Trygve Stien, prosjektleiar, Ellen Lunde Rennesund, drift og vedlikehald, og byggeleiar, Halvor Kåsa. – Kontrakten blir underskrive i løpet av mars, fortel Kåsa.
Trygve Stien, prosjektleiar, Ellen Lunde Rennesund, drift og vedlikehald, og byggeleiar, Halvor Kåsa. – Kontrakten blir underskrive i løpet av mars, fortel Kåsa.

Vil skåne turistnæringa mest mogleg

Kviteseidordføraren vil unngå at turistane misforstår og trur at brua er stengt for vanlege bilar.

Som kjent blir Spjotsodd bru i Kviteseid stengt for køyretøy over 3,5 tonn frå 1. desember 2018 til april 2019.

Statens vegvesen heldt onsdag informasjonsmøte om den planlagde oppgraderinga av Spjotsodd bru på riksveg 41 mellom Kviteseid og Vrådal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hengebrua frå 1963 skal rehabiliterast. Når arbeidet er ferdig blir det ikkje lenger lysregulering og vektavgrensing på brua, sa Kåsa.

Han er byggeleiar i Statens Vegvesen og skal leie arbeidet.

– Dagens lysregulering vart sett opp for å regulere farten, som skapte stor rørsle i brua, heldt han fram.

Ulike aktørar frå næringslivet og naboar hadde møtt opp for å stille spørsmål til Vegvesenet om konsekvensar av vektavgrensinga på brua.

Kåsa informerte om at dei hadde lagt vedlikehaldsarbeidet til vinteren for å skåne turistnæringa mest mogleg.

– Me satsar på vinterarbeid, og tek dei kostnadane det medfører for å imøtekome tilbakemelding frå brukarane som kom fram på sist informasjonsmøte, sa Kåsa.

Oddvar Hauge frå Kviteseid betong undra på om det hadde blitt teke grundige strukturanalysar av betongen på brua, og frykta det kunne føre til utvida stenging om dette kom fram under arbeidet.

Kåsa svara at dette hadde blitt gjort, og at betongen var overraskande bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulebussar

Omkøyringsvegane for tungtrafikk blir i perioden ved Brunkeberg, Åmot og Holtebru.

Tarjei Gjelstad, ordførar i Kviteseid meinte det var viktig å få fram at det var fri ferdsel for personbilar.

– Det er viktig at turistane ikkje misforstår og trur at brua er stengt for vanlege bilar, sa Gjelstad.

Skuleskyssen var også eit tema under møtet.

– Skulebussane i tillegg til vanlege bussruter skal etter planen skyssast over brua med minibussar, og det vert lagt opp til å lage snuplassar på båe sider. Den detaljerte løysinga for dette skal me ha dialog med Telemark Bilruter om, fortalde Kåsa.

Han poengterte også at det berre er ambulansar som har dispensasjon til å køyre over brua i arbeidsperioden, om desse veg over 3,5 tonn.