|
Torsdag 17/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Milliardær sikra seg kjempeeigedom
 Det er totalt 25 bygningar på den 40.000 dekar store eigedomen Austre-Nape som no er selt ut av Reine-familien.
|
Austre-Nape, Fyresdals største eigedom, er selt til milliardær, forretningsmann og bonde Johan Benad Ugland (56) i Grimstad. Kjøpesummen er 18,5 millionar kroner for den 40.000 dekar store fjelleigedomen med 25 bygningar. – Austre-Nape kan ikkje få ein betre eigar enn Ugland. Han er ein person som har lyst og pengar til å ta vare på eigedomen, seier Torstein Moland som har hjelpt seljaren med salet. Fyresdal kommune kjem ikkje til å krevje buplikt på eigedomen.
Geir Ufs geir.ufs@vtb.no
Austre-Nape ligg rundt ei mils køyring opp- og innover frå Fyresdal sentrum, og det er ikkje heilårsveg til den store eigedomen som grensar til Nissedal kommune. Totalt er det 10.000 dekar produktivt skogsområde og 25 ulike bygningar på Austre-Nape.
I ein god del år har Paul (døydde i haust) og Astri Reine frå Vegårshei eigd og vedlikehalde eigedomen. I februar 2009 tok Paul Reine kontakt med sambygdingen Torstein Moland for å få hjelp til å finne ein framtidig eigar av Austre-Nape.
– Føresetnaden for sal var ein god eigar som kunne ta vare på Austre-Nape med alle sine kulturhistoriske verdiar og ein eigar som er god for lokalsamfunnet, fortel Moland til VTB.
Møteplass
Reine visste at Moland kjente finansmann og storbonde Johan Benad Ugland (56) i Grimstad. Sistnemnde blei kontakta, og det førde til at eigedomen blei selt. Konsesjonssøknaden er like om hjørnet.
I fylgje Moland er Ugland ein kapasitet og eit positivt innslag som vil sette sitt preg på eigedomen, og grimstadmannen vil spele på lag med bygda i Vest-Telemark.
Det er mange gamle bygg på eigedomen. Eitt av dei er Svartedaudhuset. Riksantikvaren har datert det til 1350. Laftebygget er det einaste som er freda på eigedomen, og er eit av dei eldste bygga i Fyresdal.
Ugland skal restaurere dei bygga som treng det og føre bygg tilbake i si opphavlege form.
– Dessutan vil Ugland bruke Austre-Nape som møteplass, ikkje bare for samarbeidspartnarar i forretningslivet og landbruket, men det skal også vere ope for lokale lag og foreiningar etter avtale. Vidare kan det i landbrukssamanheng bli aktuelt å satse på matutvikling og fornybar energi, seier Moland.
– Kan ikkje få betre eigar
I Grimstad er Ugland kjent for å vere open og å engasjere seg i lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Garden hans er ein møteplass for mange lokale. I desse tider byggjer Ugland eit kjempestort bygg for universitetet i Grimstad, og det fører til mange fleire interessante arbeidsplassar i byen.
– Austre-Nape kan ikkje få ein betre eigar enn Ugland. Han vil ta vare på det særeigne der på ein framifrå måte. Ugland er ein person som har lyst og pengar til å ta vare på eigedomen, og han vil tilføre Fyresdal verksemd, seier Moland.
– Skal han flytte til Fyresdal?
– Nei, han tenkjer ikkje å flytte opp dit, svarar Moland, og minner om at det ikkje er heilårsveg til Austre-Nape, ikkje straum og innlagt vatn der og ikkje mobildekning i området.
Prisen
Ugland overtek alle bygningane med innbu på fyresdaleigedomen. Snart kan det bli bygd kraftverk til rundt 40 millionar kroner på Austre-Nape, bare konsesjonsbehandlinga blir ferdig. Satsinga vil gje straum til 400 husstandar.
– Kva er prisen for eigedomen?
– Kjøpesummen er på 18,5 millionar kroner, og omfattar utmark, skog, kraftprosjekt, bygningane og innbu, svarar Torstein Moland.
Tidlegare tente Ugland pengar fyrst og fremst på skipsfart ute i verda. Det meste av denne verksemda selde han like før finanskrisa slo inn. No går mykje av tida med til å vere bonde på eit flott gardsbruk i Grimstad. Snart har Ugland kjempegarden i Fyresdal også innafor eige gjerde, det manglar bare ein konsesjonsrunde.
Johan Benad Ugland og selskapa
(Kjelde: Heimesidene til Johan Benad Ugland)
Etter eit generasjonsskifte i Andreas Ugland & Sons AS, delte Johan Benad Ugland og dei to brørne hans, Andreas Ove og Knut Axel, selskapa mellom seg. Eit resultat av delinga blei i september 2000 etablering av J. B. Ugland Holding AS, der Johan Benad sin eldste son, Johan Martin Ugland, er administrerande direktør.
Selskapet har desse satsingsområda: Shipping, industri, eigedom, investeringar og fornybar energi.
I februar 2008 blei J. B. Ugland Shipping AS selt til eit indisk selskap og dermed forsvann mykje av skipsfarten ut av det norske selskapet i Grimstad.
J. B. Ugland Eiendom AS har tatt på seg å finansiere og byggje det nye, 26.000 kvadratmeter store universitetsbygget i Grimstad som skal vere ferdig til sommaren. J. B. Ugland Eiendom har elles etablert Sørlandets Teknologisenter i Grimstad. Senteret er på heile 45.000 kvadratmeter.
J. B. Ugland Holding er ein av dei som er med i etableringa av forskingsinstituttet Teknova. Det teknisk-naturvitenskaplege oppdragsinstituttet er knytt til Universitetet i Agder og Agderforskning.
Ugland Industrier er størst i Noreg av sitt slag, og produserer og sel prefabrikkerte tregarasjar, byggeelement og takstolar gjennom Grimstad Garasjene og Ugland Takstol og Byggeelement. Eksportmarknaden er aukande.
Oppdrett av hjort
Elles opplyser milliardæren Johan Benad Ugland at han alltid har syntest det har vore viktig å finne ein identitet i lokalsamfunnet, og å bidra med sin kompetanse, erfaring og kapital. Det er gardsdrifta som står Ugland nærast, og han brukar mesteparten av tida på familiegarden Storegra Gård i Grimstad. Der driv han mellom anna med storfe og oppdrett av hjort.
Busetting til 1974
I 1890 kjøpte bestefar til Paul Reine, Paul G. Reine, eigedomen Austre-Nape. Onkelen til Paul Reine, Mikkel Reine, kom til eigedomen i 1926 og budde aleine der til 1974. Etterpå har det ikkje vore busetting på garden der det var omgangsskule og over 30 innbyggjarar for rundt 100 år sidan.
Opp gjennom åra har ein del folk besøkt Austre-Nape. Ved eit høve møtte over 200 personar på eit olsok-arrangement på eigedomen.
Tidlegare var bruket på Austre-Nape tri eigedomar, men er i dag ei driftseining. Paul Reine overtok den eine eigedomen i 1958, og dei to andre på 60-talet.
Eigedomen har rundt 75 dekar med jorde. For to år sidan blei det jobba mykje med å opne kulturlandskapet skikkeleg, og få fram gamle steingjerde og kulturminne.
Får ikkje buplikt
I Fyresdal kommune er det gjort ei brei vurdering om ein skal krevje buplikt eller ei på Austre-Nape. Det var naturleg for Ugland å få eit svar på kva kommunen tenkte rundt dette før kjøpet av den største eigedomen i Fyresdal var eit faktum. Kjøparen fekk tilbakemelding frå kommunen om kvar landet ligg.
Fyresdalordførar Bjørn Nome fortel til VTB at kommunen ikkje kjem til å krevje buplikt på den avsidesliggjande eigedomen.
– Når me ikkje krev buplikt på eigedomen, kan me heller ikkje krevje at Ugland skal busette seg i kommunen, seier Nome.
– Kjøpesummen er 18,5 millionar kroner for eigedomen, vil kommunen vurdere eller bry seg om ein slik kostnad i konsesjonsbehandlinga?
– Ja, vel, så det er salssummen. Me rekna med at summen ville liggje i det prisleiet. Det er vanskeleg for oss å blande seg inn i prisfastsettinga for den største eigedomen i Fyresdal, svarar ordføraren.
Han synest det er positivt å få ein slik kapasitet som Ugland til å involvere seg i Fyresdal.
– Me håper å få til eit godt samarbeid med Ugland, og set pris på dei gode planane han har, avsluttar Nome.
Artikkelen er publisert 28/11-2009
|
Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president

|