Det kan alt sjå ut som at det er vedteke å leggje ned fangeleiren i Kleivgrend. Nyleg stadfesta regjeringa at dei vil ha bort det opne soningstilbodet. (Arkivfoto)
Det kan alt sjå ut som at det er vedteke å leggje ned fangeleiren i Kleivgrend. Nyleg stadfesta regjeringa at dei vil ha bort det opne soningstilbodet. (Arkivfoto)

Varslar nedlegging av fangeleiren

Regjeringspartia Høgre og Frp meiner det ikkje er behov for dei opne soningsplassane i Fyresdal, og vil ha bort tilbodet før 2020.

I revidert nasjonalbudsjett som regjeringa la fram denne veka er det forslag om å legge ned 250 soningsplassar med lågare tryggleiksnivå. Det blir påpeika at ein har avvikla soningskøen, og auka bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll har bidrege til å redusere behovet for fengselsplassar på låg tryggleik.

«Det er besluttet følgende fengsler legges ned i Agder: Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend, Håvet og Parkveien, og Kristiansand fengsel. Blant annet på bakgrunn av situasjonen med redusert behov for plasser med lav sikkerhetsnivå, vil plassene ved Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend og avdeling Håvet bli lagt ned før det nye fengselet i Agder er ferdigstilt», står det i ei uttale frå Justisdepartementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I juni i fjor fekk alle tilsette ved det opne soningstilbodet i Fyresdal melding frå leiinga i Arendal fengsel om at fangeleiren i Kleivgrend blir lagt ned i 2020, når nytt fengsel står klart. Nå vil regjeringa ha slutt på leiren før den tid. 

Det er 17 tilsette fordelt på 16 årsverk som er knytt til avdelinga i Fyresdal, der det er 28 soningsplassar.

– Viktig med opne soningsplassar

Telemarkingen Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant og leiar i justiskomiteen, meiner det er heilt feil å leggje ned fangeleiren i Kleivgrend.

– Opne soningsplassar er ein viktig del av kriminalomsorga og kan aldri bli erstatta hundre prosent av elektronisk fotlenke. Det er kritikkverdig at ein ikkje ser heile kriminalomsorga i ein større samanheng. Samfunnstryggleiken er avhengig av godt innhald i soninga, og her har skogsleiren i Kleivgrend svært gode resultat, seier Vågslid. 

– Eg har lenge sagt at det er veldig tydeleg at planen heile tida frå Høgre og Frp dei siste fire åra har vore å legge ned fangeleiren, men at regjeringspartia har latt dei leve med usikkerheita. Det hadde vore langt meir ærleg å sagt det som det er; ein ynskjer ikkje desse type soningsanstaltar lenger sett frå Høgre og Frp si side, fortset Ap-representanten. 

Ordførar gjev ikkje opp

Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) karakteriserer det som er skrive om fangeleiren i revidert nasjonalbudsjett som eit sjokk.

– Dei har alt vedteke å legge ned fangeleiren, og plutseleg gjer dei det før nytt fengsel i Agder står klart i 2020, seier Skjervagen.

Han meiner opne soningsplassar som i Kleivgrend er veldig viktige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit vedtak kan alltid gjerast om. Me jobbar med saka, har veldig dårleg tid, men me skal stå på. Vedtaket om å leggje ned er så ufornuftig at det må gå an å få inn noko fornuftig i dei skallane, avsluttar ordføraren.

– Ikkje den beskjeden me fekk

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark er overraska over det Justisdepartementet uttaler nå: «Det er besluttet følgende fengsler legges ned i Agder: Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend. Plassene vil bli lagt ned før det nye fengselet i Agder er ferdigstilt».

– Det er alt avgjort at fangeleiren skal leggast ned. Det er ikkje den beskjeden Bård Hoksrud og eg fekk tidlegare. Blei me feilinformert eller oppfatta me feil bodskap? Dette må eg undersøkje nærare og kome tilbake til. Og er det nokon sjanse til å snu saka, undrar Abrahamsen.

Seinast sist desember sa Abrahamsen til VTB at det ikkje var avgjort om fangeleiren blir lagt ned.

Også stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) frå Telemark stussa over den ferske uttala til departementet.

– Dette er ikkje i tråd med det eg fekk vite i juni i fjor. Då sa justisministeren til meg at det ikkje var fatta avgjerd om å leggje ned fangeleiren i Kleivgrend. I forhold til dei signala eg fekk den gongen blei eg litt overraska, for å seie det forsiktig, over det departementet kjem med nå, seier Hoksrud. 

Han vil prøve å finne ut når det kom avgjerd om å leggje ned fangeleiren.

– Er det mogleg å redde fangeleiren?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er redd for at det er vanskeleg, men eg vil sjå på kva som er mogleg. Er det slik at det ikkje er behov for desse plassane, er det vanskeleg å argumentere for dei, svarar Hoksrud.

Prostidiakonen reagerer

Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark, sende straks eit skriv til dei seks stortingsrepresentantane frå Telemark då han såg meldinga om at fangeleiren i Fyresdal blir lagt ned.

– Etter mange år som diakon ved skogsleiren meiner eg at ein missar noko heilt avgjerande i kriminalomsorga om leiren vert borte. I denne samanhengen meiner eg at arbeidsplassane er underordna, men det handlar om kva me tenker skal til for at innsette kjem tilbake til samfunnet.Eg meiner skogsleiren er ein god stad for innsette, der dei får sosial trening, lærer arbeidsteknikkar og møter gode tilsette.Alt dette lettar rehabiliteringa. «Her i leiren har eg teke til å kjenne meg som eit menneske», sa ein etter ei tid i skogsleiren.Det er dette det handlar om, at folk kjenner at dei er verdifulle. Sonar, gjer seg ferdig med straffa og kjem seg vidare med livet. Det er mennesket som er den store verdien. Det er menneske me er sett til å hjelpe fram. Men på den vegen treng me stader som skogsleiren i Fyresdal.Difor må me ikkje kvitte oss med institusjonar og tilbod som bygger opp menneske, skriv prostidiakonen til Telemarksbenken.