Tysdag heldt Olav Urbø (Sp) frå Tokke si fyrste tale frå Stortingets talarstol.
Tysdag heldt Olav Urbø (Sp) frå Tokke si fyrste tale frå Stortingets talarstol.

Urbø på Stortinget igjen

Olav Urbø frå Tokke er tilbake på Stortinget som vararepresentant for Åslaug Sem-Jacobsen. Tysdag denne veka heldt han si fyrste tale frå Stortingets talarstol.

Urbø har teke Sem-Jacobsens plass i Familie- og kulturkomiteen tre veker i mai, og han skal vere på Stortinget ut månaden. Sem-Jacobsen er sjukmeldt i denne perioden. Urbø var også tidlegare i vår på plass nokre dagar på Løvebakken som vara for Sem-Jacobsen. 

Tala til Urbø handla seg om den nye åndsverklova som Stortinget vedtok sist tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

«For Senterpartiet har det vore viktig å få til eit breitt forlik. Det har ein fått til. Det betyr at òg at lova står seg over tid, men sjølvsagt med dei tilpassingar som må gjerast – særleg i høve til den digitale utviklinga. Det har òg vore viktig for Senterpartiet å få til ein balansert lov, noko det har blitt. Ein skal sikre inntekter for utøvande kunstnarar, forfattarar etc. Samstundes må dette balanserast slik at det ikkje fører til unødig risiko for mediehus, teater, produksjonsselskap og forlag som skal investere i oppsettingar og prosjekt. I tillegg ein balanse i høve til samfunnets interesser.»

Dette er berre ein liten del av tala som Urbø heldt tysdag.

– Det er nokså høgtideleg å stå på Stortingets talarstol. Det er ein spesiell sal å vere i og tale i, men utover det kan eg ikkje seie at eg var særleg nervøs. Bakgrunnen for det er vel at eg er vant til å tale for større forsamlingar, seier Urbø.

– Blir det fleire minuttar på talarstolen neste veke?

– Det blir i alle fall seks innlegg neste veke, så det blir meir taletid på meg, svarar Olav Urbø som trivst på Løvebakken.

– Det er artig og interessant å vere der, avsluttar han.