Asfaltering av bygdevegen i Eidsborg er på same prioriteringslista som dei andre kommunale vegane i Tokke.
Asfaltering av bygdevegen i Eidsborg er på same prioriteringslista som dei andre kommunale vegane i Tokke.

Ynskjer asfalt på bygdevegen

Bygdevegen i Eidsborg, på austsida av Eidsborgtjønna, er kommunal. No etterlyser oppsitjarane asfaltdekke på vegen.

Vegen i bygda blei rusta opp i 2011. Prisen for vølinga blei til slutt 2,2 millionar kroner. Det var tidlegare asfaltdekke på vegen, men dette blei fjerna i samband med arbeidet i 2011.

Endra vedtak

I framlegget til investeringsbudsjettet for 2018 låg det inne 1,4 millionar kroner til asfaltering av vegen. I eit seinare kommunestyrevedtak blei det endra til generell opprusting av kommunale vegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2011 fremja oppsitjarane krav om at vegen skulle asfalterast, noko som også er handskrive i ei avtale om grunn/arbeidsløyve. Avtala er ifylgje kommunen underskriven av både dåverande ordførar og grunneigarar.

Grunneigarane har fleire gonger purra på tiltaket, og i eit brev av 19. november 2017 skriv Tor Ola Brattekås at dei no forventar at lovnaden om fast dekke blir oppfylt i 2018.

Forventingar

Saka var til handsaming i formannskapet i Tokke sist onsdag.

– Dette er ei vanskeleg sak. Oppsitjarane har hatt forventingar om fast dekke i fleire år, sa sakshandsamar Gunhild Austjord.

Austjord, som også er plan-, nærings og teknisk sjef i Tokke kommune, viste også til avtalene som er skrivne.

– Men me er nok ikkje juridisk pliktige, sa ho.

– Det vil vere heilt naturleg at denne vegen kjem på prioriteringslista saman med andre kommunale vegar. Eg vil seie at det er viktigare med asfalt på vegen bort til museet i Eidsborg enn på bygdevegen, som faktisk er i svært god stand, sa Knut Kristian Vadder (Sp).

– Ein ordførar kan ikkje forplikte kommunen utan eit vedtak i kommunestyret, meinte ordførar Jarand Felland (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

På lista

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for rådmannens framlegg til vedtak, som også blei vedteke i utviklingsutvalet (UTU) 14. mai. Vedtaket lyder slik: «Asfaltering av Eidsborg bygdeveg blir vurdert som ein del av arbeidet med samla vegplan for dei kommunale vegane i Tokke, der kommunen tek stilling til prioriteringar av vegvinvesteringar i åra som kjem.»