Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, viste korleis Sarpsborg kommune si heimeside ser ut. – Dette er eit døme på korleis ein brukar kunstig intelligens – spørjerobot på ei nettside, sa han. Regionrådleiar Anne Aasmundtveit fylgjer med.
Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, viste korleis Sarpsborg kommune si heimeside ser ut. – Dette er eit døme på korleis ein brukar kunstig intelligens – spørjerobot på ei nettside, sa han. Regionrådleiar Anne Aasmundtveit fylgjer med.

Vil bruke skjønsmidlar til nye heimesider

Vest-Telemarkrådet gjekk samrøystes inn for å betre kommunane sine heimesider. Rådet ynskjer å bruke skjønsmidlar til fornyinga.

– Det er gjerne slik at dei som er inne på heimesidene til kommunane likar å trykkje på det dei vil sjå på i staden for å trykkje på eit søkefelt som femnar det meste. Slik heimesidene fungerer i dag, blir det rett og slett i mange høve for tungvint å finne fram. Me ser at mange andre kommunar har innført nye heimesider med mellom anna ein chat-robot – kunstig intelligens om du vil – som gjer at du kan leggje inn eit spørsmål og få opp direkte linkar til det du spør om. Roboten går gjerne under namnet Kommune-Kari, forklarte Vinje-rådmann Jan Myrekrok for Vest-Telemarkrådet sist tysdag.

– Dersom me ynskjer ei slik ordning må me bytte plattform og innføre spørjetenesta, sa Myrekrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Total kostnad for innføring av nye heimesider til alle seks kommunane er rekna til 1 550 000 kroner. For kommunane er det rekna at årlege driftskostnadar vil liggje på 39 000 kroner.

Treng nye heimesider

Ordførarane i Vest-Telemark er samde om at dagens heimesider ikkje fungerer tilfredsstillande, og at tida er inne for å gjere noko med dette.

– Det er bra at det blir tenkt nytt, men eg tykkjer kostnadane på over millionen er mykje for nye nettsider, sa Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

Han føreslo å sjekke om søkjemotoren Google kunne levere søkjetenestar til kommunane.

– Det er viktig å ha ei løysing som er i utvikling. Dagens nettsider har ei mager blanding av støtte og service, meinte Myrekrok.

– Me må kome i hug at det ikkje er kommunanes eigne midlar som blir brukt til dette, det er skjønsmidlar, la Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) til.

Det er ikkje mange år sidan kommunane fekk nye heimesider. Innføringa og drifta av denne blei gjort gjennom eit uformelt fagsamarbeid som er kalla «Webforum». Samarbeidet har mellom anna hatt som oppgåve å gjennomføre felles prosjekt knytt til nettsidene, og ei fagleg deling av driftskunnskapar mellom kommunane.

Framtidsretta sider

Statusen frå Webforum er mellom anna at webansvarlege i kommunane opplever at samarbeidet med dagens leverandør, TIBE nett, er for dårleg, og at leverandøren også har signalisert at dei ikkje lenger vil tilby servicetenestar til kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått mykje pepar for heimesida, så må er nøydde til å gjere noko. Eg meiner dette er av dei betre prosjekta me kan køyre. Dette er framtidsretta, sa Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap).

Han fekk fylgje av Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap), som også meinte det var viktig å knyte seg til ein leverandør som var god på utvikling.

– I tillegg er eg samd med Jarand Felland i at det berre er få år sidan me fekk nye heimesider, og at det kosta ein del kroner då. Så me må ikkje gå i same fella no, sa Haugan.

– Me må i alle fall spørje oss kva me kan lære av førre gong, la Felland til.