6. klassingane Celina Lauvstad og Iris Telnes Witczak la ned ein flott blomekrans saman med ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, ved bysta av Viggo Ullman. Bysta er laga av bilethoggar Gunnar Utsond frå Kviteseid, og den vart avduka 3. Oktober 1915.

– Viggo, Viggo, Viggo

Fredag vart helgas jubileumsmarkering av Viggo Ullmann starta med kransnedlegging ved bysta hans av elevar frå Seljord barneskule.

I samband med jubileumsmarkeringa av Viggo Ullmann, møtte ordførar i Seljord, Halfdan Haugan og leiar i jubileumsnemnda, Lars Bjaadal, saman med resten av jubileumsnemnda elevar frå Seljord barneskule fredag for å legge ned krans ved Ullman-bysta utanfor skulegarden. 

Ordføraren synest det var fint at skuleelevane hadde lært litt om Ullmann som vart fødd for 170 år sidan, og Lars Bjaadal fekk med barna til å rope tre gonger tre «Viggo» for å heidre den kloke herren som fekk sin plass på sokkel og vart avduka i 1915.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange har sakna litt meir informasjon om kven herren på bysta er, difor har det nå kome ein plakett med litt informasjon om Ullmann.

På plaketten, som no er skrudd fast i steinen, står dette: 

«Viggo Ullmann (21.12.1848 – 30.08.1910) var styrar for Telemark Folkehøgskule 1880-1902, frå 1884 fast i Seljord – og i tillegg styrar for Seljord Lærarseminar 1888-1902. Han var stortingsrepresentant frå Bratsberg Amt (Telemark) i fem valperiodar frå 1886-1900 for partiet Venstre, som han også var leiar for i mange år. Han var stortingspresident 1892-1894 og 1898-1900. Han var den fyrste som la fram forslag i Stortinget om allmenn stemmerett for kvinner og menn då han tok sete som nyvald representant i 1886. 

Elevane frå Seljord barneskule var med å heidra Viggo Ullman.
Elevane frå Seljord barneskule var med å heidra Viggo Ullman.
Leiar i jubileumsnemnda, Lars Bjaadal, fekk med alle skulebarna til å heidre Ullman med tre gonger Viggo.
Leiar i jubileumsnemnda, Lars Bjaadal, fekk med alle skulebarna til å heidre Ullman med tre gonger Viggo.

I Seljord var han også ordførar ein kort periode frå januar til juni 1902, då han vart utnemnt til amtmann i Bratsberg Amt og flytta med familien til Skien.»

Laurdag kveld er det open jubileumsmarkering for Viggo Ullmann på Granvin kulturhus i Seljord.