk besøket med inn i huset.
Frå politisk hald blei det minna om at det ikkje er uvanleg å vedlikehalde gamle hus og at det kostar pengar. Resen-Fellie stadfesta at vasslekkasjen vil gje eit forsikringsoppgjer. Om ekteparet blir sittande med eigedomen, er planen å renovere huset, i tillegg til å ta vare på låven og vurdere kva ein skal gjere med eldhuset.
– Slik det ser ut inne i huset no vil me ikkje ha det. Me får erstatning og skal bruke den på ein god måte på eigedomen, sa Resen-Fellie.
Han påpeikar at som eigar av Felle austgarden har han ikkje sitte på utsida og gjort seg rik av ressursen. I fleire år har han vore med og utvikla Felle-bygda, bygd hyttefelt i området og garantert for butikkdrifta.

Paradoksalt
– De som politikarar ynskjer utvikling av næringsbygda. Vidare seier de nei til å gje meg konsesjon utan buplikt, og det er vondt å oppleve. Det er paradoksalt at me skal flytte til Nissedal kommune, og la garden i Askim ligge daud, sa Resen-Fellie.
Han la til at det ikkje er mogleg å livnære seg som advokat i Nissedal, men hadde ikkje alle politikarane med seg på det. Frå politisk hald blei det elles minna om at 40 prosent av landbrukseigedomane i kommunen er på utanbygdes hender. Slikt er med og utarmar bygda og hindrar skatteinntekter.
– La oss få lov til å behalde eigedomen og fullføre det me har tenkt, sa Resen-Fellie mot slutten av synfaringa. Han var klar på at det er ekteparet som må stelle opp det som skal gjerast på garden, og ikkje skuve jobben over på ein av dei to døtrene om foreldra ikkje får konsesjon.

Svært prinsipiell sak
Sakshandsamar og jordbrukssjef Torunn Raftevold Rue slår fast at konsesjonssaka til Resen-Fellie er veldig prinsipiell. Ein skal ta stilling til praktiseringa av ei sak der eigaren ikkje ynskjer å busette seg på eigedomen.
– Saka er så viktig at om formannskapet endrar vedtaket frå april 2010, vil det vere retningsgjevande for alle bupliktsaker i Nissedal. Då vil det vere vanskeleg å nekte at dei ikkje buset seg på landbrukseigedomar i kommunen, skriv Raftevold Rue.
Ho meiner det er for drygt av advokat Andersen å påstå at våningshuset er ubrukeleg å bu i, og minner om at forsikringa ganske sikkert vil dekkje reparasjonane.
– No er det ni år sidan Resen-Fellie overtok eigedomen. Planen er tydelegvis å pusse opp huset for å kunne bu der. Då verkar det meiningslaust å argumentere med at ein ikkje kan bu i huset. Me må få lov til å lure på om Resen-Fellie nokon gong har tenkt å flytte til Felle. Nissedal kommune har strekt seg svært langt i denne saka, slår Raftevold Rue fast, med tilråding om å stå på førre vedtak.
Advokat Andersen ser at kommunen har reist spørsmål om Resen-Fellie nokon gong har tenkt å flytte til eigedomen.
– Spørsmålet er rettsleg irrelevant, representerer spekulasjon utan grunnlag i dei faktiske forhold, og er urettvis og usakleg mistenkjeleggjering av klagar, slår advokaten tilbake.
Som fylgje av tilstanden til våningshuset er konklusjonen at det ikkje er rettsleg haldbart grunnlag å konstatere buplikt på eigedomen.
– Konsekvensen i dette tilfellet er at kommunen pliktar å gje konsesjon utan buplikt, meiner advokaten.

Strekte ut ei hand
– Prinsipielt vil saka til Resen-Fellie få betyding for seinare saker også. Me bør vere veldig trygge på kva me gjer i dag, innleia ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) då formannskapet etter synfaringa skulle handsame klage.
– Me har sett skåpet på plass, det er bebygd eigedom. 90 prosent av problemet med våningshuset er vasskade, ikkje forfall og alder, påpeika skogbrukssjef Halvor Fjone på vegne av landbrukskontoret.
Frank E. Lien (Frp) la stor vekt på livssituasjonen til søkjar, og ville som sist gje konsesjon utan buplikt.
– Me får ikkje folk til å flytte ved tvang. Eg hadde håpa Resen-Fellie ville slå seg ned på garden, men på frivillig basis, sa Lien.
Kan bli forlenga
– Resen-Fellie har fått utsett buplikta i ni år. Kva har han gjort dei åra for å synleggjere at han vil flytte til Felle? Huset har ikkje vore gjenstand for vesentleg oppussing, sa ordføraren.
Johanne Vejrup (Ap) slo fast at det ikkje hadde vore bevisst misleghald på eigedomen dei ni åra, på same tid som Resen-Fellie ikkje hadde bruka åra til å førebu busetting der.
Formannskapet lufta om ein kunne gje noko lenger utsetting av buplikta for å renovere huset. Øyvind Tveit (KrF) meinte formannskapet kunne, grunna vasskaden, vurdere ytterlegare utsetting om det kom søknad frå Resen-Fellie.
– Søkjer han ikkje, har han bare avslaget å halde seg til, sa ordføraren, før ho klubba inn ei utstrekt hand. Sidan klaga elles blei avvist, går saka til avgjerd hos Fylkesmannen.


Artikkelen er publisert 20/07-2010

Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar