|
Tysdag 7/9-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Nyttårsfest med dans og glede
 Over 70 deltok på nyttårsfest på Tokke kulturhus laurdag, og med god mat, levande musikk og dans blei det ein flott fest.
|
Med god mat, levande musikk og trengsel på dansegolvet var det god stemning på nyttårsfesten laurdag på Tokke kulturhus.
Audny Barstad redaksjon@vtb.no
Det var Åheim bufelleskap på Dalen som baud inn til nyttårsfest for psykisk og fysisk utviklingshemma i Vest-Telemark. Med støtte frå Kyrkje og kulturdepartementet kunne dei be inn til middag, levande musikk, dans og utlodding.
Førebuinga av festen byrja i desember i fjor og over 70 deltakarar frå heile regionen møtte opp for å ha det triveleg saman.
– Det er artig å kunne gjera noko ekstra, og alle har vore flinke til å stille opp for å stelle til denne festen, seier Mona Sofie Skafså, tilsett ved Åheim bufelleskap.
På festen var det òg utlodding av gevinstar som var samla inn frå heile Vest-Telemark.
– Me må få takke for støtta me har fått frå bedrifter og handelsstanden i Vest-Telemark som har gjeve gevinstar til oss, seier Skåfså.
God stemning
Det var ikkje vanskeleg å sjå at det var eit kjærkome tiltak og at mange hadde gleda seg til festen. Maten gjekk ned på høgkant, og etterpå var det tid for eit av høgdepunkta, nemleg dansen.
Brørne Eivind og Einar Heggtveit frå Høydalsmo stilte opp med gitarar og fengande musikk som fylte dansegolvet opp. Spanande blei det òg, for i løpet av kvelden skulle det kårast dansekonge og dronning.
Annika Drenth og Glenn Roger Bergland frå Fyresdal var to av mange som hadde sett fram til kvelden.
¬– Me har gleda oss lenge til festen, og me har øva på å danse før me skulle hit, kunne Annika fortelje.
Etter fyrste omgang med dans var det tid for kaffi og kake, og sjølv om bladfyken måtte reise før kvelden var slutt, så var det tydeleg at det var meir enn god stemning blant festdeltakarane denne kvelden.
Ynskjer rause kommunar
Etter festen var arrangørane svært nøgde, og Mona Sofie Skafså meiner det er svært viktig med slike tiltak.
– Det skjer ikkje så mykje for denne gruppa og når ein ser den gleda dei har når dei samlast viser det kor viktig det er med slike tilstellingar. Eg vil gjerne oppfordre alle kommunane i Vest-Telemark til å vera rause med pengesekken dersom andre i regionen ynskjer å skipe til aktivitetar for denne gruppa. Det er lett å sjå kor mykje dei set pris på det, seier Skåfså.
Artikkelen er publisert 09/02-2010
|
Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
|