Torsdag
17/5-2012

Kjøp VTB online her:


Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Spann i gang spinneri


Dagleg leiar i Telespinn AS, Bjørg Minnesjord Solheim, informerte dei mange frammøtte om planane til spinneriet.

Mohairspinneriet Telespinn AS fekk ein kjempestart då det laurdag blei stifta på samfunnshuset i Flatdal. Mange møtte fram på stiftingsmøtet og det er no teikna 735 aksjar. Forretningsplanen som er utarbeidd av Telemarkforsking i Bø viser eit stort potensial og økonomiplanen skisserer overskot alt etter andre driftsår. Dagleg leiar i Telespinn AS, Bjørg Minnesjord Solheim, oppfordrar no fleire til å byrje med mohairgeiter.




Laurdag blei selskapet stifta på samfunnshuset i Flatdal. Mange interesserte hadde møtt fram på stiftingsmøtet. Totalt er det no teikna 735 aksjar, opplyser Bjørg Minnesjord Solheim, som skal vera dagleg leiar i selskapet.
Så fort kapitalen er innbetalt blir utstyret bestilt, og om eit par månadar kan prøveproduksjonen vera i gang.

Stort potensial
Telemarkforsking i Bø har vore engasjert til å utarbeidde forretningsplan. Denne viser at prosjektet har eit stort potensial. Økonomiplanen viser overskot alt etter andre driftsår.
Fyrste året er det kalkulert med eit underskot på i underkant av 300.000 kroner, men dette skal vera snudd til overskot på vel 500.000 kroner året etter og knappe millionen etter tredje driftsår.
Fyrste året er det planlagt å produsere minst 2.800 kg ull, men innan 2015 er planen at det blir produsert 10.000 kilo. Då er det også eit mål om 5.000 mohairgeiter i Noreg.
– Det er veldig viktig at fleire byrjar med geiter, seier Minnesjord Solheim.
Ho har drive med Mohair-geiter sidan 2002, og har bygd opp eit stort nettverk som Telespinn skal byggje vidare på.
– Me ynskjer at selskapet skal vera godt forankra i Vest-Telemark, og bruke tradisjonen som er her, seier ho.

Interessant prosjekt
Planen er å bli eit mohairmottak for heile landet, men dei er og innstilte på å ta i mot fiber frå andre ullroduserande dyr for leigespinning, som lama og angorakanin. Spinneriet er også tenkt som eit opplevingskonsept der grupper kan sjå geiter beite i gamalt kulturlandskap og fylgje prosessen fram til ferdig produkt.
– Dette er eit veldig interessant prosjekt, ikkje minst i reiselivssamanheng, sa Svein Henriksen frå Vest-Telemark næringsutvikling som var ordstyrar på stiftingsmøtet.
Spinneriet er organisert som eit AS med vel 1.000 kroner per aksje. Det skal halde hus på garden Midt-Svartdal. Fram til eit nybygg står ferdig vil produksjonen skje i fjøset. Det er i utgangspunktet tenkt to årsverk i spinneriet.
Dei har leita verda rundt etter produksjonsutstyr, og fann til slutt det rette i Canada som har stor kompetanse på småskala spinneutstyr.
Totalt har dei fått meir enn ein million kroner i tilskott. Innovasjon Noreg og Fellesfondet er blant dei som har bidratt.

Mohairgeita
– Stammar frå Asia, kom til Europa for 250 år sidan.
– I Telemark var det i 2007 300 mohairgeiter.
– I nær slekt med den norske mjølkegeita.
– Glad i lauvkratt og gjer ein stor jobb for å halde kulturlandskap i hevd.
– Mohair er særmerkt og tyder «den beste og utsøkte fiber». Ulla er mjuk og har fin glans, som gjev varme, lette og haldbare produkt.
– Mohairgarnet er eigna for strikking, veving og hekling.


Artikkelen er publisert 15/04-2008

Aktuelle saker:
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen
Ein livsstil – ikkje eit vanleg yrke
Nakne flaggstenger
Frøken president