|
Tysdag 7/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Gutane reiste kjerringa
 Ånund Lid Byggland gjekk inn til ein knallsterk andreplass i junior-NM i Stryn i helga. (Foto: Stig Ertzeid)
|
Under junior-NM i Stryn i helga var løparane frå Vest-Telemark langt nede på resultatlista etter det klassiske distanserennet torsdag. På laurdagens friteknikk revansjera dei seg kraftig.
Stein Olav Lie stein.olav.lie@vtb.no
Forventningane var store før årets juniornoregsmeisterskap i langrenn. Både Sindre Høgset frå Vinje og Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo er blant landets beste utøvarar i sine klasser. I alt var seks løparar frå Vest-Telemark med i meisterskapen, og alle representerer Team Hovden/Hovden skigymnas i tillegg til klubbane sine.
Svakt i klassisk
Torsdag stod klassisk distanse på programmet og det enda med vesttelane langt nede på resultatlistene. Lid Byggland blei nummer 55 og Høgset nummer 77. Den som hadde mest grunn til å vere fornøgd var nok Runar Skaug Mathisen, Vinje, som enda på 66. plass. Klubbkamerat Kjell Einar Erikstein blei nummer 100, Arne Moen Lid, Høydalsmo, nummer 108. Håkon Lie, Åmdal, enda på 90. plass.
Det var derfor revansjelystne vesttelar som stod på startreken laurdag. Då var det 10 kilometer friteknikk, og det såg ut til at vesttelane hadde ei kollektiv fandenivaldsk innstilling om å gjere det bra.
Sterke i friteknikk
Av syttenåringane gjekk nok ein gong Runar Skaug Mathisen fortast, og han blei til slutt nummer 54. Han var 2,14 bak vinnaren. Elleve plassar bak Mathisen enda Arne Moen Lid, vel sju sekundar etter. Kjell Einar Erikstein blei nummer 101. Alle syttenåringane har i større eller mindre grad vore plaga av sjukdom denne sesongen, og derfor var resultata eigentleg opplyftande. Mathisen kom så høgt på resultatlista at han blei premiert. Det er ein tredjedel av utøvarane som får premie.
I attenårsklassa gjekk Sindre Høgset eit knallsterkt løp og enda på 4. plass. Han var 51,5 sekundar bak vinnaren Sindre Bjørnstad Skar, men berre seks sekundar frå bronsemedalje. Håkon Lie gjekk også eit sterkt løp og blei nummer 37. Han var 4,7 sekundar frå å bli blant dei 30 beste, noko som gjev poeng i noregscupen.
Frå leik til alvor
I den eldste juniorklassa, 19/20 år, var Ånund Lid Byggland fast bestemt på å prestere.
– No er det flaten meg slutt på å leike, sa Lid Byggland då han var innom smøreteltet og henta skia før start.
Og sjølv om han leika med dei aller fleste konkurrentane denne dagen, tok han ein alvorleg sterk 2. plass. Dermed blei det sylvmedalje på karen frå Høydalsmo som nok ein gong viste styrke i sporet. Vinnaren blei Finn-Hågen Krogh, Tverrelvdalen IL. Tomas Northug blei nummer tri.
Bra stafett
Sundag var det stafett og krinsen stilte med sju stafettlag. På 1.laget til Telemark/Vestfold skikrins gjekk både Sindre Høgset og Ånund Lid Byggland. Håkon Lie gjekk på 3. laget, Runar Skaug Mathisen på 4. laget, Arne Moen Lid på 5.laget og Kjell Einar Erikstein på 6.laget.
Det var løparar frå Vestfold som gjekk dei to fyrste klassiske etappane for 1. laget, og dei veksla som nummer 12. Høgset avanserte ein plass før han gav klappet til Lid Byggland. Han hadde stor fart i sporet, og han gjekk forbi fem lag på veg mot mål. Med nest beste etappetid gav det til slutt ein sterk 6. plass. Andrelaget til krinsen blei nummer 25, tredjelaget nummer 60, fjerdelaget nummer 67, femtelaget enda på 76. plass, sjettelaget på 99. plass og 7.laget enda heilt sist på 104. plass.
Teknikktrening
– Tidlegare var eg nok best i friteknikk, men som juniorløpar har eg gjort det best i klassisk. I sommar trena eg ein god del skøyting saman med Audun Svartdal. Då fekk eg gjort mykje med den tekniske delen, og no klarte eg å overføre det til konkurransen, seier ein strålande fornøgd Ånund Lid Byggland.
– Korleis vil du oppsummere junior-NM for din del?
– Eg må jobbe meir med teknikken i den klassiske stilarten. Elles er eg veldig godt fornøgd med at eg klarte å omstille meg til konkurransane både laurdag og sundag etter den svake starten. Og så hadde eg vanvittig gode ski, spesielt sundag, avsluttar sylvmedaljevinnaren.
Nesten medalje
Sindre Høgset kjempa lenge om ein plass på pallen, men i mål var han seks sekundar frå medalje.
– I utgangspunktet hadde eg eit visst håp om medalje på laurdagens friteknikk, men etter den heller svake innsatsen torsdag var eg usikker. Eg starta ganske hardt, men kontrollert laurdag. Så haldt eg litt att halvvegs før eg tok ut det eg hadde på slutten. Eg gjorde mitt beste og kunne ikkje gått fortare, så eg er veldig godt nøgd med både skøyterennet og stafettinnsatsen i helga, seier Høgset.
Han forbetra med dette sjuandeplassen i friteknikk frå junior-NM i fjor.
Artikkelen er publisert 09/03-2010
|
Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
|