Frå 3. desember til 30. april neste år blir Spjotsodd bru i Kviteseid stengt for tunge køyretøy.
Frå 3. desember til 30. april neste år blir Spjotsodd bru i Kviteseid stengt for tunge køyretøy.

Vakter heile døgnet skal sjå til at tunge køyretøy ikkje køyrer over brua

Bergingsbil vil bli stasjonert på toppen av Skafsåberget i vinter for å bistå raskt om uhellet er ute på omkøyringsvegen.

Måndag 3. desember blir som kjent Spjotsodd bru på Rv41 i Kviteseid stengt for alle køyretøy over 3,5 tonn, med unntak av ambulanse i uttrykking.

– Årsaka til at ikkje tunge køyretøy kan køyre over brua medan ombygginga pågår, er fordi bevegelsane i brua kan føre til at dei som arbeider kan kome i klem og bli alvorleg skadd, seier byggjeleiar Halvor Uldal Kåsa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må tole dagens trafikkmengde

Statens vegvesen vil gjennom heile døgnet ha vakter på båe sider av brua for å vera sikre på at ingen køyrer ulovleg over ho.

– Det blir eitt køyrefelt som er ope. Derfor vil me også nytte leiebil for bilistane, seier Kåsa.

Brua blir stengt i fem månader medan arbeidet med å syte for at hengebrua kan tole dagens trafikkmengde blir utført.

Medan arbeidet pågår vil det vera ein brannbil stasjonert på Vrådal-sida.

Personbilar får passere.

Les også:Meiner næringslivet i Kviteseid blir prioritert over tryggleiken i Tokke

Må køyre om Skafså

Brua blei opna i 1963. Konstruksjonen tek ikkje høgde for dagens trafikkbilde. Etter ombygginga vil brua takle fullasta vogntog i båe retningar samstundes.

– Fordi dette er ei gamal hengebru bevegar heile brua seg mykje når tunge køyretøy passerer. Dette betyr også at bruplata slår inn i tårna på kvar side. Dette slit på brua, seier Kåsa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brua skal få nytt fagverk på undersida slik at ho blir stivare enn i dag.

Det er ikkje mange moglege omkøyringsvegar, men det vil bli skilta frå E134 i Åmot via Fv38 om Dalen og Skafså. Andre vegen blir trafikken leia ned Skafsåberget og til Åmot. Dette er ei smal strekning med kraftig stigning, på det meste 12 prosent. Spesielt om vinteren er det venta utfordringar, og møtande trafikk blir oppmoda om å vise ekstra omsyn.

Det er laga lommer både i botn og i toppen av bakkane for å gjera det lettare å leggje på kjetting. På toppen vil det dessutan vera stasjonert ein bergingsbil for lettare å kunne bistå om uhellet er ute.

Fv 45 om Eidsborg og Høydalsmo blir rekna som ueigna til tunge og lange køyretøy, opplyser Vegvesenet i ei pressemelding.

Arbeidet på Spjotsodd bru held fram også etter 1. mai 2019, men då vil det også vera mogleg å passere for tungtrafikken.  

Les også: Vil skåne turistnæringa

Les også:Slepp sommarstenging av brua