|
Tysdag 7/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Oppblåsbare dokker og Vesaas på tullespansk
 Effektiviteten sto ikkje i høgsetet for denne kraftlagsgjengen. Som mytane seier var det ein som arbeidde medan tre andre sto og glodde på. F.v. Anne Helene Tveiten, Jan Halvor Romtveit, Lars Ole Hagen og Per Kjetil Tveito.
|
Revygruppa i Haukeli hadde som vanleg tatt for seg eit breitt spekter av lokale hendingar, fenomen og ikkje minst personar i utarbeidinga av årets program – alt sjølvsagt sett på spissen slik berre dei kan.
Randi Berdal Hagen redaksjon@vtb.no
Ordførar Arne Vinje, Odd Nordstoga og Bjørn Arne Lindskog var tri av dei profilerte vinbyggjane som måtte finne seg i å bli parodiert av galningane i revygruppa i årets Haukelirevy. Jamvel rådmann Lehmann fekk ein gjesteopptreden som ei av dei vonde åndene i Vinje, under eit innslag der ein klarsynt skulle diagnostisere problema i kommunen.
Facebookharselas
Svineinfluensa, skuterkonflikt, OL i Haukeli og ein svært byråkratisk legesekretær var nokre tema som blei tekne opp og sett i eit lokalt ljos av dei etterkvart så erfarne amatørane.
Mange i salen burde nok særleg kjenne seg att i den vanvittige folkeopplysningstrongen som nettfenomenet facebook har ført med seg. Hans Nesheim og Jan Halvor Romtveit illustrerte dette svært godt gjennom ein middagssketsj der Nesheim som mannen i huset blei så oppkava over at kjerringa (Romtveit) hadde kosta på seg fløte i sausen, at han gløymde å ete og i staden kasta seg over datamaskina for å kringkaste denne ekstravagansen.
Vesaas-humor hadde òg fått plass på programmet. Revygruppa kom alle i forkjøpet og oversette heile Fuglane til ein slags spansk sjølv far kan forstå. For ein treng vel ikkje vere vidare språkmektig for å skjøne den kvasispanske setninga «Los jegros skytos los fuglos».
God respons på annonse
Og for dei av VTB-lesarane som undra seg over ei noko annleis rubrikkannonse ei tid tilbake, der det blei avertert etter ei rein, heil oppblåsbar dokke, kan me no avsløre at mannen bak var Tarjei Sørvesaas, som ynskte seg ein skiturkamerat med meir. Det fann han, og «Berta» var med nesten kvar gong Tarjei tusla over scena innimellom innslaga og rydda kulisser medan han lirte av seg vittige kommentarar.
Rungande latterbrøl og kontinuerleg fnising blant publikum vitna om at revyen slo an i år òg. Etter siste førestilling laurdag var det heile over for denne gong. No kan dei profilerte vinbyggjane som enno ikkje har vore i revygruppas søkelys starte å gruglede seg til neste år. Turen kjem nok til dykk, òg.
Artikkelen er publisert 09/03-2010
|
Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
|