Sundag
5/2-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Bygdemobilisering tek vare på tradisjonar


Anders Sandvik er ein av initiativtakarane til bygdemobiliseringsprosjektet. Her saman med sonen, Jon. (Foto: Stein Olav Lie)

Smågrendene Vinje, Smørklepp og Mogane i Vinje har gått saman i eit bygdemobiliseringsprosjekt. Fleire aktivitetar er sett i gang, og fellesmiddagen om måndagane på Vinjar har blitt ein viktig arena.




– Me ynskjer at alle som bur i desse smågrendene skal ha det bra, og me ynskjer å synleggjere dette for andre. På den måten kan me kanskje trekke fleire innbyggjarar hit, seier Anders Sandvik, ein av initiativtakarane til bygdemobiliseringsprosjektet i området.
Då VTB var innom Vinjar, var det samla nærare 60 personar til fellesmiddagen. Praten gjekk livleg rundt borda, og det såg ut til at aldersforskjellane på dei frammøtte ikkje spelte nokon rolle.

Noko for alle
– Me har eitt breitt utval med tanke på bakgrunnen. Det er feiarar, fotografar, felespelarar, laftekarar, ordførar, pensjonistar og barnetrygda som er til middag i dag. Her er det eit spenn på alderen frå 7 månader til 84 år, og eg ser det er endå yngre på gang, ler Sandvik.
Middagsprosjektet starta før påske, og det har heile tida vore populært med over 40 frammøtte kvar gong.
– Me kalla inn til folkemøte i dei tri bygdekrullane, og i mars møtte det fram 90 personar til det som blei ein idédugnad. Helseministeren i Øyfjell City, Helge Rorgemoen, blei også teken med på møtet for å dele erfaringane frå bygdemobiliseringsprosjektet deira, forklarer Sandvik.

Meir på gang
Prosjektet har ikkje fått noko namn enno, men Sandvik meiner at det bør vere klart før sommaren.
– Me tek gjerne mot framlegg til namn, og det hadde vore moro å presentert dette under 17. maifeiringa, meiner han.
I tillegg til fellesmiddag på måndagane, er også andre prosjekt i full gang.
– Me er mellom anna i gang med å restaurere gamle bruer der me har søkt kulturminnefondet om pengar. Fleire prosjekt blir sett i gang utover våren, og det er på ein måte viktig å smi mens jernet er varmt. Det er også viktig for oss å synleggjer dugnadsand og -vilje, seier Anders Sandvik.
Med tanke på organiseringa av middagslaginga, har det blitt organisert fem arbeidslag med tri personar på kvart lag.
– Maten har kome for å bli, og det har også blitt ein møtestad for bygdefolket, avsluttar Sandvik.

Triveleg og lærerikt
Lulla Verpe er ein av dei som har møtte fram til middagane, og ho er godt nøgd med tiltaket.
– Dette er eit veldig positivt tiltak. Ein treffer folk ein ikkje rør med til vanleg, og her er folk i alle aldrar samla. Det har rett og slett blitt ein flott møtestad, smiler Verpe.
Øystein Romtveit er også godt nøgd med prosjektet så langt, og han meiner møtestaden er viktig for å ta vare på gamal lærdom.
– Det er røte triveleg å møtast her. Kvinnfolka slepp å lage middag, og ikkje kostar det mykje å ete her heller. For å vere litt meir alvorleg så meiner eg denne møtestaden der unge treffer gamle er utruleg viktig. Me får høyre historier som gjev oss lærdom om mykje og mangt. Det kan vere gamle tradisjonar som er i ferd med å gå i gløymeboka. Utan ein arena som dette er det uvisst om nokon ville fått kunnskapane som eg føler mange av oss kan tileigne oss her, seier ein dugnadsklar felespelar og laftekar.


Artikkelen er publisert 12/05-2009

Aktuelle saker:
– Fylg hjarta, lysta og engasjementet
– Er betenkt over forskjellsbehandlinga
Styrer framtida
Eit enklare liv for sauebonden
Einaste aktøren med helgekurs
– Det er totalarroganse
Unikt skatehotell
Vil ha rovviltforvaltinga til Landbruksdepartementet
Den siste visitasen