|
Laurdag 31/7-2010

Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Buplikt på eigedomen eller i kommunen
 Hovudutvalsmedlemene Kjell Sverre Thoresen (t.v.), Lars Arvid Bjørgulfson, Siw Berve, Sven Erik Skomdal og Marini Van Terheijden klarte ikkje å svelgje framlegget frå rådmannen om ti års buplikt i kommunen i staden for fem års buplikt på eigedomen Borgen. (Foto: Geir Ufs)
|
Rådmannen og jordbrukssjefen i Fyresdal har ulikt syn i ei sak om fritak frå buplikta på eigedomen Borgen i Borggrend. Utvalspolitikarane sender den prinsipielle saka til kommunestyret for avgjerd.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Atle Erikstad i Fyresdal kjøpte Borgen hausten 2008 og fekk konsesjon på den 8.950 dekar store eigedomen like etterpå. Vilkåret var at han busette seg på Borgen innan eitt år, noko han også lova å gjere. Erikstad hadde ikkje merknad til at han blei pålagt 10 års buplikt på eigedomen.
Borgen ligg lengst inne i Borggrend 25 kilometer frå Fyresdal sentrum. Det er kommunal veg heilt fram, og infrastruktur som straum og telefon er på plass.
Erikstad har no søkt kommunen om fritak frå buplikta. Han peikar på at det mellom anna er dårlege hus der og det er fem kilometer til næraste nabo. Dessutan er den kommunale vegen dårleg.
Den førre eigaren fekk i si tid fritak frå buplikta, etter at fylkeslandbruksstyret hadde tatt til fylgje klaga om at eigaren hadde fått buplikt av kommunen.
Nei og ja
Sakshandsamar Elin Skålid ser ikkje nye moment i saka og seier nei til varig bufritak. Ho meiner det er pårekneleg at andre ville erverve eigedomen til bustadføremål om dei hadde fått høve til det. Søkjar får frist fram til 1. mars 2013 med å flytte til eigedomen, og må bu der i minst fem år etter å ha slått seg ned der. Det er eit vilkår for utsettinga at desse åra blir nytta til å ruste opp eigedomen på ein slik måte at han blir eigna til heilårsbusetting.
Rådmann Ketil O. Kiland er inne i saka med ei anna vurdering enn jordbrukssjefen. Konklusjonen er å gje Erikstad fritak for buplikta om han bur ein annan stad i kommunen i ti år. Bufritaket på eigedomen blir grunngjeve med at kommunen får store utgifter med transport av skulebarn, men også eit større ansvar for vedlikehald av heilårsvegen. Vidare merkar rådmannen seg at søkjaren synest det er vanskeleg å busette seg på eigedomen, og Erikstad peikar på at han alt bur i kommunen.
Andre moment er at erfaringane syner at det ofte blir misleghald av buplikta om ein søkjar ikkje er motivert for å busette seg på eigedomen, sjølv om rådmannen ikkje konkluderer med at det skjer i denne saka. Elles ser rådmannen at Erikstad har gode føresetnader for å skjøtte eigedomen på ein svært god måte ved å bu der han er no. Til slutt nemner kommunetoppen at det tidlegare er gjeve bufritak på Borgen.
Ny måte å tenkje på
– Sakshandsamar har fagleg argumentert godt for busetting. Blir rådmannens tilråding tatt til fylgje, vil dette vere ein ny måte å tenkje på som vil krevje god oppfylging både i arbeidet med kommuneplan og landbruksplanen, uttaler Kiland.
Han spør mellom anna om det kan innarbeidast køyrereglar i kommuneplanen for korleis ein skal handsame dette med buplikt.
– Eg ynskjer å få i gang ein debatt om korleis ein kan få til ei meir positiv vinkling på dette med buplikt på landbrukseigedomar. Skal ein forlange buplikt på eigedomen eller skal ein lempe på dette kravet så lenge eigaren bur i kommunen, spør rådmannen.
Han er elles ute etter rutinar der alle som søkjer bupliktfritak og får dette på vilkår, årleg bør kallast inn til ei samtale med kommunen rundt drifta av eigedomen med meir.
– Slike samtaler må innarbeidast i avtala som opprettast mellom kjøpar og kommunen, meiner rådmannen.
– Ført bak lyset
Hovudutval for landbruk og teknikk hadde denne vanskelege saka på bordet i går. Utvalsleiar Kjell Sverre Thoresen (Sp) innleia med at jordbrukssjefen og rådmannen har litt ulike konklusjonar i saka …
Rådmannen sa med eit smil at han og jordbrukssjefen framleis er gode venner, om nokon undra på det. Det er den prinsipielle debatten kring buplikt Kiland no ynskjer fokus på.
Thoresen minna om at Erikstad forplikta seg til busetting på bruket innan eitt år.
– Då søknaden om bufritak kom, følte eg meg ført bak lyset, sa han, og la til at det ikkje er nye moment i saka sidan utvalet hadde ho førre gong.
Lars Arvid Bjørgulfson (Ap) følte seg også ført bak lyset.
– Å søkje om bufritak no er ikkje ein grei måte å gjere det på. Førre gongen hadde eg ikkje gått med på å gje konsesjon om søkjaren ikkje hadde forplikta seg til å flytte til eigedomen. Eg trudde han var klar over at det måtte investerast før han kunne bu der. Dette er ei vanskeleg sak, rista Bjørgulfson på hovudet.
Thoresen skaut inn at han syntest det var vanskeleg å bruke som argument at kommunen får auka utgifter om det blir busetting på Borgen.
– Det er mange flotte eigedomar i Borggrend som det er mogleg å bu på, sa Sp-politikaren.
– Det blir litt feil av Erikstad å gjere det på denne måten, så eg veit ikkje kva eg går for, sa Siw Berve (Ap).
Sender saka vidare
Sven Erik Skomdal (Bygdelista) minna om at infrastrukturen er på plass i Borggrend, og at det ikkje var nye moment i saka.
– Eg har vanskeleg for å gå for bufritak, sa han.
Det var tydeleg at utvalspolitikarane hadde store problem med å svelgje eit bufritak. Etter ein kraftig utpust frå leiaren, minna han om at det ikkje var noko førre gongen som tilsa at ein skulle gje fritak.
– Eg har ei kjensle av at denne prinsippdiskusjonen om handheving av buplikt bør ein ha i kommunestyret, sa Thoresen.
– Saka er ikkje enkel. Dette er politikk også, og det er veldig lurt å ha saka i kommunestyret, svara Bjørgulfson.
Og slik blir det. Men fyrst måtte utvalet kome med ei tilråding til dei 21 folkevalde i kommunens øvste organ. Det blei til at alle fem i utvalet støtta jordbrukssjefen, og ikkje dei nye tankane til rådmannen. Saka blir nok grundig diskutert i dei politiske gruppene før kommunestyremøtet. Rådmannens innspel har sett grillar i hovudet på både den eine og den andre. Slikt trengst å tyggast, og det monaleg denne gongen, kunne me lese i ansikta til utvalspolitikarane.
Konsesjon utan buplikt
Eit samrøystes hovudutval for landbruk og teknikk i Fyresdal sa i går ja til å gje bonde og milliardær Johan Benad Ugland i Grimstad konsesjon på Austre-Nape. Ugland må ikkje busette seg på den største eigedomen i kommunen.
Elles såg utvalet saka som så spesiell at ein valde å sende ho til kommunestyret for endeleg avgjerd der. Grunna tidsnaud i går kjem VTB torsdag tilbake med meir frå utvalets handsaming av denne saka.
Artikkelen er publisert 02/02-2010
|
Aktuelle saker:
Fryktar farleg veg
Økologisk fleirbruksskog i årevis
Glade for å vere tilbake
Endeleg kunstgras
Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter
Ikkje god nok karakter for grunnskule
Satsar på lokalt øl på fjellgard
Vil spore opp «Hans»
Dramatisk i Øyskogen
|