Hit, men ikkje lenger for dei som vil køyre til Jettegrytene sør i Nissedal kommune. Grunneigarar har sett opp hengelås, fordi dei meiner veglaget ikkje får nok pengar tilbake for all vegslitasjen som må rettast på etter trafikken til naturens badeland ute i bushen.
Hit, men ikkje lenger for dei som vil køyre til Jettegrytene sør i Nissedal kommune. Grunneigarar har sett opp hengelås, fordi dei meiner veglaget ikkje får nok pengar tilbake for all vegslitasjen som må rettast på etter trafikken til naturens badeland ute i bushen.

Vegen til Jettegrytene stengt med lås

Grunneigarfleirtalet for vegen til badeperla Jettegrytene sør i Nissedal føler seg overkøyrd av kommunen og har sett stoppar for innkøyring til den største turistmagneten i mils omkrins. Ordføraren er forundra over avgjerda.

Der fylkesvegen stoppar ved Dynjanfoss kraftstasjon på Eikhom er vegen vidare privat. Turistar og andre badeglade kunne tidlegare betale 100 kroner i bompengar ved kraftstasjonen for å køyre den åtte kilometer lange private vegen inn til Jettegrytene. Nå har eit grunneigarfleirtal for den private vegen sett hengelås på ei grind der fylkesvegen sluttar, fordi dei føler seg overkøyrde av Nissedal kommune, får VTB opplyst av ein grunneigar. Han seier vegen blir stengt også framover om kommunen ikkje er villig til å hjelpe med å skaffe midlar frå eit eller anna hald til å ruste opp vegen.

Veglaget for strekninga inn til Jettegrytene har fått eit forslag til avtale av Nissedal kommune der sistnemnde kan låne dei rundt éin million kroner for å ruste opp vegen, og at laget nedbetaler lånet med pengar frå bomkassa. Dette meiner fleirtalet i veglaget ikkje er ei god avtale. Dei meiner at med avtala blir det ikkje pengar til framtidig vegvedlikehald – ein har behov for nærare 250 000 kroner i året til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er sikra pengar

– Då eg høyrde at vegen til Jettegrytene er låst, blei eg forundra over at ein kan finne på slikt som øydelegg for alle, også for veglaget. Forslaget dei har fått frå kommunen om å ruste opp vegen er heilt unikt. Når vegen er rusta opp er veglaget sikra pengar til vegvedlikehald i mange år framover, seier ordførar Halvor Homme (Ap)

Ifylgje han er avtaleforslaget bygd opp slik at veglaget får behalde dei fyrste bominntektene kvart år for å bruke dei til vedlikehald. Kjem det til dømes inn 200 000 kroner, har veglaget rett på brorparten, og så kan ein del av det som står att gå til nedbetaling av lånet.

– Dei besøkande til Jettegrytene skal betale kommunen tilbake pengane over ein tidsperiode, seier Homme om nedbetaling frå bompengeordninga.

Jettegrytene er sett på som den største turistmagneten i Nissedal kommune, og kan ha nærare 500 besøkande på ein fin sommardag. (Arkivfoto)
Jettegrytene er sett på som den største turistmagneten i Nissedal kommune, og kan ha nærare 500 besøkande på ein fin sommardag. (Arkivfoto)

Han vil nå be kommuneadministrasjonen ha dialog med veglaget om forslaget til avtale. Ei eventuell avtale med veglaget må opp i kommunestyret.

– Kommunen tek ansvar

Ordføraren seier dette om å gje kommunalt tilskot til veglaget:

– Å tru at me skal bruke offentlege pengar til å finansiere vegen vil aldri kommunestyret godkjenne. For det vil skape presedens.

Homme meiner kommunen verkeleg tek ansvar i vegsaka, både med eit avtaleforslag som han meiner sikrar pengar til veglaget og at kommunen vil leggje til rette for bompengebetaling på kortautomat og vipps.

Elles minner ordføraren om at delar av vegen til Jettegrytene, strekninga til husa på Espestøyl, får årleg kommunalt tilskot av potten til private vegar. I reglementet til kommunen heiter det at ein føresetnad for tilskotet er at vegen er open.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av kvar 100-lapp i bompengar til Jettegrytene går ti kroner til kommunen. Dei blir bruka til å delfinansiere kommunale utgifter til oppsyn, søppelrydding og toalettdrift ved Jettegrytene. I tillegg har politikarane løyvd 25 000 kroner av eigedomsskattepengane for å kunne dekkje dei nemnte utgiftene.

Ifylgje innhenta tal var det i fjor på det meste 150 bilar om dagen inn til Jettegrytene. Om lag 2000 sjåførar la att bompengar, medan veglaget trur det i tillegg var 30–40 prosent av dei vegfarande som ikkje betalte.