Laurdag
31/7-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Triveleg minifestival


Kjetil og Olav Momrak Haugan var med på å trakke til sin eigen snøkube.

På Fossum feriesenter arrangerte private aktørar ein liten vinterfestival laurdag. Dei frammøtte kunne utfalde seg kunstnarisk i snøen og samtidig få seg ein sledetur på isen.




Calle Christensen er lærar ved Foldsæ vidaregåande steinerskule i handverk, hagebruk og kunstnariske fag. Han var primus motor bak den vesle vinterfestivalen i Hauggrend, med god hjelp frå både dugnadskrefter, marknadskrefter og andre krefter.
– Me hadde aldri drøymt om å vere så heldige med vêret, smiler han med eit augekast opp på den knallblå himmelen.
I tillegg til vêret som sto han bi, hadde Montér sponsa materiale til å lage reisverket til snøkubene med.
– Det sette me stor pris på. Dessutan har Ragnhild Berge i kommunen har vore ein god rådgjevar for oss, og Aslak Momrak Haugan har køyrd opp løyper. Også må eg ikkje gløyme å nemne elevane, som verkeleg har stått på, skryt Christensen.

Ope for alle
Denne laurdagen var skuledag for elevane i kunstklassene hans, noko dei var svært nøgde med. Men det var ikkje berre Foldsæ-elevar som deltok på festivalen denne flotte vinterdagen. Festivalen var open som alle som ville.
Arrangørane hadde laga fleire små snøkuber på området, men her var ingen konkurranse – det var berre å forme og skjere ut i kubane, og samarbeid var eit stikkord.
– Dette er ei slags vidareføring av eit prosjekt me hadde i fjor, der me skar ut store kubar av isen på vatnet her og bruka dei til å lage skulpturar. Poenget er at alle skal jobbe med alle, og at alle skal kose seg og ha det fint i lag. Dette er ein perfekt måte å ha laurdagsundervisning på – det kunne ikkje ha vore betre, sa Mikkel Funnemark, tredjeklassing ved naturbrukslinja på Foldsæ.
Ungane som hadde møtt opp såg ut til å omfamne den frie kunstforma, og gjekk inn for utformingsoppgåva med liv og lyst. Snøkubene såg ut til å ha ein så tiltrekkande kraft at ungane ikkje ensa tilbodet hest– og sledetur på isen.
– Neste gong håpar me fleire tek turen, oppmoda ein strålande nøgd Christensen.


Artikkelen er publisert 11/03-2010

Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen