Ånund Lid Byggland vart nummer 14 av 200 løparar på 15 kilometer klassisk i skaninavisk cup i Ruokatti i Finland. (Arkiv
Ånund Lid Byggland vart nummer 14 av 200 løparar på 15 kilometer klassisk i skaninavisk cup i Ruokatti i Finland. (Arkiv

– Viser at treninga har vore riktig

Ånund Lid Byggland gjekk inn til ein sterk 14. plass på 15. kilometer klassisk, i skandinavisk cup på sundag.

Rennet var i Ruokatti i Finland, og Byggland er godt nøgd med resultatet på distansen.

– Eg var eigentleg veldig fornøgd med løpet, og trur det er eit av dei beste eg har hatt på lengre distansar. Eg har tidlegare vore lengst framme på sprint, men har i det siste satsa meir på dei lengre løpa, seier Byggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var gode forhold i nord-Finland, sjølv om dagslyset var i kortaste laget.

– Det var veldig mørkt. Dette ligg langt nord i Finland, så i starten gjekk me ljosløyperenn på morgonen, seier han.

Byggland fortel at formen er god og at det har gått bra i sesongen så langt.

– Det gjekk bra her tidlegare på Beitostølen, og eg føler meg i bra slag. På 15 kilometer klassisk var det 200 påmeldte løparar, og eg gjekk ut ganske tidleg. Difor var det vanskeleg å vite korleis eg låg an undervegs, så det var eigentleg berre å gå på det ein kunne, held han fram.

Ser fram til NM

– Formen er eit døme på at jobben eg har gjort i år har vore god. Det gjekk ikkje fullt så bra på dei andre distansane på sprinten og fristil, men det var også forventa. Eg har fokusert mest på klassisk i det siste, seier Byggland.

Han vart nummer 41 i prologen på sprinten, og kom på 64. plass på 15 kilometer fristil.

No ser han fram til ein god treningsperiode, før NM i januar.

– Det blir masse trening framover. Det neste store rennet blir NM. Der er det klassisk sprint som er hovudmålet mitt. Eg vonar å komme til finalen og å bli blant dei topp seks beste, seier Byggland, som tok NM-sølv i sprint i 2013.