|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Kraftige protestar mot kloakkanlegg
 Naboane protesterer mot reinseanlegget som er planlagt i bakgrunnen og ikkje langt unna huset til mellom anna Øyvind Sønderland (t.v.). (Foto: Geir Ufs)
|
Ivar Homme og politikar Øyvind Sønderland er blant dei som vil kjempe kraftig mot å få eit naturbasert reinseanlegg som nabo i Treungen.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
I august bad eit samrøystes kommunestyre i Nissedal arbeidsgruppa for interkommunalt vass- og avløpsanlegg på Gautefallheia om å planleggje flytting av Treungen reinseanlegg saman med etablering av nytt reinseanlegg sør for Haukerhyl.
Gruppa har no kome med eit framlegg om eit naturbasert reinseanlegg ved Haukerhylmoen, ikkje langt unna busettinga sør i Treungen. Gruppa meiner ein med denne plasseringa har tatt omsyn til det politiske vedtaket.
Dette er naboane til det planlagde nyanlegget heilt usamde i. Dei meiner dagens forslag ligg i aust og ikkje i sør slik politikarane bad om. Dessutan reagerer naboane på at dei ikkje har fått nokon orientering om anleggsplanen.
Sjenanse
– Då formannskapet handsama saka i førre veke tok dei ikkje omsyn til kommunestyrevedtaket. Reinseanlegget på Haukerhylmoen blir eit nytt IATA (søppelplassen i Haugsjåsund). Me kan ikkje forstå anna enn at eit ope naturbasert reinseanlegg er nøydd til å gje lukt. Eigedomane våre blir forringa, og me kan ikkje vere ute og kose oss om somrane, seier mange av naboane.
– Son min kunne tenkt seg å byggje her, men det blir ikkje noko av om det kjem dritlukt i nærleiken, legg ein engasjert Ivar Homme til.
Naboane er sinna og frustrerte om dagane, og føler seg ført bak lyset.
– Me vil aldri gå med på dette forslaget som er ein hån mot oss. Dei må kunne plassere eit reinseanlegg der det ikkje er til sjenanse for folk, etterlyser innbyggjarane.
Dei undrar seg elles over at kloakken frå hyttene på Gautefall skal ned til Treungen og bli ei plage for busettinga.
Klar til kamp
Øyvind Sønderland var med på kommunestyrevedtaket i august. KrF-politikaren som bur sør i Treungen, kjenner seg ikkje att i saka når det no plutseleg kjem forslag om å ha reinseanlegget på Haukerhylmoen.
– Arbeidsgruppa har gått ut over mandatet sitt. Om formannskapet veit dette og ikkje har reagert, er eg kraftig skuffa. Eg skal stå på til siste slutt for at det ikkje skal kome eit reinseanlegg på Haukerhylmoen, seier Sønderland.
Formannskapet har ikkje kome med merknader om anleggsplasseringa i innstillinga som kommunestyret skal handsame torsdag. Det luktar eit god frammøte frå innbyggjarane sør i Treungen når saka skal opp.
Forstår naboane
Einingsleiar Kai Halvor Juva ved teknisk etat i Nissedal kommune har ikkje problem med å forstå at innbyggjarane sør i Treungen reagerer på planen om reinseanlegg i området.
– Det er vel ingen som vil ha eit reinseanlegg nær seg, men ein stad må det vere, seier Juva.
Han fortel at aktuelle grunneigarar har blitt informert om planane, men på det stadiet ein er no er det ikkje naturleg å ha med naboane. Dei får seie sitt når saka kjem på høyring.
– Blir det lukt frå anlegget på Haukerhylmoen?
– Det er ingen garanti for at naboane ikkje vil kjenne lukt, svarar Juva.
Elles meiner Juva at om anleggsplasseringa no verkeleg ligg sør for Haukerhyl slik kommunestyret vedtok, blir ei findefinering som politikarane må ta stilling til.
VTB har ikkje lykkast i å få tak i ordføraren for ein politisk kommentar i saka.
Naturbasert reinseanlegg
I slike anlegg brukar ein naturen som reinseprosess. Planen ved Haukerhylmoen er å ha eit lukka anlegg der slammet blir fjerna. Deretter renn slamavskilt væske inn i opne basseng i sandområde. Etter filtreringa ved hjelp av sanden renn rein væske ut i elva i nærleiken.
80 dekar på Haukerhylmoen er tenkt nytta. Halve arealet skal brukast til reiseanlegget, medan resten blir eit skogbelte mot vassdraget og naboane. I fylgje Kai Halvor Juva ved teknisk etat i Nissedal kommune vil dei næraste naboane få 400 meter til sjølve anlegget.
Om politikarane heller vel å satse på eit konvensjonelt reinseanlegg, vil heile prosessen bli lukka inne i eit bygg. Løysinga krev 10 millionar kroner meir i investering enn ved eit naturbasert anlegg. I tillegg kjem 2 millionar kroner ekstra i årlege driftsutgifter.
Artikkelen er publisert 13/03-2010
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|