|
Torsdag 23/2-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Lærde av bygda som redda skulen
 Kristin Halvorsen (SV) var tydeleg imponert over den felles mobiliseringa bygdefolket i Åmotsdal stelte i stand då skulen var nedleggingstruga. – Det er bygdefolket som har redda skulen, sa Kristin Halvorsen då ho vitja Åmotsdal skule måndag. (Foto: Anne Nordskog)
|
– Eg er svært imponert over den felles mobiliseringa alle innbyggjarane i Åmotsdal viste då skulen var nedleggingstruga. Det er bare små samfunn som greier å engasjere samtlege innbyggjarar til å jobbe så kraftig og målretta for ei og same sak. De som bur i Åmotsdal har verkeleg greidd å få med alle i bygda. Då de som bur her gjekk saman og kjempa for skulen, viste de at det nyttar å slåst for noko ein trur på. Eg er oppriktig imponert over engasjementet og den felles mobiliseringa alle i bygda har vore ein del av. Det var denne kampen som førde til at skulen dykkar blei redda, skrytte stortingsrepresentant og SV-leiar Kristin Halvorsen då ho vitja Åmotsdal skule måndag. Kristin Halvorsen tok sjølv initiativ til å vitje åmotsdølane.
SV-politikarens mål for besøket var å sjå og lære korleis kvardagen er på ein liten skule. Og ho lova å ta med seg lærdomen tilbake til stortingskorridorane.
 redaksjon@vtb.no
Artikkelen er publisert 23/01-2003
|
Aktuelle saker:
Saknar barnehageplass
Sende ballen tilbake til rådmennene
Blåmann Blåmann til bensinstasjonen
Passar på i påskefjellet
Rift om snøskuterlappen
Snøkunstnarar smelta juryen
Best i landet
Siste finpuss ved brygga
Held fast på tradisjonane

|