Torsdag
23/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Ei bygd i vekst


Vincent ’t Hart og Tanja Sluijsmans flytta til Åmotsdal i august saman med veslejenta Dagmar på 15 månadar. No ventar dei på å få opne butikk i Åmotsdal.

For om lag to år sidan stengde den lokale butikken og i fjor sto skulen i fare for å bli nedlagd i Åmotsdal. I år har stemninga snudd og no er bygda inne i ein positiv trend med tri nye barnefamiliar som har flytt til staden. Vincent ’t Hart og Tanja Sluijsmans er ein av familiane som har busett seg. Dei bestemde seg for to år sidan at dei ville flytte til Noreg. Mindre stress, betre skule og flott natur var det dei søkte og fann. I byrjinga av august kom dei med dottera Dagmar til bygda, og saman skal dei drive den nye butikken i bygda.




Ein av dei største utfordringane Vest-Telemark står framfor er den negative folketalsutviklinga i regionen. Det er bare to kommunar som kan vise positive tal i løpet av i år, Vinje og Seljord, med ein auke på høvesvis 13 og 12 innbyggjarar.
I Seljord er det ei bygd som kan glede seg over å stå for ein solid del av befolkningsauken i kommunen. Åmotsdal har i løpet av året fått tri nye barnefamiliar til bygda. Skule og barnehage kan saman med bygdefolket gle seg over at det blir meir liv i bygda.

Heim att
Bygda har i fleire år kunna gle seg over at mange vil «heim att til mor», og vel å flytte heim etter avslutta utdanning eller etter å ha budd ein annan stad. Slik var det for Margit Karlsen-Rinde og Aasmund Rinde. Familien er midt oppe i ein etableringsprosess på farsgarden til Aasmund, der han og kona skal ta over etter foreldra. Den prosessen kom noko kjappare enn dei trudde.
– Me såg for oss eit to til tri års perspektiv for denne prosessen. Sidan det kan vera ei utfordring å få seg ein jobb bestemde me oss for å starte med å søkje etter arbeid. Det gav eit mykje kjappare resultat enn me trudde, seier Margit.
Margit fekk tilbod om jobben som kommunalsjef i helsesektoren i Hjartdal kommune, og stillinga galdt frå 31. august i år. Då måtte familien på sju brått snu om på livet.
Med fem barn på 21, 15, 6, 4 og 2 år er det eit puslespel. Førebels er det mor saman med to barn i skulealder som har flytta til bygda. Dei to minste er att i Grimstad, for det var ikkje ledige barnehageplassar i Åmotsdal. Aasmund har òg enno jobben sin i Grimstad, så nett no er det ein del pendling. Men alle vil koma oppover, og no er det husbygging som står for tur, for førebels har familien budd i lag med «sjavfolket» på garden.
– Både me vaksne og ungane trivst her og særleg er skulen i bygda viktig. Me hadde ikkje flytta hit om den hadde blitt nedlagd, seier Margit.
Ombygging og oppussing av hus driv òg familien Ekholt/Kristiansen med. Dei hadde eigentleg handla seg ein feriebustad som gradvis blei til noko meir.

Lika seg godt
Lena Ekholt og Bjørn Kristiansen kjøpte hus i Åmotsdal januar 2008 med tanke om å nytte det som feriebustad. Med bustadadresse i Klepp kommune på Jæren i Rogaland og med familie inn mot oslokanten låg huset midt mellom dei punkta.
Etter kvart som familien ferierte i bygda fann dei ut at det var ein veldig fin plass som dei alle lika.
– Me visste at me ville flytte og koma oss nærmare Austlandet. Me budde landleg på Jæren med masse flatt landskap rundt oss, men me hadde ikkje noko turområde. Ein kan ikkje gå på jorda. Her følte me oss mindre innestengte, seie Lena.
Familien på fire bestemte seg for å flytte, sjølv om det innebar mange forandringar. Lena dreiv eigen barnehage på Klepp, men no er ho heime og held styr på ombyggingsprosessen av huset. Bjørn er tilsett innanfor offshore, og pendlar førebels mellom heimekontor og Stavanger fram til han finn ein jobb i nærleiken.
Natur, miljø og skule var viktige faktorar for familien då dei bestemde seg for å flytte til bygda.
– Ungane likar seg svært godt her. Begge barna har eigentleg vore nokre «innebarn», men no vil dei ut heile tida. Skulen er òg flink til å ta elevane med på turar, og det snakkar barna mykje om når dei kjem heim. Barna blir meir allsidige av å vera her og meir vande til natur, seier Bjørn.
Familien føler at dei har blitt godt mottekne av bygdefolket, og som ein del av bygda har dei alt vore med på dyrsku-dugnad og i sogelaget.

Langvegs i frå
Ei litt lengre reise blei det for Tanja Sliijsmans og Vincent `t Hart som flytta til bygda i august saman med dottera Dagmar på 15 månadar. Familien kjem frå Nederland og bestemte seg for to år sidan at dei ville flytte til Noreg.
– Me bestemte oss for å flytte fordi det er så travelt i Nederland. Me budde i Maassluis, om lag 20 kilometer frå Rotterdam. Ville me på tur i skogen var det fyrst ein time i bilen for å koma fram. Me hadde vore på ferie i Noreg og me tykte det var så utruleg vakkert her med flotte landskap, fortel Tanja.
Interessa for natur og miljø har paret til felles for begge er utdanna til miljøingeniørar. Å få jobb i det yrket her til lands var ikkje enkelt. Difor tok Vincent sertifikatet på buss i Nederland for å ha sjansen til arbeide innanfor det yrket. Då familien fekk sjå annonsen frå Åmotsdal bygdelag der dei søkte etter drivarar av den nye butikken fekk dei lyst til å sjå nærmare på bygda.
I januar 2009 kom paret for fyrste gong på besøk til bygda for å sjå nærmare på kva dei kunne vente seg. Då fekk dei møte representantar frå næringslivet, bygdelaget og sjølvsagt ei omvisning i Seljord kommune.
Neste tur kom alt i februar og då var foreldra med for å sjå. I april blei det skipa til eit folkemøte på grendehuset der dei fekk sjanse til å møte fleire av innbyggjarane og hyttefolket.
– På folkemøtet var alle positive og det verka som om dei aksepterte at det er me som skal drive butikken. Det var veldig viktig. Me føler at me er velkomne hit, seier Tanja.
I august flytta familien til Åmotsdal, og i midten av september kom heile flyttelasset på 140 askar og to kattar til huset.
Familien likar seg godt i bygda og føler seg godt mottekne. Hjelp er det ikkje vanskeleg å få. Mellom anna var ikkje garderoben til veslejenta heilt klar for overgangen til det norske klimaet.
– Der me kjem frå er det ikkje vanleg at barna er ute dagleg for å leike. Her i barnehagen er dei ute kvar dag, og me hadde ikkje alt av klede som trengs til dette klimaet. Det er jo ikkje så kaldt i Nederland. Då fekk me hjelp med å få ordna klede, og det var veldig fint, smiler Tanja.
Dei tykkjer skulesystemet er betre her enn i Nederland.
– I Nederland må barna begynne å prestere frå dei byrjar på skulen, og elevane er kanskje ute på tur eit par gonger i året. Dessutan er klassene store med om lag 30 elevar som bare ein lærar skal ha ansvaret for. Då er det mykje betre med ein mindre skule der elevane blir sett, og der ein har høve til å vera ute meir, tykkjer paret.
Tanja og Vincent ventar spent på å få starte opp med butikkdrifta i Åmotsdal, og begge har tru på at det kjem til å gå bra. Ho har jobba i butikk før, medan han har ein far som har drive butikk i mange år som kjem til å hjelpe til i oppstarten.
Det å drive butikken trur dei kjem til å hjelpe dei til å bli betre kjende med både landet og bygda.
– Me er nye i Noreg og bur i ei lita bygd. Då er det viktig å møte så mange som mogeleg for å bli kjende med folk. Slik blir denne jobben ein god måte å møte nye menneske på, trur Tanja.
– Opninga av butikken er førebels sett til november i år.


Artikkelen er publisert 10/10-2009

Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane