Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Tettstadpris for sogene som merkevare


Tung pris: Eit spesiallaga kumlok i støypejern. Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen (t.v.) overrekte prisen til ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen på Lomodden fredag kveld.

Seljord kommune fekk den fyrste tettstadprisen av Telemark fylkeskommune i 1993. Fredag kunne ein stolt ordførar ta imot prisen for andre gong.




– Eg er stolt og audmjuk – ikkje minst fordi Seljord får tettstadprisen for andre gong, sa ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen då ho fredag mottok prisen av fylkesordførar Gunn Marit Helgesen. Staden var låvebrua til garden Lomodden, midt i Seljord sentrum.
Prisen er eit spesiallaga kumlok, laga av Ulefoss jernverk, med innskrifta Telemark fylkeskommunes tettstadpris til Seljord 2009, og 50 000 kroner. I tillegg kan prisen løyse ut 100 000 fylkeskommunale kroner til, viss at kommunen sjølv legg inn same summen. Pengane skal gå til kunstnarleg utsmykking. Det slo ordføraren fast at Seljord kom til å gjera.

Samstemt jury
Fylkesordføraren opplyste at ein samstemt jury valde Seljord som prisvinnar.
– Seljord har teke fram sogene som ei merkevare for å styrkje identiteten og gjera kommunen til ein endå betre stad å bu og reise til. Juryen festa seg mellom anna ved at kommunen utviklar møtestader for innbyggjarar og tilreisande, opplyste Gunn Marit Helgesen. Ho karakteriserte «Seljord og sogene» som kulturbasert næringsutvikling, og meinte arbeidet i Seljord er til inspirasjon for andre kommunar. Ho oppfordra andre kommunar, særleg i Vest-Telemark, til å ta fram sogene sine.
– Det vil bidra til mange spennande stader, slo fylkesordføraren fast.

Mange står bak
Solveig Sundbø Abrahamsen opplyste at mange står bak «Seljord og sogene». I tillegg til kommunen, deltek også næringslivet og organisasjonar i kommunen. Prosjektet har fått støtte frå fylkeskommunen og ikkje minst departementet.
– For å lykkast må prosjektet ha forankring og lokalt eigarskap. Med det breie engasjementet har me lykkast i det, meinte ordføraren, og overrekte blomar og heider til «ein drivande prosjektleiar», næringssjef Harriet Slaaen.
Sundbø Abrahamsen opplyste at pengane frå tettstadprisen skulle gå til å gjera ferdig opprustinga ved skuleplassen og kunstlåven. Og vidare til det ho kalla «spydspissen», tårnet på Bjørge.


Artikkelen er publisert 29/06-2010

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president