Ei tid har det vore omfattande vedlikehaldsarbeid på Rv41-brua i Haugsjåsund, ein jobb som etter planen skal vere ferdig før ferien. Det er lysregulering og berre eitt køyrefelt under arbeidet.
Ei tid har det vore omfattande vedlikehaldsarbeid på Rv41-brua i Haugsjåsund, ein jobb som etter planen skal vere ferdig før ferien. Det er lysregulering og berre eitt køyrefelt under arbeidet.

Vil vere føre var med bruvedlikehald

Statens vegvesen brukar millionsum på vedlikehald av to bruer på riksveg 41 sør i Nissedal kommune.

I fleire veker har det vore vedlikehaldsarbeid på Rv41-brua i Haugsjåsund. Halvor Uldal Kåsa i Vegvesenet fortel at jobben har med trafikktryggleik å gjere, mellom anna byter ein rekkverket og har overflatebehandling av stålet.

– Me ynskjer å vere i forkant slik at det slepp å bli øydelagt, og det rekkverket som stod der var ikkje bra. Viss me ikkje er i forkant blir vedlikehaldsarbeidet mykje dyrare og det kan bli stengt veg i periodar og nedsett akseltrykk, seier Kåsa. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er bruavdelinga til NCC som har kontrakten om jobben i Haugsjåsund. Kontrakten har ikkje noko å gjere med den femårige drifts- og vedlikehaldskontrakten selskapet har for vegar i Vest-Telemark og som går ut snart. 

Kåsa seier arbeidet på brua vil koste over millionen.

Eit anna firma har fått kontrakt på å vedlikehaldet Rauå bru, som også er på Rv41 og ligg ved Tjønnefoss. Ikkje alt for langt unna, på fylkesvegen mot Fyresdal, skal det også kome vedlikehald på ei bru i år, opplyser Kåsa.