|
Onsdag 8/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Stor feleinteresse i kappleiksbygda
 Mange unge i Seljord vil lære å spele fele. Frå venstre: Jon Inge Særsland, Hilda Klomset Lønnestad, Ida Fjellheim Flatland, Bergit Børve, Malin Gjerlid, Helena Isaksen, Hedda Antonsen og Anine Brauti. Dei får hjelp av instruktørane Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen.
|
Interessa for felespeling er så stor i Seljord at det er venteliste i kulturskulen.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Det er ingen tvil om at det gror godt i folkemusikkmiljøet i Seljord eitt år før bygda arrangerer Landskappleiken. I fjor haust var det fleire elevar på venteliste for å spele fele i kulturskulen. Dette ynskte Seljord spelemannslag å gjere noko med. Kvar tysdag sidan byrjinga av januar har laget arrangert kurs for dei yngste. 9 nybyrjarar, sju jenter og to gutar, i alderen 6 til 10 år har møtt opp på Granvin for å lære seg å spele fele.
Det har vore både song, spel og trim i undervisninga som kulturskulelærar Ragnhild Knudsen er hovudansvarleg for. I tillegg har medlemmar av Seljord spelemannslag vore med som hjelpeinstruktørar.
Meir enn Rybak
I kulturskulen er det heile 33 elevar som har valt fele eller hardingfele som instrument. Alt i alt spelar meir enn 40 unge under 18 år fele i Seljord.
– Det er ingen tvil om at det er populært å spele fele i Seljord. Ingen andre kommunar i Telemark kan vise til så mange felespelarar i dag. Både i dans og spel er det veldig god rekruttering i Seljord, seier Torunn Raftevold Rue i Seljord spelemannslag.
– Kva er årsaka til denne oppbløminga?
– Det er ikkje så lett å peike på éin årsak, men det er nok meir enn Rybak-effekten, meiner Raftevold Rue.
Ho trur eit veldig godt folkemusikkmiljø er vel så viktig som den fiolinspelande Grand Prix-vinnaren som tok heile verda med storm i fjor.
– Mange av elevane er også med og dansar i Tusseleiken. På denne måten får dei også med seg rytme. Dessutan er det fleire ungdomar som spelar og som fungerer som gode førebilete for dei yngste. Me har god variasjon i aldersgruppene, seier Raftevold Rue.
– Me i spelemannslaget tenkjer rekruttering. Neste år arrangerer me Landskappleik og det er viktig å halde desse unge feleinteresserte varme, seier ho om bakgrunnen for at spelemannslaget tok på seg å arrangere nybyrjarkurs.
Gler seg til kappleik
Då VTB var innom på øvinga tysdag var det nest siste gong med kurs. Dei unge felespelarane gledde seg til vårens høgdepunkt; Sjokoladekappleiken som blir arrangert neste laurdag.
Anine Brauti (9 1/2) er blant dei som ser fram til kappleiken.
– Det er kjempemoro å spele fele, og eg kjem til å halde fram. Spesielt gler eg meg til Sjokoladekappleiken, seier ho.
Jon Inge Særsland (6 1/2) var den einaste guten på tysdagens øving. Han er ein allsidig ung folkemusikar.
– Eg kvedar og så spelar eg munnharpe heime, seier Jon Inge.
– Kvifor byrja du å spele fele?
– Fordi eg ville prøve det, vel, seier han, og legg til at han ikkje er heilt sikker på kva han ville valt om han måtte velje mellom fele, kveding og munnharpe.
Helena Isaksen (5 1/2) er den yngste kursdeltakaren.
– Eg hadde lyst til å prøve fele, og det er veldig moro, seier ungjenta, før læraren tek kontroll og set i gang kveldens øving.
Eit godt grep på bogen er viktig å lære seg tidleg. I tillegg er dei unge folkemusikarane gjennom fleire øvingar, både med og utan fele i halsgropa.
Læraren er imponert av kva dei unge har lært på dei sju vekene kurset er arrangert.
– Dei har blitt veldig flinke, seier felelærar Ragnhild Knudsen.
Artikkelen er publisert 11/03-2010
|
Aktuelle saker:
1300 skiglade i kulda
Kan tape på biobrenselanlegg
Lovar god beredskap
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse

|