Når Fjone skule snart blir lagt ned vil nokon at elevane skal høyre til Kyrkjebygda krins på andre sida av Nisser, medan posisjonspolitikarane i formannskapet tilrår Tveit krins to mil lenger sør.
Når Fjone skule snart blir lagt ned vil nokon at elevane skal høyre til Kyrkjebygda krins på andre sida av Nisser, medan posisjonspolitikarane i formannskapet tilrår Tveit krins to mil lenger sør.

Usemje om val av skulekrins

Med berre fire elevar på Fjone skule frå hausten av er foreldre i bygda, rådmannen og formannskapet samde om at nærmiljøtilbodet blir avvikla. Det dei ikkje er samde om er kva skulekrins elevane nå skal høyre til.

Ved Fjone skule er det i dag elleve elevar. Foreldre til fem av dei har søkt om og fått godkjent at barna heller får gå på skulen i Treungen frå august, fordi det er eit for lite sosialt miljø ved grendeskulen. Etter overflyttinga viser prognosar at elevtalet på Fjone skule frå 2018–2022 ligg på tre–fire elevar.

Etter høyringsrunde svarar både samarbeidsutvalet (SU) og foreldras arbeidsutval (FAU) ved Fjone skule at det er rett avgjerd at skulen blir lagt ned. Dette har også rådmannen og formannskapet slutta seg til i tilrådinga som går til kommunestyret 24. mai for endeleg avgjerd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har skapt uro

Vidare meiner SU og FAU at den beste løysinga for elevane på Fjone er å ha Kyrkjebygda som skulekrins. Båe påpeikar elles at det burde vore arbeidd meir med å sikre heilårsdrift av ferja over Fjonesundet.

«Den usikre framtidige drifta av ferga har skapt uro hjå føresette. I dag har alle elevane valt Tveit skule. Dei trur ikkje kommunen har vilje til å satse på heilårsferge», skriv SU.

Beredskapsordning

Sakshandsamar og skulesjef i Nissedal kommune, Sissel Bronken, konstaterer at ingen elevar frå Fjone har søkt om å gå på skulen i Kyrkjebygda komande skuleår. Dermed ser det ikkje ut til å vere aktuelt med skuleskyss med ferga i ein kommune der det er fritt skuleval. Vidare blir det påpeika i saksutgreiinga at ved stans i ferga, vil elevar frå Fjone som likevel skulle ynske å ha skulegang i Kyrkjebygda, få fire mil dit når dei må køyre om Treungen.

«Ein er avhengig av beredskapsordning der nokon står klare til å frakte elevane frå Fjone til Kyrkjebygda i bil. Rådmannen vil rå kommunestyret til å tenkje seg godt om i denne saka. Ved bruk av ferga i den stand den er i dag, blir skuleskyssen like usikker anten det er få eller mange som vel å gå på Kyrkjebygda skule», skriv Bronken.

Vil høyre på foreldra

Tilrådinga frå rådmannen er at elevar frå Fjone høyrer til Tveit krins (skulen i Treungen). Dette var posisjonspartia KrF og Ap samd i då saka blei diskutert i formannskapet i mai. 

– For min del er det viktig å høyre kva foreldre på Fjone meiner. Eg føreslår at elevane på Fjone høyrer til Kyrkjebygda krins, sa Kristine Sandall (H).

Ho fekk berre med seg Sp-representanten Knut Oddvar Nes på det synet.

Vidare fekk KrF og Ap med i tilrådinga si til kommunestyret at som ei særordning blir det tilbode kommunalt finansiert skuleskyss for dei som ynskjer å nytte Kyrkjebygda skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha kortast mogleg skuleskyss

Transporten av ungdomsskuleelevane frå Fjone til Treungen har gått via Heimdal, men det ynskjer politikarane ein slutt på frå august, i ei tid der også yngre elevar frå Fjone skal sitte på. 

Telemark fylkeskommune er ansvarleg for skuleskyssen og har i eit skriv til Nissedal kommune skissert at det frå august i staden blir buss frå Nordbygda/Kyrkjebygda. Han skal etter å ha kome til Treungen ta turen til Heimdal for å ta med elevar der.

«Om ungdomsskuleelevane frå Nordbygda/Kyrkjebygda vel å sitje på via Heimdal eller gå av ved skulen lyt vere opp til dei. Dei får ei samla reise- og ventetid på om lag 45 minuttar», skriv fylkeskommunen.

Då formannskapet diskuterte skuleskyssen i mai-møtet, sa Runa Vee Tveit (Ap) at det var ikkje meininga at elevane frå Nissedal skal få ekstra lang skuleskyss nå når dei frå Fjone skal sleppe å bli med rundt Heimdal. Vidare var ho oppteken av at også dei frå Felle skulle få meir direkte skuleskyss, i staden for fleire stopp i Treungen sør undervegs. Ho undra på om elevane i det området kunne bli tatt opp av buss som starta i Heimdal.

Skulesjef Sissel Bronken skaut inn at fylkeskommunen si uttale om samla reise- og ventetid på 45 minuttar frå Nordbygda/Kyrkjebygda ikkje er rett. Det er snakk om heile éin time og eit kvarter reise- og ventetid før skulen startar klokka 09.00 i Treungen.

Formannskapet var samde om at ein må sjå nærare på skuleskyss, og bad skulesjefen kalle inn til eit møte med rådmannen, lokale politikarar, bussrutene og fylkeskommunen så fort som råd.