Tysdag
7/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Jubilantstilling som betrar kvardagen


Oscar Garnes frå Vinje hjelpte med forsøksrapporten om «Prøveprosjekt for diakoni i Vest-Telemark». Nesten ein mannsalder seinare slår han fast at prostidiakonstillinga er eit viktig og positivt innslag i Vest-Telemark. (Foto: Geir Ufs)

Sundag var det på dagen 25 år sidan vigslinga av den fyrste prostidiakonen i Vest-Telemark og Noreg. Både jubileet og diakoniens dag blei feira i Nissedal kyrkje og bedehuset.

– Eg er ikkje i tvil om at prostidiakonstillinga har vore med på å gjere Vest-Telemark til ein betre stad å leve, sa styreleiar Oscar Garnes i prostidiakonatet på det festlege samværet.




Nissedøl og diakon Gotfred Rekkebo (1911-1993) fekk ideen om å opprette ei stilling som prostidiakon i Vest-Telemark. Samarbeidstanken kom då det var umogleg for kvar enkelt kyrkjelyd å ha økonomi til eigen fagutdanna diakon.
Etter diverse rundar og samtale med kyrkjeminister Kjell Magne Bondevik våren 1984, lysna det meir og meir for å få på plass landets fyrste stilling som prostidiakon. I august 1984 godkjende Agder bispedømmeråd oppretting av ei prostidiakonstilling i Vest-Telemark for ein prøveperiode på fem år.
– Det var ein lang prosess før tilsetting. Det var mellom anna forhandlingar med departementet om økonomi, for det skulle mykje midlar til. Det var dyktige folk som førte saka i departementet. Stillinga var ei veldig viktig sak, ho dekte heile prostiet, seier Hanne Roholdt frå Vrådal til VTB.
Ho var Kviteseid sin representant i styret for diakonatet då Per Emanuelsen blei tilsett som prostidiakon i Vest-Telemark. Sundag var det nøyaktig på dagen 25 år sidan han blei vigsla til oppgåva innan diakoni (tyder teneste).
– Dei fann rette mannen til jobben, men det har dei også gjort i dag. Eilev Erikstein kan prate med alle, smiler Roholdt om han som har vore prostidiakon dei siste 19 åra.

Utfordringar
Roholdt var til stades då Per Emanuelsen blei vigsla til prostidiakon i Nissedal kyrkje. Ein god del andre som var i kyrkja denne merkedagen, møtte sundag i same kyrkja for å feire diakoniens dag og 25 årsjubileum for prostidiakonstillinga. På den kalde januardagen var det bra oppmøte i ei kyrkje der Emanuelsen, no prostidiakon på Sørlandet, var tilbake for mellom anna å halde preika.
– På denne diakoniens jubileumsdag blir me alle utfordra til å ha nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kjempe for rettferd, la Emanuelsen vekt på.
Han syntest det var rart å vere tilbake i kyrkja der han blei vigsla til prostidiakon 10. januar 1985.
– Det var ein veldig spesiell dag for 25 år sidan, og det er ein stor dag her no. Det er veldig flott å møte folk som har halde seg så godt, og det er imponerande at det kom så mykje folk i dag, seier Emanuelsen til VTB, like før folk skal over til bedehuset for kyrkjekaffi og feiring.

Eventyr
I jobben som prostidiakon er Eilev Erikstein eigentleg ein tenar som flyttar kyrkja ut til folk. Han er svært glad i jobben sin.
– Eg er så heldig at eg får vere med på så mange kreative, spennande og meiningsfulle kvardagar, seier Erikstein til lokalavisa under kaffistunda.
Han synest etableringa av stillinga er eit lite Vest-Telemark-eventyr. Andre stader kom etter og fekk også på plass prostidiakon. I dag er det 6 av dei i landet.
– De gjekk litt føre oss med tanke på å gå på tvers av kommunegrensene, sa Nissedal-ordførar Anne-Nora Oma Dahle, då ho gratulerte den interkommunale jubilanten.
Oscar Garnes frå Vinje skreiv i si tid ferdig forsøksrapporten om «Prøveprosjekt for diakoni i Vest-Telemark». Under feiringa sundag var han klar på kva stillinga som prostidiakon har betydd.
– Eg er ikkje i tvil om at prostidiakonstillinga har vore med på å gjere Vest-Telemark til ein betre stad å leve, slo han fast med eit smil. Han er nok ikkje aleine om å meine det, tolka me sundagens forsamling rett.


Artikkelen er publisert 12/01-2010

Aktuelle saker:
Aktiv helg
– Observatørrolla var eit spel for galleriet
– Tidenes mål på Åmot stadion
Sterke kulturkommunar
Omdømefokus i debatt om skulen
85.000 til vintermarknadsføring
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar