(Illustrasjonsfoto)
(Illustrasjonsfoto)

Ung bilførar til legevakta etter utforkøyring

Torsdag morgon køyrde ein bil av vegen i ei høgrekurve ved Gåstjønnhøgdi i Tokke kommune.

Politiet i Sør-Aust melde på Twitter om ei utforkøyring klokka 07.12 torsdag morgon. 

Føreren, ein ung mann i slutten av tenåra, vart frakta til legevakta i Seljord med ambulanse etter ulykka som skjedde ved Gåstjønnhøgdi mellom Åmdals Verk og Krossli på fylkesveg 38. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kom til staden, og melder at det var ein bil som var involvert i utforkøyringa. Bilen hadde sklidd om lag 10 meter ut av vegen i ei høgrekurve og treft eit tre. Den hadde ein del materielle skadar.

Politiet skriv også på Twitter at fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen, men det har kome 10 centimeter nysnø, temperaturen er 1,5 plussgrader og det var glatt. 

#Tokke#Fv. 38 Gåstjønn kl. 0712

Ambulanse og politi har rykket ut til en trafikkulykke hvor en enslig personbil har kjørt av veien og truffet et tre. Politiet har nettopp ankommet stedet. Oppdateres.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)29. november 2018