Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Byter ut potetgull med turka eple


Ezrah Vandal (t.v.) og Emilie Nordbø er ikkje avvisande til å byte ut potetgullet med turka eple.

Miljø og berekraft er i fokus på Gimle skule denne veka. Tysdag var dei yngste skuleelevane på Foldsæ for å lære om økologisk- og lokalprodusert mat.




Dei 62 elevane i 1. til 4. klasse ved Gimle skule var ivrige og interesserte då dei blei delte inn i ulike grupper på Fyresdal vidaregåande steinerskule. Elevane og lærarar ved steinerskulen var lærarar for elevane på småsteget, som mellom anna fekk bake sine eigne rundstykke, lage smør, lære om kompostering og liknande i grønsakhagen, og turke eple på strå.
Om turka eple blir fast erstatning for potetgull laurdagskvelden, skal vere usagt, men ungane VTB snakka om var ikkje avvisande.
– Dette blir godt, og me trur det blir betre enn potetgull, seier Emilie Nordbø (6 år) og Ezrah Vandal (8,5 år) frå toppen av epletreet.

Byrjar med barna
Elevane på Gimle skule er med på prosjektet «Tur/Retur Førsdal» som er ein del av Økoløft i Fyresdal. Namnet står som eit symbol for hausting og resirkulering, og skal vise litt av den økologiske krinslaupen. Mange matprodukt i Fyresdal blir produserte i pakt med naturen.
– Dersom me skal snu eller skape ein trend er det viktig å byrje med barna. Dei skal overta, og det er greitt å tidleg lære om prinsipp og kvifor ein gjer dette, seier Monica Sølyst, som er prosjektleiar for Økoløftet.
– Det handlar om å vere bevisste. Ved å undervise og informere elevane, plukkar kanskje også foreldra opp noko, legg ho til.
Blant det mest populære på bakegruppa var smørlaging. Alle ungane skulle riste ei bøtte med fløte til det blei smør. Og ivrige ungar rista og rista, og rista. Etterpå fekk dei sjølvsagt smake på produktet dei hadde laga.
– Eg trur dei har lært litt. Me har lært dei å lage brød i steinomn, og vist at ein ikkje treng kjøpe alt, fortel Tuva Engebretsen som er elev ved den vidaregåande steinerskulen.

Energi, resirkulering og økologisk mat
Denne veka har alle elevane ved Gimle skule fokus på miljø og berekraft. Energi, resirkulering og økologisk/lokalprodusert mat er dei tri emna småsteget, mellomsteget og ungdomsskulen skal innom tysdag, onsdag og torsdag.
I energitemaet har kvart steg på skulen eigne opplegg, men alle elevane skal vere med å lage ulike produkt og installasjonar drivne av fornybar energi. Den friviljuge organisasjonen Change the World lærer elevane om resirkulering. Det har blitt vist filmar, og elevane har fått lage papir, musikkinstrument og vore med å planlagd nytt gjenvinningssystem på skulen.
Sølyst er veldig glad for at skulen var så positive til å vere med på ideen om ei veke med miljøundervisning i fokus.
– Alle er med og det er veldig artig, meiner Sølyst.

Viser seg fram
I morgon skal elevane vise fram det dei har lært. Det blir lunsj i Folkestadbyen der alle får servert lokal lunsj og får sjå praktiske resultat presentert av elevane. Mellom anna skal mellomsteget sende opp varmluftsballong. Det blir også musefellebil-konkurranse og ungdomssteget konkurrerer i energikamp.
– Alle som vil kome er hjarteleg velkomne, seier Sølyst.
– Dette er i tråd med at staten ynskjer å skape større etterspurnad etter økologiske varer i kommunane. Me er godt i gang med dette i Fyresdal, seier Monica Sølyst og viser til at dei mellom anna på sjukeheimen bestiller økologiske grønsaker frå Foldsæ. Dei drikk også økologisk mjølk i kommunen, og ikkje minst et dei lokalprodusert fisk frå Aketun fisk.
Sølyst er også glad for at Fylkesmannen i Telemark har gjeve økonomisk støtte til arrangementet denne veka.


Artikkelen er publisert 01/10-2009

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen