Øystein Eriksen stod bak det fyrste målet då Heddal blei slått 3-1 og Vinje tok sin tredje strake siger i haust. (Arkiv
Øystein Eriksen stod bak det fyrste målet då Heddal blei slått 3-1 og Vinje tok sin tredje strake siger i haust. (Arkiv

Vinje tok sin tredje strake siger

Dei grønkledde er i haustform om dagen. Etter 3-1-siger mot Heddal trur Øystein Eriksen dei har sikra plassen i 5.divisjon.

Etter ein tung vårsesong verkar det som om det meste har snudd for Vinje i 5. divisjon. Fredag kveld møtte dei tabelljumbo Heddal borte på Vidarvoll og heldt fram storspelet etter sigrar mot Gjerpen og Klyve dei siste kampane.

­– Me har mykje meir trua på ting nå enn i vår. Eg trur ikkje me har gjort så mykje annleis, det handlar mest om flyt, seier Vinje-spelar, Øystein Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Streva med naturgras

Han stod bak det fyrste målet mot Heddal. 28 minutt hadde gått då han tok frisparket frå 35 meter som eigentleg var meint som eit innlegg.

– Keeper mista ballen og ballen gjekk til slutt inn. Det var ei keeper-tabbe men det hadde ikkje skjedd utan press frå oss, seier Eriksen som etter litt intern usemje til slutt blei kreditert målet.

Heimelaget utlikna like før pause, men Vinje tok seg saman i andre omgang etter labert spel i den fyrste omgangen. Storscorar Tommy Andersen sendte Vinje opp i føringa like etter pause då han drog seg fint fri og skaut ballen i nettaket. Spikaren i kista blei sett inn av Tommy Lindskog etter innlegg frå Adis Smajic.

– I andre omgang var me gode og då blei det grei skuring. Me streva i starten som me eigentleg har bruka å gjere mot Heddal. Det er ein liten overgang for oss å spele på naturgraset deira, men me blei einige i pausen om at dette kan me gjere betre.

Unngår nedrykk

Dermed står Vinje med 13 poeng på seks kampar i haustsesongen og er oppe på 8. plass, ni poeng framfor Klyve og Heddal som ligg an til nedrykk.

– Slik som det var etter vårsesongen var det reell fare for å rykke ned. Målet for hausten var å halde seg og det ser det ut som me klarer. Nå trur eg me klare å plassere oss midt på tabellen til slutt, seier han og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde denne kampen vore i vår, hadde me sikkert tapt 3-1. Nå har me meir trua på oss sjølv, då er det lettare at me får stong-inn, enn stong-ut som me ofte hadde i vår, forklarer Eriksen.

Torsdag ventar ein tøff heimekamp mot Drangedal, som er på femteplass på tabellen. Då må Vinje klare seg utan to viktige brikker. Tommy Lindskog fekk raudt kort mot Heddal og er suspendert, medan Tommy Andersen ikkje er tilgjengeleg for spel.

– Det kjem til å bli eit merkbart sakn, men me har absolutt ambisjonar om tre poeng, seier Eriksen.