Vilde Maria Bahrim Gjerlid, Anne Marte Eikåsen, Helene Øverland, Amalie Orkås Vinje og Vilde Winther Pettersbakken. Framme frå venstre: Helene Dahl Kasland, Åsne Manheim og Anne Solveig Nordbø saman med trenar Ida-Helene Bruun Syversen. (Privat foto)

Unge handballspelarar på turnering

Handballjentene på Seljord J8 tok laurdag turen til Notodden for turneringsspel saman med maskoten «Brum-Brum».

Tre kampar blei spela for jentene på 8-årslaget til Seljord då dei deltok i ei miniturnering på Notodden laurdag. Med seg på turen var også sjølvsagt «Brum Brum» – lagets maskot.

Men det er ikkje berre seljordingar på laget, tre av spelarane kjem mellom anna frå Nissedal, og mor til ein av spelarane rosar Seljord IL for å ha tatt dei unge nissedølane godt imot – noko som betyr venskap og opplevingar på tvers av kommunegrensene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Annankvar veke trenar dei tre nissedølane med aldersblanda lag i Nissedal, medan dei andre vekene tar dei turen for å trene saman med resten av laget i Seljord.

Gutane sin tur

Sundag tok trenar Ida-Helene Bruun Syversen turen til Notodden på ny, då med gutar 9 år frå Seljord.

– Dei yngste spelarane møtest til miniturneringar der dei spelar tre kampar etter kvarandre, dette gjer me om lag ein gong i månaden. Gutane skal spele turnering både i mars og april også, medan jentene skal spele att i april, seier Syversen og legg til at handballspelarane trenar ein gong i veka på Granvin i Seljord.

Anne Solveig Nordbø (t.v.), Vilde Winther Pettersbakken og Kari Helene Tveit likar godt å spele handball. Her saman med handball-maskotten «Brum-Brum». (Privat foto)
Anne Solveig Nordbø (t.v.), Vilde Winther Pettersbakken og Kari Helene Tveit likar godt å spele handball. Her saman med handball-maskotten «Brum-Brum». (Privat foto)
Jentelaget frå Seljord tok turen til Notodden for å spele miniturnering denne helga. (Privat foto)
Jentelaget frå Seljord tok turen til Notodden for å spele miniturnering denne helga. (Privat foto)